Tyskarar

(Omdirigert frå Tyskar)

Tyskarar (tysk Deutsche) er menneske knytte til tysk kultur gjennom busetjing eller opphav.

Tysk familie i 1950.

Tydinga av omgrepet har variert. Opphavleg var alle tysktalande rekna som tyskarar, medrekna dei som snakka nedertysk, no kjend som nederlendarar. Ei tid blei det brukt om folk frå det tysk-romerske riket, og seinare har det gjerne vist til folk frå Tyskland. Sidan andre verdskrigen har tydinga av ordet gått meir over til å visa til nasjonalitet, det at ein har statsborgarskap i Tyskland, heller enn etnisitet, der til dømes austerrikarar tidlegare rekna seg som tyskarar.

Tysktalande utgjer fleirtalet i Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein og Luxemburg. Ein finn dei òg i tilstøytande område som sørvestre Danmark, austre Belgia, franske Alsace (tysk Elsass) og Lorraine i (Lothringen), italienske Sør-Tirol, Ungarn, Polen og vestre Tsjekkia. Det finst også folk med tysk som morsmål i Brasil, Namibia (tidlegare Tysk Sørvestafrika) og Kasakhstan, der ei rekkje sovjetiske tyskarar blei deporterte under andre verdskrigen.

Kjelder

endre
  Denne samfunnsartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.