Trappistordenen eller trappistane (O.C.s.O.: Ordo Cisterciensis Strictioris Observantiae) er ein kontemplativ katolsk religiøs orden av munkar og nonner som lever etter Benedikt-regelen.[1] Ordenen i den noverande forma si blei stifta av Armand Jean Le Bouthillier de Rancé i 1664,[2] og har namn etter hovudklosteret La Trappe i departementet Orne i Normandie.

Trappistordenen

Skipa1098
Nettstadhttp://www.ocso.org/
Trappistmunkar frå Sint-Sixtusabdij Westvleteren nær Westvleteren i Belgia.

Historie

endre
 
Det tyske trappistklosteret Mariawald.

Cisterciensarklosteret La Trappe var frå 1140 (eller 1122) midtpunktet i abbediet Notre Dame de la Maison-Dieu. Munkane ved klosteret utmerkte seg fram til 1400-talet med ein fromheit og arbeidssamheit utanom det vanlege, men dei auka rikdommane skal ha ført til eit forfall som med tida var så stort at munkane blei kjende som «La Trappe-bandittane» på grunn av dei ville liva og valdshandlingane sine.

Slik var forholda, då «de Rancé» ca. 11 år gammal i 1637 blei utnemnd til abbed for klosteret, av omsyn til inntektene. Etter enda novisiat i 1644 overtok han sjølv i året like etter abbediet, og gjennomførte ei gjennomgåande reform.

Ordensliv

endre

Trappistane lever framleis etter dei klosterreglane, som Rancé utskreiv. Dette inneber at trappistmunkane forlèt den halmfylte senga, og den vesle teppebiten dei dekkjer seg med, klokka 2 om morgonen. 11 timar i døgnet er avsette til religiøse betraktningar, bøn og song, og seks–sju til fysisk arbeid i klosteret, skogen eller på markene. Dei einaste avbrota er dei spartanske måltida som består av grovt brød, grønsaker, frukt og vatn. Klokka 19 om vinteren og klokka 20 om sommaren sluttar trappistmunkane dagen sin, der dei etter kveldsbøna arbeider nokre minutt med dei kommande graven sine i klostergarden. Trappistmunkane får ikkje snakka bortsett frå i samband med bøn og song, eller den vanlege helsinga i klosteret: «Memento mori» (‘hugs at du skal døy’). Ønske og behov må uttrykkjast ved ei form for teiknspråk. Vitskapleg og intellektuelt arbeid er forbode.

Ordensdrakta består av ei gråkvit ullkappe med vide erme og ei brei lêrreim om livet, der det heng ein rosenkrans og ein kniv som symbol på bøn og arbeid. I tillegg kjem ei svart ullhette med to fotbreie svarte band, som på ryggen heng ned til knehøgd, og tresko. Ut over dei eigentlege munkane, som er oppdelte i to klassar, husar trappistklostera også såkalla frères donnés, som berre oppheld seg der i ein avgrensa periode og då lever etter klosterreglane.

Varer til sals

endre

Det 48 kapittelet i Benedikt-regelen seier «for då er dei i sanning munkar, om dei lever av handarbeidet sitt.»[3]

I samsvar med denne regelen produserer dei fleste trappist-kloster varer som igjen blir selde for å skaffa inntekter til klosteret. Varene kan variera frå ost, brød og andre matvarer til klede og kister. Sidan ordenen ikkje krev fråhald frå alkohol, produserer og sel nokre kloster alkoholhaldige drikker, som regel øl. Nokre kloster i Belgia og Nederland, som Orval og Westvleteren, bryggjer både øl til munkane og til sals for allmenta. Trappistøl er overgjæra og vil som regel bli betre etter lagring.[4] Dette ølslaget er blitt kjent, og blir rekna av mange ølentusiastar for å vera blant dei beste i verda.[4]

Trappistar i ulike land

endre

Noreg

endre

Tautra Mariakloster er eit trappistisk nonnekloster på Tautra i Trondheimsfjorden som blei skipa i 1999. Det driv med såpeproduksjon.[2]

Kjelder

endre
  1. «Order of Cistercians of the Strict Observance: OCSO», ocso.org, henta 9. juli 2024 
  2. 2,0 2,1 «Trappistordenen» (19. mai 2023) i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Rule of Benedict, Chapter 48 Arkivert 3. januar 2007 på Wayback Machine.. From the 1949 Edition. Translated by Rev. Boniface Verheyen, OSB of St. Benedict's Abbey, Atchison, Kansas.
  4. 4,0 4,1 Michael Jackson's Beer Hunter - Chastity, poverty and a pint

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Trappistordenen