Tue Rechnung! Donnerwort
Tue Rechnung! Donnerwort, BWV 168, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 168 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 29. juli 1725 29. juli 1725 | ||
Publiseringsdato | 1887 | ||
Typisk lengd | 12:56 | ||
Satsar/akter | 6 |
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den niande sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1746-1749 i Leipzig.
Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Bartholomäus Ringwaldt (sjette sats)
Koraltemaet er basert på salmen «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut». Denne melodien er spora attende til salmar frå Görlitz i 1587 og Dresden i 1593. Görlitz-salmen heiter «Harmonia hymnorum». Ein kjenner ikkje til kven komponisten var.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Tue Rechnung! Donnerwort», Arie for bass
- «Es ist nur fremdes Gu, was ich in diesem Leben habe», Resitativ for tenor
- «Capital und Interessen meiner Schulden», Arie for tenor
- «Jedoch, erschrock'nes Herz, leb' und verzage nicht», Resitativ for bass
- «Herz, zerreiss' des Mammons Kette», Arie for sopran & alt
- «Stark' mich mit dienem Freudengeist», Koral
Kjelder
endre- «Tue Rechnung! Donnerwort». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 168 på bach-cantatas.com