Tsetsefluge

insektslekt
(Omdirigert frå Tsetsefluger)
Tsetsefluge
Utbreiing
Utbreiinga av Tsetsefluge
Utbreiinga av Tsetsefluge
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Tovenger Diptera
Overfamilie: Hippoboscoidea
Familie: Glossinidae
Slekt: Tsetsefluge Glossina
Wiedemann, 1830

Tsetsefluger er ein liten familie av fluger som berre finst i tropisk Afrika. Dei er kjent som særs alvorlege smittespreiarar som spreier sovesjuke til menneske og nagana til husdyr. Tsetseflugene høyrer til dei såkalla pupipare-flugene, det vil seie at larvene utviklar seg inne i hoa og fødest først når dei sjølve er klare til å forvandle seg til pupper.

Utsjånad endre

 
Hovudet til ei tsetsefluge ved American Museum of Natural History.
Foto: Tam Nguyen
 
Geoffrey M. Attardo i PLoS Neglected Tropical Diseases

Tsetseflugene er mellomstore til store fluger med ein brunleg farge. Dei har ganske store hovud, med mellomstore, runde eller ovale fasettauge. Midtpartiet av panna er tydeleg skilt frå sidene med lengdefòrer. Langs kanten av dette midtpartiet sit rekkjer av korte, innoverbøygde børstar. Antennene er tre-ledda, det tredje leddet er kort stavforma og peikar nedover, med ein fjørgreina antennebørste (arista). Flugene manglar kinnbørste (vibrissa), og dei har ein lang, framoverretta, nåleaktig stikke- eller sugesnabel.

Brystdelen (thorax) er tydeleg delt i tre av tverrfòrer på oversida, der ein ofte òg kan sjå nokre mørke lengdestriper. Vengjene er store og forholdsvis smale, utan fargeflekker. Midt i vengja har tsetseflugene ei karakteristisk celle forma som ei øks. Beina er slanke.

Bakkroppen er noko flattrykt og kjegleforma, hjå gravide hoer er han kraftig oppsvulma ettersom dei ufødde, men fullvaksne larvene er like store som det vaksne insektet. Larvene er korte og runde, dei utviklar seg inne i bakkroppen til hoa og blir først fødde når dei er klare til å forpuppe seg.

Levevis endre

 
Utbreiing av tsetsefluger.

Tsetseflugene er vanlegast å finne i litt tørr busksavanne, og slekta er utbreidd over det meste av tropisk Afrika.

Fluger i overfamilien Hippoboscoidea, som tsetseflugene høyrer til, er spesialiserte parasittar. Begge kjønn syg blod, noko som er uvanleg mellom fluger og myggar der det vanlegvis berre er hoene som er blodsugarar. Dei går særleg til åtak på større dyr som antiloper og kveg (ein art ser ut til å spesialisere seg på elefantar), og det er berre nokre få artar som bit menneske. Bitet deira er ganske smertefullt. Flukta deira er lydlaus, så ein merkar sjeldan at dei kjem.

Formeiring endre

 
Skildring og utviklingsstadium av Glossina palpalis og G. morsitans.

Larvene utviklar seg éi og éi inne i hoa, noko som blir kalla falsk placenta. Utviklinga av kvar larve tek omtrent ei veke. Den nyfødde larva fell til bakken der ho snart forvandlar seg til ei puppe. Puppa blir gjerne klekt etter fire veker.

Sidan flugene berre legg éi larve om gongen er fruktbarheita for tsetsefluger, uvanleg låg til fluger å vere. Til gjengjeld tek dei så godt vare på avkommet sitt at overlevingsraten til larvene er uvanleg høg.

Smitte endre

Tsetseflugene spreier blodparasittar i slekta Trypanosoma (eit slags svepedyr) som framkallar sovesjuke hos menneske og nagana hos husdyr. Sovesjuke vert først og fremst spreidd av artane Glossina palpalis og G. tachinoides i Vest-Afrika og Glossina morsitans og G. pallidipes i Aust-Afrika.

Ein har freista å nedkjempa sovesjuka på ulike måtar, i mange tilfelle gjennom å prøva å utrydda tsetseflugene. Drastiske metodar er å fjerna krattvegetasjonen eller å utrydda dei ville dyra som er reservoar for sjukdomen, men dette fører til store økologiske problem. Like fullt har det vist seg å ha store negative følgjer når ein har drive kampanjar med å sprøyte store område med insektmiddel, og dei har heller ikkje vore effektive for å utrydde flugene.

Ein har oppnådd gode resultat ved å fanga tsetsefluger i spesialkonstruerte feller. Sidan tsetseflugene finst i høvesvis små bestandar (for fluger) kan fellefangst redusera bestanden i noka mon. Ein har òg hatt lovande resultat med å sleppa ut store mengder tsetsefluge-hannar som har vorte oppdretta i fangenskap og sterilisert. Hoene som desse hannane parrar seg med, får ikkje avkom og slik blir bestanden redusert. Desse tiltaka har lukkast på grunn av den låge fruktbarheita til tsetseflugene, som gjer at bestandane ikkje kan byggje seg opp att så fort som for andre fluger.

Trugsmålet frå flugene mot menneske og husdyr har også hatt ein annan effekt. Ved at dei spreier sovesjuke og særleg kvegsjukdommen nagana, har tsetseflugene gjort nokre område av afrikansk villmark nær ubuelege for menneske. Dette har vore ein viktig faktor for at ein del område med rikt dyreliv har vorte verna like til vår tid.

Systematisk inndeling endre

Det finst 23 artar i verda, ingen av dei i Noreg. Lista under innheld òg fleire underartar.

  • Tovenger (Diptera)
    • Høgare fluger (Cyclorrhapha)
      • Schizophora
        • Hippoboscoidea (Pupipara)
          • Tsetsefluger (Glossinidae)
            • Slekta Glossina
              • Artar som lever på savannar
                • Glossina austeni (Newstead, 1912)
                • Glossina longipalpis (Wiedemann, 1830)
                • Glossina morsitans - alvorleg sovesjukespreiar i Aust-Afrika
                  • Glossina morsitans centralis (Machado, 1970)
                  • Glossina morsitans morsitans (Wiedemann, 1850)
                  • Glossina morsitans submorsitans (Newstead, 1911)
                • Glossina pallidipes (Austen, 1903) - alvorleg sovesjukespreiar i Aust-Afrika
                • Glossina swynnertoni (Austen, 1923)
              • Artar som lever i skog
                • Glossina brevipalpis (Newstead, 1911)
                • Glossina fusca congolensis (Newstead and Evans, 1921)
                • Glossina fusca fusca (Walker, 1849)
                • Glossina fuscipleuris (Austen, 1911)
                • Glossina frezili
                • Glossina haningtoni (Newstead and Evans, 1922)
                • Glossina longipennis (Corti, 1895)
                • Glossina medicorum (Austen, 1911)
                • Glossina nashi (Potts,1955)
                • Glossina nigrofusca hopkinsi (Van Emden, 1944)
                • Glossina nigrofusca nigrofusca (Newstead, 1911)
                • Glossina severini (Newstead, 1913)
                • Glossina schwetzi (Newstead and Evans, 1921)
                • Glossina tabaniformis (Westwood, 1850)
                • Glossina vanhoofi (Henrard, 1952)
              • Artar som lever langs vassdrag
                • Glossina caliginea (Austen, 1911)
                • Glossina fuscipes fuscipes (Newstead, 1911)
                • Glossina fuscipes martinii (Zumpt, 1935)
                • Glossina fuscipes quanzensis (Pires, 1948)
                • Glossina pallicera pallicera (Bigot, 1891)
                • Glossina pallicera newsteadi (Austen, 1929)
                • Glossina palpalis - alvorleg sovesjukespreiar i Vest-Afrika
                  • Glossina palpalis palpalis (Robineau-Desvoidy, 1830)
                  • Glossina palpalis gambiensis (Vanderplank, 1911)
                • Glossina tachinoides (Westwood, 1850) - alvorleg sovesjukespreiar i Vest-Afrika

Kjelder endre

  • Jaenson, T.G.T. 1985. Medicinsk entomologi. Liber, Stockholm.