United Nations Global Compact

United Nations Global Compact (UNGC) er eit FN-initiativ for berekraftig næringsliv og det største verksemdsinitiativet for berekraft i verda. Generalsekretæren i FN, Kofi Annan, kunngjorde UN Global Compact under World Economic Forum i 1999. Initiativet vart formelt lansert i New York i 2000. Det har meir enn 13 000 lemer frå meir enn 160 land.[treng kjelde] Rundt 10 000 av lemene er verksemder, og dei resterende er skipnadar og akademiske innretningar.[treng kjelde] UNGC sitt framtidssyn er å vera ei verdsfemnande rørsle av verksemder som medverkar til berekraftig business og ei framtid for alle.

United Nations Global Compact

Skipa1999
Nettstadhttps://www.unglobalcompact.org Sjå dette på Wikidata

UN Global Compact er bygt på ti prinsipp som alle verksemder og skipnadar bør fylgja. Ved å vera med i Global Compact kommuniserer verksemder og andre lemer at dei gjer sitt beste for å drive sin verksemd i tråd med dei ti prinsippa.  

To hovudmålsettingar endre

  • Gjera dei ti prinsippa til ein del av forretningsverksemda i verksemder over heile verda.
  • Fremme aktiviteter og partnerskap som medverkar til å innfri FN-måla om ei berekraftig utvikling.

UNGC har to hovudmålsettingar. For det fyrste skal initiativet medverka til at lemsverksemdene tek ansvar for fotavtrykket og do-no-harm-agendaen i eiga verdikjede. For det andre er det heilt avgjerande at verksemdene kan gjera verda sine utfordringar til forretningsmoglegheiter. Saman med lemsverksemdene jobber UN Global Compact for å identifisere og inspirere til konkrete løysingar for eit berekraftig næringsliv og ei berekraftig fremtid. Alle lemer rapporterer årleg på berekraftsmålene og UNGC sine 10 prinsipp innen menneskerettar, arbeidsrettar, klima- og miljø og antikorrupsjon. 

UN Global Compact Noreg endre

UN Global Compact opna noregskontor i september 2019. Kim Noguera Gabrielli er UN Global Compact Noreg sin fyrste direktør og Wenche Grønnbrekk frå Cermaq styret sin fyrste leiar. meir enn 122 norske verksemder er med i det norske nettverket.  

Det norske styret vart oppretta i oktober 2018.[1] Før det hadde NHO organisert aktiviteten i Noreg som ein del av eit nordisk Global Compact nettverk. I styret sitter blant anna Innovasjon Noreg, SINTEF og NHO, og majoriteten av styrelemene representerer lemsverksemder.  

Dei ti prinsippa endre

Global Compact sine ti prinsipp er delt opp i fire hovudgrupper.[2] Desse er menneskerettar, arbeidsrettar, miljø og antikorrupsjon. Menneskerettighetsprinsippet stammer frå FN si menneskrettsfråsegn frå 1948. Arbeidstakerrettighetene har bakgrunn i ILO si fråsegn om grunnleggjande arbeidstakarrettar frå 1998. Miljødelen har bakgrunn i Agenda 21 frå Rio-konferansen i 1992. Antikorrupsjonsprinsippet har bakgrunn i FN sin konvensjon mot korrupsjon frå 1996.  

Menneskerettar endre

Prinsipp 1: Verksemder skal støtta og respektere vern om internasjonalt godtekne menneskerettar,

Prinsipp 2: Sjå til at dei ikke medverkar til brudd på menneskerettane.

Standarder for arbeidslivet endre

Prinsipp 3: verksemder skal halde skipnadsfridom i hevd og sikre at retten til å føre kollektive forhandlingar anerkjennes i praksis,

Prinsipp 4: Sikre at alle former for tvangsarbeid vert avskaffa,

Prinsipp 5: Sikre at barnearbeid reelt vert avskaffa, og

Prinsipp 6: Sikre at diskriminering i arbeidslivet vert avskaffa.

Miljø endre

Prinsipp 7: Verksemder skal støtta ein føre-var-tilnærming til miljøutfordringar,

Prinsipp 8: Taka initiativ til fremme av økt miljøansvar, og

Prinsipp 9: Oppmuntre til utvikling og spreiing av miljøvennleg teknologi.

Anti-korrupsjon endre

Prinsipp 10: Verksemder skal kjempe imot eikor form for korrupsjon, herunder utpressing og muter.

Kjelder endre

  1. «Norsk nettverk for samfunnsansvar», www.nho.no (på norsk), henta 3. november 2019 
  2. «The Ten Principles | UN Global Compact», www.unglobalcompact.org, henta 3. november 2019 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: United Nations Global Compact