Tundralo

fugleart
Tundralo
Tundralo i hekkedrakt Foto: Tim Bowman
Tundralo i hekkedrakt
Foto: Tim Bowman
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tundralo
Utbreiinga av tundralo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Pluvialis
Art: Tundralo P. squatarola
Vitskapleg namn
Pluvialis squatarola

Tundralo (Pluvialis squatarola) er ei middels stor lo som hekkar i arktiske strøk. Ho er ein langdistansemigrant med ein nesten verdsomspennande kystdistribusjon når ho ikkje hekkar.[1]

Skildring endre

Tundraloene er 27-30 cm lange med eit vengespenn på 71-83 cm, og ei vekt på 190-280 gram, opptil 345 g ved førebuing til migrasjon. Om våren og sommaren, frå slutten av april eller mai til august er fjørdrakta hos vaksne svart og kvit på rygg og venger. Andletet og halsen er svarte med ein kvit kant, dei har svart bryst og ein kvit gump. Halen er kvit med svarte tverrstriper. Nebbet og beina er svarte. Dei myter og legg om til vinterdrakt frå midten av august til tidleg september og held denne på fram til april. Vinterdrakta er lite iaugefallande grå på oversida, med eit gråflekka bryst og lys buk. Fjørdrakta hos ungfuglar og første vinteren er lik vinterdrakta, men ryggfjørene er mørkare med kremkvite kantar. Denne drakta held dei frå dei er flygeferdige og i ca. eitt år. I alle fjørdrakter er dei indre flankane og fjører i armhola er svarte, eit sikkert kjenneteikn som lett skil tundraloa frå dei andre tre artane i slekta Pluvialis i flukt. På bakken kan dei òg skiljast frå dei andre Pluvialis-artane med sine større (24-34 mm) og kraftigare nebb.[1][2] Om våren og sommaren vil alle vaksne fuglar skifte over til sommardrakta med svart andlet, bryst og underside, anten dei dreg til hekkeområda opp i arktiske delar av Russland, Nord-Canada og Alaska eller dei vel å ikkje migrere.

 
Tundraloegg.
 
Tundralo i vinterdrakt.

Hekkeområda er arktiske øyar og kystområde i heile den nordlege kysten av Alaska, Canada og Russland. Dei hekkar på bakken i ein tørr open plass med god sikt, reiret er ei grunn fordjuping i grus. I juni legg dei fire egg, nokre gonger berre tre. Rugetida er på 26-27 dagar og ungane er flygeferdige 35-45 dagar gamle.[1][2]

Om hausten trekkjer tundraloa til overvintring i kystnære område over heile verda. I «den nye verda» dreg dei til område frå sørveste Britisk Columbia til Massachusetts og Karibia[3] sør til Argentina og Chile, i den vestlege gamle verda frå Storbritannia og sørvestlege Noreg sørover langs kysten av Afrika til Sør-Afrika, og i den austlege gamle verda, frå det sørlege Japan ned til sørkysten av Sør-Asia og Australia, nokre få når til New Zealand. Dei kan gjennomføre transkontinentale flygingar utan stopp over Asia, Europa og Nord-Amerika, men kan gjere mellomlandingar av og til om dei vert tvinga ned av ekstremt vêr, eller for å beite på breidda av store innsjøar.[1][2][4]

Unge fuglar hekkar ikkje før dei er to år gamle, vanlegvis blir dei på overvintringsområda til dei andre sommaren.[1][2]

Dei samlar mat på strender og tørrlagte område ved fjære sjø, vanlegvis utan å grave. Maten består av små blautdyr, børstemarkar, ormar, krepsdyr og insekt. Dette er mindre selskapelege fuglar enn andre Pluvialis-artar, dannar ikkje tette flokkar ved beiting, i staden beitar dei spreitt utover strendene, med god avstand mellom kvarandre. Dei vil likevel danne tette flokkar som kviler ved flod sjø.[1][2]

Tundraloa er ikkje hekkefugl i Noreg, men er vanleg i trekk til og frå overvintringsområde. Nokre få individ kan overvintre langs vestkysten.[5]

Tundraloa er ein av artene som vert omfatta av avtala om vern av afrikanskeurasiatiske trekkjande vassfuglar, AEWA.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Hayman, Peter; John Marchant; Tony Prater (1986). Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. London: Chrisopher Helm. ISBN 0-7470-1403-5. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Snow, D. W.; Christopher M. Perrins (1998). The birds of the Western Palearctic. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-854099-X. 
  3. Garrido, Orlando H.; Kirkconnell, Arturo (2000). Helms Field Guides: Birds of Cuba. London: Christopher Helm. ISBN 978-82-7852-073-4. 
  4. Dickinson, Mary B. (1999). Field guide to the birds of North America. Washington DC: National Geographic Society. ISBN 0-7922-7451-2. 
  5. Jørgensen, Finn. Norsk vinterfuglatlas: fuglenes utbredelse, bestandsstørrelse og økologi vinterstid. Trondheim: Norsk ornitologisk forening. s. 184. ISBN 978-82-7852-073-4. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tundralo