Urszula Włodarczyk

Urszula Włodarczyk (fødd 22. desember 1965) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Wałbrzych. Ho var i tida 1991-2000 ein av verdas beste kvinnelege mangekjemparar, deltok ei tid også i tresteghopp.

Urszula Włodarczyk
Statsborgarskap Polen
Fødd 22. desember 1965 (58 år)
Wałbrzych
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Włodarczyk utmerkte seg særleg i femkamp i innandørsmeisterskapane, der ho som best vart europameister i 1998. Elles i hall-femkampar vart ho nummer to i VM 1993 og EM 1996, og nummer tre i EM 1992, EM 1994, VM 1999 og EM 2000.

I sjukamp sikra Włodarczyk seg bronsemedaljen i europameisterskapen 1994, same året sigra ho i sjukampen ved universiaden 1994 i Buffalo. Fire år seinare tok ho steget opp på sølvplass i den neste europameisterskapen, knapt 99 poeng etter Denise Lewis frå Storbritannia og 50 poeng føre Natallja Sazanovitsj frå Kviterussland. I sitt livs beste sjukamp sanka Włodarczyk 6 542 poeng då verdsmeisterskapen 1997 fann stad i Aten, men måtte nøye seg med fjerdeplass, same plasseringa enda ho på både under Sommar-OL 1996 og Sommar-OL 2000.

Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart tevla Włodarczyk også i tresteghopp, der ho med 13,80 meter hamna på ein heiderleg åttandeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre