Tord André Lien
Tord André Lien (fødd 10. september 1975 i Øksnes i Nordland) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han hadde fast plass på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke frå 2005 til 2013. Lien var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016.
Tord André Lien | |
Tord André Lien
Foto: FrPMedia | |
Fødd | 10. september 1975 (45 år) |
---|---|
Parti | Framstegspartiet |
1. verv | Norsk olje- og energiminister |
- periode | 16. oktober 2013–20. desember 2016 |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Ola Borten Moe |
- etterfylgjar | Terje Søviknes |
2. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 1. oktober 2005–30. september 2013 |
Tord André Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003. Han var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.
I januar 2017 blei han tilsett som regiondirektør for NHO i Trøndelag.[1]
StortingskomitearEndra
- 2005–09: medlem i energi- og miljøkomiteen
- 2009–: andre nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
KjelderEndra
- ↑ «Fra statsrådsjobb til NHO Trøndelag», www.nho.no (på norsk), henta 6. januar 2020