Trine Skymoen (fødd 24. september 1959 i Skodje) er ein norsk diplomat. Ho har vore norsk ambassadør til Slovakia, Sør-Afrika og frå 2020 til Ungarn.

Trine Skymoen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. september 1959 (65 år)
Skodje kommune
Yrke diplomat, statsvitar

Karriere

endre

Skymoen er utdanna cand.polit. i statsvitskap med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Etter endt utdanning byrja ho i 1986 som aspirant i Utanriksdepartementet.[1]

Skymoen hadde si fyrste utanlandsstasjonering i Elfenbeinskysten (1988–1991) og var deretter ved den norske delegasjonen til SN i New York (1991–1994). Frå 1994 til 1996 var Skymoen chargé d'affaires ad interim ved den norske ambassaden i Beograd i det som då var Den føderale republikken Jugoslavia. Skymoen var deretter frå 1996 tilbake i Oslo som rådgjevar i departementet før ho i 1998 blei utnemnd til ambassaderåd ved Den norske delegasjonen til OSSE i Wien. Ho blei i 2001 forfremma til ministerråd same stad.[2] Frå 2003 til 2005 var ho seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor, frå 2005 til 2008 var ho i leiinga for avdelinga for tryggleiksspolitikk og nordområda i Utanriksdepartementet og 2008 til 2009 var hun seniorrådgjevar i avdelinga for SN og globale spørsmål. I 2008 gjennomgjekk ho Forsvarets høgskole.

Skymoen blei i 2009 utnemnd til norsk ambassadør i Bratislava i Slovakia.[3] Etter ein periode som fagdirektør, blei Skymoen i juni 2014 utnemnd til ambassadør i Sør-Afrika.[4] I november 2014 følgde sideakkreditering til Botswana.[5] Ho hadde også ansvar for Lesotho, Madagaskar og Namibia.[6]

Etter ein periode som seniorrådgjevar, blei Skymoen i april 2020 utnemnd til ambassadør i Ungarn.[7]

Utmerkingar

endre

I 2010 utnemnde kong Harald V 2010 Skymoen til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsforteneste».[8]

Kjelder

endre
  1. «Aspiranter til UD», Aftenposten, 23. juni 1986, s. 10.
  2. Offisielt fra statsråd, regjeringen.no, 2. mars 2001.
  3. Offisielt fra statsråd 6. mars 2009, regjeringen.no.
  4. Offisielt frå statsrådet 20. juni 2014, regjeringen.no Lest 23. november 2014.
  5. Offisielt frå statsrådet 14. november 2014, regjeringen.no Lest 23. november 2014.
  6. Norges ambassadører, regjeringen.no Lest 23. november 2014.
  7. kontor, Statsministerens (3. april 2020). «Offisielt frå statsrådet 3. april 2020». Regjeringa.no. Henta 13. juli 2020. 
  8. Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no.

Bakgrunnsstoff

endre