Opna hovudmenyen

Tormod Haugen (fødd 12. mai 1945 i Nybergsund, død 18. oktober 2008) var ein norsk forfattar og omsetjar, kjend for å skriva fantastisk barnelitteratur.

Tormod Haugen
Nurmud Haugen.jpeg
Fødd 12. mai 1945
Trysil
Død

18. oktober 2008
Oslo

Yrke språkforskar, skribent, omsetjar, barnebokforfattar

Tormod Haugen studerte tysk, kunsthistorie og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som forfattar med barneboka Ikke som i fjor i 1973, sidan har han skrive ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker av høg kvalitet.

Haugen vart tildelt fleire internasjonale litteraturprisar, mellom anna H.C. Andersen-prisen som han fekk i 1990. I 1984 vart han første forfattar til å verte nominert til Nordisk Råds litteraturpris for ei barnebok. Bøkene hans har vorte omsette til mange språk.

Som omsetjar har Haugen òg stått bak fleire kjende verk, mellom anna Narnia-serien av C. S. Lewis.

PrisarEndra

BøkerEndra

  • 1973 Ikke som i fjor
  • 1974 Til sommeren - kanskje
  • 1975Nattfuglene
  • 1976Zeppelin
  • 1977Synnadrøm
  • 1979Joakim
  • 1980Slottet Det Hvite
  • 1983Dagen som forsvant
  • 1984Vinterstedet
  • 1986Romanen om Merkel Hansen og Donna Winter og den store flukten
  • 1988Farlig ferd
  • 1989Skriket fra jungelen
  • 1991Øglene kommer
  • 1992Tsarens juveler
  • 1993På sporet av frøken Detektiv
  • 1996Georg og Gloria (og Edvard)
  • 1997Hjerte og smerte (og Taj Mahal)
  • 1998Hellou og guddbai (og høstens regn)
  • 1999Luftvandreren
  • 2001I lyset fra fullmånen
  • 2002Prinsusse Klura og dragen
  • 2003 – Prinsusse Klura og Pellus
  • 2005 – Doris Day og tordnvær

KjelderEndra