Tornike Kipiani (fødd 11. desember 1987), òg kalla «Kipo», er ein georgisk songar. Kipiani skulle representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Take Me as I Am», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden representerte Kipiani Georgia i Eurovision Song Contest i 2021 med låten «You».[1][2]

Tornike Kipiani
Fødd11. desember 1987 (37 år)
FødestadTbilisi
Fødenamnთორნიკე ყიფიანი
OpphavGeorgia
Aktiv2014–
Sjangerrock and roll
Verka somsongar

Bakgrunn

endre

Kipiani vart fødd i Tbilisi 11. desember 1987 og vart kjend i Georgia då han vann georgisk X Factor i 2014. Mentoren hans var den georgiske artisten Tamta, som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2019.[3]

Kipiani deltok i den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2017 med songen «You Are My Sunshine». I 2019 vann han georgiske Idol med 33,82 prosent av telefonrøystene. Gjennom sigeren fekk han representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland,[4] men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden fekk Kipiani representere Georgia i Eurovision Song Contest i 2021.[1][2] I semifinalen enda Kipiani og songen hans «You» på ein 16.-plass og gjekk dimed ikkje vidare til finalen.[5]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «🇬🇪 Tornike Kipiani to represent Georgia in Eurovision 2021» (på engelsk). 19. mars 2020. Henta 19. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020. 
  3. «Tornike Kipiani wins Georgian Idol and will go to Eurovision 2020» (på engelsk). 31. desember 2019. Henta 11. januar 2020. 
  4. «Tornike Kipiani». eurovision.tv. januar 2020. Henta 11. januar 2020. 
  5. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021.