Gulbeinsnipe

fugleart
(Omdirigert frå Tringa flavipes)
Gulbeinsnipe
Gulbeinsnipe Foto: Wolfgang Wander
Gulbeinsnipe
Foto: Wolfgang Wander
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Gulbeinsnipe T. flavipes
Vitskapleg namn
Tringa flavipes

Gulbeinsnipe (Tringa flavipes) er ein vadefugl i snipefamilien som hekkar i Nord-Amerika og overvintrar i den sørlege delen av Nord-Amerika og i mykje av Sør-Amerika. Streiffuglar av denne arten blir år om anna observerte i Noreg.[1]

Skildring endre

Gulbeinsniper når ei kroppslengd 23 til 25 centimeter. Vengespennet er på 59 til 64 cm. Vekta varierer mellom 48 og 114 gram. Det mørke nebbet er relativt kort, tynnt og rettpeikande, beina er lange og karakteristisk gulfarga.[2] Irisen er mørke brun.

I hekkefjørdrakta har gulbeinsnipa eit bleikgrått eller kvitaktig hovud, med fint stipla mørkebrunt. Eit ikkje skarpt definert augebryn går over auget nesten til halsen. Ein kvit augering og ei kvit hake er godt synleg. Undersida av kroppen er kvitaktig eller bleikgrå medan brystet har mørkebrune flekker. Oversida er mørk brun med kvite og lys grå flekker. Halen er kvit eller lys grå og har tynne mørke tverrstriper. Vinterdrakta er meir avdempa og bleik i fargene, framleis flekka, men meir i grått der hekkedrakta er brun.

Unge fuglar liknar vaksne om vinteren, med meir utvaska brunfarger og mindre tydelege streker.

I den sørlege delen av hekkeområdet kan gulbeinsnipa bli forveksla med plystresnipe som overlappar utbreiingsområdet her. Fjørdrakta til dei to artane er nesten identiske, men plystresnipa er større med relativt lengre nebb og bein.

Utbreiing og åtferd endre

Gulbeinsnipa er ein nearktisk art. Hekkeområdet ligg i eit breitt belte frå den sørlege kysten av Hudsonbukta nordvestover tvers over kontinentet til nordvestkysten av Britisk Columbia og dessutan i store delar av indre Alaska.

Det er ein trekkfugl og trekkjer i vintermånadene til det sørlege USA, Mellom-Amerika og Karibia. I vintermånadane kan ho òg treffast gjennom Sør-Amerika heilt sør til Tierra del Fuego.

Hekkehabitata for gulbeinsnipa inkluderer våtmarker ved høg skog, myrlendte område og våte grassletter. Om vinteren òg meir kystnære våtmarker, laguner og strandbankar. Gulbeinsnipa et stort sett virvellause dyr, som ho plukkar frå vassoverflata eller bakken. Ho kan òg ta småfisk og frø.

I vintermånadene er gulbeinsnipe hovudsakleg sosiale fuglar. Denne åtferda er mindre typisk i hekkesesongen, sjølv om dei av og til hekkar i små, lause koloniar. Gulbeinsniper er monogame innanfor kvar hekkesesong.

Reiret er ganske enkelt ei grunn senking i bakken, godt skjult i vegetasjonen. Kullet består vanlegvis av fire egg. Rugetida er 22 til 23 dagar. Begge foreldra er involverte i ruging. Ungane er reirflyktarar, og dei er flygedyktige etter 22 til 23 dagar. Gulbeinsniper hekkar første gongen i ein alder av to år.

Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 270 000 kjønnsmodne individ, og er minkande.[3]

Kjelder endre

Artikkel gav denne kjelda:
  • Richard Sale: A Complete Guide to Arctic Wildlife, Christopher Helm, London 2006, ISBN 0-7136-7039-8.
Referansar
  1. Søk på artsobservasjoner.no den 27. juni 2016
  2. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Lesser Yellowlegs (Tringa flavipes) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. juni 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa flavipes. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. juni 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulbeinsnipe