Turakoar
Turakoar er fuglar i den biologiske familien Musophagidae, bananetarar, tidlegare òg kalla hjelmfuglar.[1] Leveområdet er Afrika sør for Sahara. Dei 23 mellomstore artane i denne familien har halvt zygodaktyle føter: dei to ytre tærne kan rettast framover eller bakover. Tå nummer to og tre, som alltid peikar framover, kan vere samanvaksne hos somme artar. Turakoar har ofte tydelege fjørkammar på hovudet og lange halar, og er kjent for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjør.
Turakoar | |
Kvitøyreturako, Tauraco leucotis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Musophagiformes |
Familie: | Turakoar Musophagidae Lesson, 1828 |
Tradisjonelt har denne gruppa vore plassert saman med gaukar i ordenen gaukefuglar, men i Sibley-Ahlquist-taksonomi er gruppa løfta opp til ein orden Musophagiformes, denne nye inndelinga er nytta i lista til International Ornithological Congress, IOC-lista.[2]
Skildring
endreTurakoar er mellomstore fuglar, endemiske for Afrika sør for Sahara, der dei lever i habitat av skog og savannar. Dei har ei lengd på 35-75 centimeter, kjempeturako, Corythaeola cristata, måler 70–75 cm og er største familiemedlemmen. Samanlikna med resten av kroppen er vengene små og mykje mindre enn halen. Turakoar har ti halefjør og eit kort, skarp nebb. Somme artar har nebb med sagforma kant. Kjønna er like hos dei fleste artar, unnataket er kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster, der hannen har svart nebb og hoa har olivengrønt. Dei er svake flygarar, men spring fort på skogbotnen. Føda er frukt og i mindre grad blad, knoppar og blomar, nokre gonger små insekt, sniglar, og motsetnad til kva namna peikar mot, et dei vanlegvis ikkje bananar.
Dei er selskaplege fuglar som ikkje migrerer. Mange artar er støyande, artane i slekta Corythaixoides kalla 'gå-vekk-fuglar' på engelsk språk, er spesielt kjente for sine gjennomtrengande varselrop. Ropa varslar òg andre om rovdyr eller jegerar. Turakoar byggjer store pinnereir i trea, og legg to eller tre egg. Ungane har tjukk dunkleding og har opne eller nesten opne auge ved klekking.
Dei fem artane i Crinifer og Corythaixoides er hovudsakleg gråe og kvite. Dei andre er derimot fargerike fuglar, som regel blåe, grøne eller lilla. Den grøne farga hos turakoar kjem av turacoverdin, det einaste verkelege grøne pigment ein veit om hos fuglar. Grønfarga hos andre fuglefamiliar kjem av eit gult pigment slik som til dømes karotenoid fargestoff, kombinert med fysisk struktur i fjøra som spreier lys.
Artslista
endreTurakoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Corythaeola
- Kjempeturako, Corythaeola cristata, Great Blue Turaco, LC, Vieillot, 1816
Slekt Tauraco
- Fiolettvengturako, Tauraco persa, Guinea Turaco, LC, Linné, 1758
- Grønturako, Tauraco livingstonii, Livingstone's Turaco, LC, Gray, 1864
- Toppturako, Tauraco schalowi, Schalow's Turaco, LC, Reichenow, 1891
- Natalturako, Tauraco corythaix, Knysna Turaco, LC, Wagler, 1827
- Svartnebbturako, Tauraco schuettii, Black-billed Turaco, LC, Cabanis, 1879
- Kvithovudturako, Tauraco leucolophus, White-crested Turaco, LC, Heuglin, 1855
- Raudnakketurako, Tauraco fischeri, Fischer's Turaco, NT, Reichenow, 1878
- Blåvengturako, Tauraco macrorhynchus, Yellow-billed Turaco, LC, Fraser, 1839
- Kamerunturako, Tauraco bannermani, Bannerman's Turaco, EN, Bates, 1923
- Angolaturako, Tauraco erythrolophus, Red-crested Turaco, LC, Vieillot, 1819
- Blåkroneturako, Tauraco hartlaubi, Hartlaub's Turaco, LC, Fischer & Reichenow, 1884
- Kvitøyreturako, Tauraco leucotis, White-cheeked Turaco, LC, Rüppell, 1835
- Bleikkroneturako, Tauraco ruspolii, Prince Ruspoli's Turaco, VU, Salvadori, 1896
- Purpurkroneturako, Tauraco porphyreolophus, Purple-crested Turaco, LC, Vigors, 1831
Slekt Ruwenzorornis
- Regnbogeturako, Ruwenzorornis johnstoni, Ruwenzori Turaco, LC, Sharpe, 1901
Slekt Musophaga
- Fioletturako, Musophaga violacea, Violet Turaco, LC, Isert, 1789
- Raudtoppturako, Musophaga rossae, Ross's Turaco, LC, Gould, 1852
Slekt Corythaixoides
- Masketurako, Corythaixoides personatus, Bare-faced Go-away-bird, LC, Rüppell, 1842
- Gråturako, Corythaixoides concolor, Gray Go-away-bird, LC, Smith, 1833
- Kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster, White-bellied Go-away-bird, LC, Rüppell, 1842
Slekt Crinifer
- Flekkturako, Crinifer piscator, Western Plantain-eater, LC, Boddaert, 1783
- Sotturako, Crinifer zonurus, Eastern Plantain-eater, LC, Rüppell, 1835
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Turaco» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2010.
Referansar
- ↑ «turakoer» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Gill, F. & D. Donsker (Eds) 2010. IOC World Bird Names (version 2.4) 9. april 2010
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av turkoar hos Internet Bird Collection.