UEFA-cupfinalen i fotball 2000

Finalen i UEFA-cupen fotball 2000 fann stad i Parken i København 17. mai 2000 framfor 38 919 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom tyrkiske Galatasaray frå Istanbul og engelske Arsenal FC frå London. Galatasaray vann sin aller fyrste pokal i ei av dei store UEFA-turneringane, etter å ha sigra 4-1 i straffeskyting.

KampenEndra

Lagoppstillingane, Galatasaray i kvitt

Etter 120 mållause minuttar gjekk spelarane til straffesparktevling. Her skåra Galatasaray-spelarane Ergün Penbe, Hakan Şükür og Ümit Davala på sine straffar, medan Ray Parlour var den einaste av dei tre fyrste Arsenal-eksekutørane som skåra. Så då Gheorghe Popescu netta på Galatasarays fjerde straffe var kampen om pokalen avgjord.

Antonio López Nieto frå Spania var dommar.

LagaEndra

Vinnarlaget til Galatasaray bestod av: Cláudio Taffarel, Capone Oliveira, Gheorghe Popescu, Bülent Korkmaz (kaptein), Ergün Penbe, Okan Buruk, Ümit Davala, Suat Kaya, Gheorghe Hagi, Arif Erdem, Hakan Şükür og innbytarane Hakan Ünsal, Ahmet Yıldırım, Hasan Şaş.

Arsenal-spelarane var: David Seaman, Lee Dixon, Tony Adams, Martin Keown, Sylvinho Júnior, Ray Parlour, Emmanuel Petit, Patrick Vieira, Marc Overmars, Thierry Henry, Dennis Bergkamp, Nwankwo Kanu, Davor Šuker.

KjelderEndra