Trondhjems Mekaniske Værksted
Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV) var eit skipsverft i Trondheim. Verftet vart grunnlagt i 1872 og nedlagt i 1983. Det leverte fleire skip til Hurtigruta.
Skipinga av TMV
endreI 1862 vart det oppretta eit aksjeselskap som skulle vidareføre drifta av det mekaniske verkstaden Fabriken ved Nidelva. Teknisk styrar av verksemda vart John Trenery, som hadde bygt opp verkstaden.[1] Det vart utvida med eit moderne skipsverft på Øvre Bakklandet, med tre beddingar og eit kaianlegg. Eitt av oppdraga til verftet på denne tida var DS «Indherred», som var bestilt av Stenkjær dampskibsselskab.
I 1872 vart verftet slått saman med jernstøyperiet og verftet Trolla Brug under namnet Trondhjems mekaniske verkstæd. Då hadde verksemda om lag 400 tilsette. Som følgje av den økonomiske verdskrisa midt på 1870-talet måtte verftet innskrenke mykje, og gjekk konkurs i 1876. I 1878 vart det starta ny verksemd under same namn, verftet vart omorganisert og hadde på 1880-talet igjen om lag 400 tilsette.
Sidan plasseringa til verftet ved elveslynga gjorde at det var avgrensa kor store skip som kunne byggast, kjøpte TMV i 1886 ei ny tomt i Rosenborgfjæra. I 1888 vart H. G. Jürgens tilsett som ny teknisk direktør, og stod for grunnlegginga av det nye verftet.
Gullalderen til verftet - 1890 til 1920
endreFlyttinga var fullført i 1895, og eit av dei første byggeoppdraga som vart ferdigstilt, var Hurtigruteskipet DS «Erling Jarl». Ved hundreårsskiftet vart verftet slått saman med Trondhjems Dokselskab og vart då eit av dei viktigaste skipsverfta i landet på denne tida.
TMV hadde då eit areal på 53 000 kvm. På fire beddingar kunne det byggast skip opp til 380 fot. I to tørrdokker på 280 og 310 fot kunne det gjerast reparasjonar. Standard skipsstorleik som vart bygt ved hundreårsskiftet var på om lag 1100 BRT. Verftet hadde om lag 700 tilsette og var den åttande største bedrifta i landet. Heile prosessen, frå planlegging til utrusting av skipa skjedde på verftet. Verftet hadde eige maskinverkstad, kjeleverkstad og støyperi. I snikkaravdelinga vart skipsinnreiingane produsert.
Verftet leverte i denne periode fleire skip til reiarlag over hele landet, i 1907 DS «Haakon VII» til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab.
Motgangstider for TMV - 1920 til 1960
endreDei økonomiske nedgangstidene etter første verdskrigen råka òg TMV. Mange kontraktar vart kansellert og mengda ordre vart sterkt redusert. Eit oppsving kom i gang i slutten av 1930-talet, men vart stoppa av andre verdskrigen.
Sidan Nidelv bru stengte Nidelva for større skip, bygde TMV ein dokk i Ytre hamnebasseng. Han vart i 1930 flytta til Nyhavna.
I 1940 overtok dei tyske okkupasjonsstyresmaktene styringa av verftet. Ein del uferdige byggeoppdrag vart ferdigstilt og levert til tyske reiarlag. TMV vart brukt til å reparere fartøy i tysk teneste.
I 1960 leverte verftet hurtigrutenskipet MS «Harald Jarl», som var byggenummer 244 ved TMV. Ved leveringa var ho det største skipet hurtigruteflåten.
Dei siste åra
endreTMV vart ein del av Aker-gruppa etter at Akers Mekaniske Verksted overtok aksjemajoriteten i 1960. I denne perioden vart det høvesvis produsert fiskefartøy. Det var høg aktivitet, og ein ny beddinghall vart reist i 1966.
Styresmaktene sette inn støttetiltak for å hjelpe verftsindustrien i den dårlege marknaden for nybygg på 1970-talet. TMV fekk kontrakt på nye hurtigruteskip og leverte i 1982 MS «Narvik» til Ofotens Dampskibsselskab. Same året bestemte Aker-konsernet at det skulle satsast på oljeverksemd. Etter ein periode med lite ordretilgang og permitteringar, vart bedrifta nedlagt i 1983.
Dei tidlegare områda til tidlegare område husar i dag den nye bydelen Nedre Elvehavn. Fleire av dokkene og bygningane er bevarte og gjev den nye bydelen eit særpreg.
Skip bygd ved Trondhjems Mek. Værksted
endreLista er ikkje fullstendig.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trondhjems Mekaniske Værksted» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Bratberg, Terje T. V.: Trondheim Byleksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo 1996 ISBN 82-573-0642-8
- Hansen, Finn R.: Trondhjems Mekaniske Værksted 1843-1983 – her byggedes skibe -, Trondheim 1995
Bakgrunnsstoff
endre- TMVs historie (Strinda historielag - WikiStrinda)
- TMVs historie Arkivert 2013-10-02 ved Wayback Machine. (Kilde- og kunnskapsbase for Trøndelag - kildenett.no)
- title=DigitaltMuseum:%20Søk:%20%20'tmv'%20 Historisk bildemateriale frå TMV (Digitalt Museum)
- Klipp frå NRK radio ved nedlegginga av TMV 12.10.1983
- TMVs private arkiv ved NTNU Universitetsbiblioteket