Tuihonningetar

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Tui)
Tuihonningetar
Tuihonningetar, panna er farga av pollen Foto: Matt Binns
Tuihonningetar, panna er farga av pollen
Foto: Matt Binns
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Overfamilie: Meliphagoidea
Familie: Honningetarar Meliphagidae
Slekt: Prosthemadera
Art: Tuihonningetar P. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Prosthemadera novaeseelandiae

Tuihonningetar (Prosthemadera novaeseelandiae) er ein sporvefugl som er endemisk for New Zealand. Han er ein av dei største medlemmene i den mangfaldige honningetarfamilien.

Namnet på maori er tūī, og tui har òg blitt det vanlege trivialnamnet på engelsk.

Skildring endre

Denne fuglen ser tilsynelatande heilt svart ut, bortsett frå to små kvite fjørduskar på strupen og ei lite, kvitt vengeband. Ved nærare ettersyn kan ein observere at tuihonningetaren har falma, brunare flekker på ryggen og flankane, ein fleirfarga iriserande glans som varierer med lysvinkelen i farger som grønt, blåfiolett, og bronse. Små, kvitskafta fjører på nakken og sidene av halsen dannar ein bleika krage. Nebbet er svart og svakt nedkurva. Kroppslengda er 30 centimeter, hannar er tyngst ca. 120 gram og hoer 90 g, elles er kjønna like.[2]

Tuihonningetarar blir rekna å vere svært intelligente. Nett som papegøyar har dei evna til å imitere menneskeleg tale tydeleg,[3] og vart tidlegare trena av maoriar til å etterlikne kompleks tale.[4] Tuihonningetarar er òg kjente for sin støyande, uvanlege og individuelle læte, som kombinerer maorihonningetar-liknande tonar med klikk, latter, knaking, stønn og peselydar. Delar av songen er høgfrekvent og berre delvis hørbar for menneske. I tillegg til individuelle variasjonar finst det regionale variasjonar i lætet.[2]

Nektar er den normale dietten, men dei supplerer ofte med frukt og insekt, meir sporadisk med pollen og frø. Spesielt populær er dei to newzealandske plantane i slekta Phormium, der nektaren nokre gonger gjærar. Dei er dei viktigaste pollinatorane av Phormium, kowhai, Clianthus (kaka-nebb) og nokre andre plantar. Blomane av dei nemnte treslaga har form som svarar til tuihonningetaren sitt kurva nebb, eit døme på mutualisme.[5]

Hannar kan vere svært aggressive, jagar alle andre fuglar, store og små, frå territoriet deira med støyande læte. Dette gjeld spesielt for andre tuihonningetar når ein har funne eit tre med god føde. Hoa byggjer reiret og legg typisk 3 egg i november til desember. Ho rugar aleine og matar ungane aleine den første tida, etter det bidreg òg hannfuglen med føde.

Tuihonningetarar lever over det meste av hovudøyane på New Zealand, på Stewart Island/Rakiura og Chatham-øyane. Andre populasjonar har spreidd seg nord til på Raoul Island i Kermadec-øyane, og sør til Auckland-øyane. Dei er sjeldne på Sørøya aust for Søralpane og på Chatham-øyane.[2] Populasjonen har falle monaleg sidan den europeiske busetjinga tok til, hovudsakleg som eit resultat av omfattande øydelegging av habitat og predasjon frå pattedyrartar.

Likevel er ikkje arten rekna som trua og han har truleg gjort framgang på nokre område, planting både i byar og rurale område kan ha gjeve tilgang på føde året rundt.[2] Populasjonen er estimert til 3 500-15 000 individ, og er minkande.[6]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Oppslag på artsinformasjon i Avibase. Henta frå Avibase 21. september 2012
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  3. Videoar av ein 'talande' tuihonningetar, Whangarei Native Bird Recovery Centre. Henta 20. september 2012.
  4. Christina Troup. 'Small forest birds - Honeyeaters – bellbirds and tūī, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updated 2-Mar-09. Henta 20. september 2012.
  5. Kelly, Dave; et al. (2010). «Mutualisms with the wreckage of an avifauna: the status of bird pollination and fruit-dispersal in New Zealand» (PDF). New Zealand Journal of Ecology 34 (1): 66–85. Arkivert frå originalen (PDF) 29. desember 2011. Henta 20. september 2012.. 
  6. BirdLife International (2012) Species factsheet: Prosthemadera novaeseelandiae. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. september 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tuihonningetar