Tore O. Sandvik
Tore Onshuus Sandvik (fødd 31. august 1969), oppvaksen på Kolstad i Trondheim, er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.
Tore O. Sandvik | |
![]() Tore Onshuus Sandvik Foto: Jarle Vines | |
Fødd | 31. august 1969 (52 år) Trondheim |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Han er fylkesordførar i Trøndelag fylke, og var den siste fylkesordføraren i Sør-Trøndelag fylke. Han vart vald til fylkesordførar i 2003, og vart vald på nytt ved lokalvalet i 2007 etter at Arbeidarpartiet gjekk fram med 10,5 prosentpoeng til 41,3 prosent i fylkestingsvalet i Sør-Trøndelag.
Som fylkesordførar har Sandvik særleg vore oppteken av regional næringspolitikk, og har mellom anna vore med-initiativtakar til næringspolitisk regionalsamarbeid med Kina, og det bedriftsretta programmet «Innflagging Trøndelag». Han har også styrkt samarbeidet mellom styresmakter og NTNU, SINTEF og næringsliv i trøndelagsregionen.
Sandvik var i ein periode frå 2001 statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, og seinare prosjektdirektør i IT-selskapet Extend AS. Før dette var han ungdomssekretær i LO i Sør-Trøndelag og visepresident i europeisk LO sin ungdomsorganisasjon, ETUC Youth.
Sandvik gav i 2004 ut boka Et nytt nei saman med partifellane Wegard Harsvik, Jo Stein Moen og Anne Marit Bjørnflaten.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Tore O. Sandvik» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2011.