Treklatrarar
Stripetreklatrar, Rhabdornis mysticalis
Stripetreklatrar, Rhabdornis mysticalis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Treklatrarar Rhabdornithidae
Slekt: Treklatrarar Rhabdornis
Reichenbach, 1853

Treklatrarar, tidlegare kalla filippintrekryparar,[1] er fire artar av små sporvefuglar som gjer ut for slekta Rhabdornis. Slekta er endemisk til Filippinane. Somme autoritetar reknar Rhabdornis som einaste slekta i sin eigen familie Rhabdornithidae. Clementslista, versjon 6.6 frå august 2011[2] tok inn slekta i starefamilien.

Treklatrarar liknar trekryparar, Certhiidae, i utsjånad med mørk brun overside og lys underside. Dei har ei kvit augestripe.[1] Kjønna har ulike farger i fjørdrakta. Dei søkjer insekt i borken med det svakt nedoverbøygde nebbet. Tunga er børsteliknande og gjer dei dessutan i stand til å ta nektar frå blomar og dei kan òg ete av frø og frukt. Dei har sterke bein med lange klør. Treklatrarar plasserer reiret i ei sprekk i treet. Dei er ikkje trekkfuglar, anna enn ved lokale streif.

ArtarEndra

Treklatrarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Stripetreklatrar, Rhabdornis mystacalis, Stripe-sided Rhabdornis, Temminck, 1825, (LC)
  • Stortreklatrar, Rhabdornis grandis, Long-billed Rhabdornis, Salomonsen, 1953, (LC)
  • Bruntreklatrar, Rhabdornis inornatus, Stripe-breasted Rhabdornis, Ogilvie-Grant, 1896, (LC)
  • Gråkronetreklatrar, Rhabdornis rabori, Visayan Rhabdornis, Rand, 1950, (VU)[5]

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 Artikkel treklatrere på snl.no
  2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. januar 2012 
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  5. BirdLife International (2019) Species factsheet: Rhabdornis rabori Henta 10. mai 2019

BakgrunnsstoffEndra