Urialsau
pattedyrart
(Omdirigert frå Urial)
Urialsau (Ovis vignei) eller steppesau er ein villsau i dyreslekta Ovis.
Urialsau | |
Urialsau | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Urialsau | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Ovis |
Art: | Urialsau O. vignei |
Vitskapleg namn | |
Ovis vignei |
Det har vore usemje i om dette er ein eigen art (Ovis vignei) eller ein underart av muflon (Ovis orientalis) eller vanleg sau (Ovis aries). Ein studie frå 2010 viste at urialen kan klassifiserast som ein eigen art.[1] Dette forklarer òg kvifor urialsay har fleire kromosom (2n=58) enn arten Ovis aries som ein tidlegare gjekk ut frå at han tilhøyrde (2n=54).
Urialsauen er langlemma og slank og har godt utvikla horn. Han er utbreidd i Vesle-Asia og deler av Vest-Asia til Himalaya. Sauen trivst i bratt, graskledd terreng med fjellgrunn, i høgder opp mot 6000 moh.
Kjelder
endre- ↑ Rezaei, Hamid Reza; Naderi, Saeid; Chintauan-Marquier, Ioana Cristina; Taberlet, Pierre; Virk, Amjad Tahir; Naghash, Hamid Reza; Rioux, Delphine; Kaboli, Mohammad; Pompanona, François (2010): «Evolution and taxonomy of the wild species of the genus Ovis (Mammalia, Artiodactyla, Bovidae)» i: Molecular Phylogenetics and Evolution, 54 (2), februar 2010, s. 315–326. DOI: 10.1016/j.ympev.2009.10.037. Besøkt 21. september 2014
- Denne artikkelen bygger på «Urial» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2020.