Opna hovudmenyen

Van (armensk Վան Van;[1]kurdisk Wan) er ein by søraust i Tyrkia i provinsen Van, på austsida av Vansjøen. Han er eit kultursenter for den kurdiske majoriteten i området.[2] Det bur offisielt kring 370 000 innbyggjarar i byen, hovudsakleg kurdarar,[3] men mange estimat sidan 1996 indikerer at det bur kring ein halv million menneske i byen.[4]

Van
by
Van Collage.jpg
Øvst venstre:Van jernbanestasjon, Øvst høgre: Van frå Vanborga, Midten venstre: Van sentrum, midten høgre: Van Ferit Melen lufthamn, Nedst venstre: Vanborga, Nedst høgre: Den armenske katedralen av den heilage krossen
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Van
Høgd 1 730 moh.
Koordinatar 38°29′39″N 43°22′48″E
Areal 2 289 km²
Folketal 367 419
Folketettleik 161 / km²
Borgarmeister Bekir Kaya
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Van (city)

HistorieEndra

Arkeologiske utgravingar i byen viser at tidleg busetnad i Van-området går heilt tilbake til rundt 5000 år fvt.

UrartuEndra

Under det urgamle namnet Tushpa var Van hovudstaden i det urartiske kongeriket på 800-talet fvt. Innbyggjarane i oldtida kalla seg for nairi. Den tidlege busetnaden låg på åsen som no er kjent som Vanborga, vest for den moderne byen, like ved breiddene av Vansjøen. Her har det vorte funne kileskriftinskripsjoner datert til det 700- og 600-talet fvt. I dei fleirspråklege bisituninskripsjonane bestilt av kong Dareios I av Persia, heiter landet som vart kalla urartubabylonsk, Armeniagammelpersisk.

Frå orontiddynastiet til kongeriket ArmeniaEndra

Regionen kom under ornotidane sinkontroll på 600-talet fvt. og seinare under persarane på midten av 500-talet ft. I 331 fvt. vart Van erobra av Alexander den store og etter han døydde vart området ein del av Selevkidriket. I den første delen av 100-talet fvt. var det ein del av kongeriket Armenia. Det vart eit viktig sentrum i regjeringstida til den armenske kong Tigranes II, som grunnla byen Tigranakert i det 1. hundreåret fvt. Dette området vart styrt av arsakiddynastiet i tida før 300-talet evt.

Austromarane og kongeriket VaspurakanEndra

For meir om dette emnet, sjå Vaspurakan.

Austromarriket hadde i ein kort periode kontroll over regionen, frå 628 til 640, før han vart invadert av muslimske arabarar, som samla dei erobra områda sine i provinsen Ermeniye. Når det arabiske styret etter sigande vart veikt, nytta lokale armenske leiarar høvet til å ta over makta igjen. Det viste seg at Artsrunidynastiet vart det mektigaste. Sjølv om dei eit bel var avhengige av regentane av kongeriket Ani, erklærde dei i 908 sjølvstende som kongeriket Vaspurakan. Det nye kongeriket hadde ingen bestemd hovudstad: hoffet flytta frå stad til stad etter som kongen skifta tilhaldsstad. Blant dei var Vanbyen, Vostan og Aghtamar. I 1021 gav den siste kongen av Vaspurakan, John-Senekerim Artsruni, området over til det bysantinske rike. Det vart oppretta Vaspurakan thema som omfatta Artsruniområda.

SeldsjukriketEndra

Inntog til Vaspurakan av dei seldsjukkiske tyrkarane starta i 1050-åra. Etter sigeren deira i slaget ved Manzikert vart det mange lokale muslimske leiarar som ahlatshahane og ajjubidane (1207). I ein periode på 20 år var Van underlagt det anatoliske seldsjuksultanatet før det vart erobra av mongolane. På 1300-talet vart Van styrt av Kara Koyunlu-tyrkarar, og seinare av timuridane.

Det osmanske riketEndra

I den første halvdelen av 1400-talet opplevde Vanregionen å bli eit konfliktområde der det osmanske riket og det persiske safavidriket kjempa om å dominere. Safavidane erobra Van i 1502. Ottomanarane overtok byen i 1515 og styrde i ein kort periode. Safavidane tok over igjen i 1520 men ottomanarane fekk total kontroll over området i 1548. Dei gjorde først Van om til ein sancakisk del av Erzurum-eyaletet og seinare til eit separat Van-eyalet omkring 1570.

Første verdskrigen og det armenske folkemordetEndra

Den offisielle folketeljinga gjennomført av Det osmanske riket frå 1914 viser at folkesetnaden i Vanprovinsen bestod av 179 422 muslimar og 67 797 armenarar. [5] Denne folketeljinga gjeld berre menn. Kvinner og born er ikkje medrekna. I følgje nyare forsking er dei rette talla (dersom ein tek med kvinner og born); 313 000 muslimar, 130 000 armenarar og 65 000 andre, inkludert kristne assyrarar og nestorianistar.[6]

Provinsen sin armenske folkesetnad vart utrydda av osmanske troppar under den første verdskrigen i det som vart starten på det armenske folkemordet[7] Den regionale leiaren, Jevdet Bey gav ordrar om å ta livet av fire armenske leiarar,[8][9] noko som resulterte i eit opprør i Van den 20. april 1915 mot tyrkarane og heller til støtte av russarane.

Dei fleste historikarane er samde om at den armenske folkesetnaden, i frykt for å bli nedslakta på same måte som folk på landsbygda, forsvarte seg mot tyrkarne i dei armenske områda av byen. Dei anti-tyrkiske og pro-russiske kjenslene hos folket oppstod med ei von om å bli redda frå tyrkiske massakrar. Russarane kom endeleg dei armenske forsvararane til unnsetnad seint i mai 1915. I august gjorde ein siger over den russiske hæren det mogleg for osmanarane til å ta makta igjen. I september 1915 tvinga russarane tyrkarane ut av Van for andre gongen. Russiske styrkar byrja å forlate Van etter den russiske revolusjonen i 1917 og i april 1918 hadde den osmanske hæren igjen erobra området. Slutten på 1. verdskrigen gjorde at den osmanske hæren måtte oppgje kravet på Van.

Tyrkisk sjølvstendekrig og skiping av republikkEndra

I Sèvrestraktaten avgjorde ententemaktene seg for å gjere byen ein del av Den demokratiske republikken Armenia. Dei tyrkiske revolusjonære, leia av Mustafa Kemal Atatürk nekta å gå med på avgjerslene i traktaten og etter kvart resulterte det i den tyrkiske sjølvstendekrigen. Van kom under tyrkisk kontroll igjen i 1920 og dei siste gjenverande vart vist bort i den siste runden av etnisk utreinsking. Lausannetraktaten, Karstraktaten og Sévrestraktaten vart annullert og Van vart formelt underlagt Tyrkia.

Byen Van var tom og i ruinar etter desse blodige og øydeleggjande konfliktane. Byen vart gjenoppbygd etter krigen eit par kilometer aust frå den gamle bykjernen, som no er kjent som Vanborga (Van Kalesi). På 1950-talet vart byen råka av eit kraftig øydeleggjande jordskjelv[10] og igjen i 2011.

Klima=Endra

Van har eit hard, tørt kontinentalklima, med kalde, snørike vintrar, og varme, tørre somrar. Det kjem mest regn på våren og hausten. Under Köppen si klimaklassifisering har Van eit halvtørt klima (Köppen BSk).[11]

Klimadata for Van
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 11.0 13.6 22.7 27.2 28.3 33.2 37.0 35.1 35.0 27.0 17.2 15.5 37
Normal maks. temp. °C 2.0 2.8 6.7 12.9 18.1 23.7 28.0 28.1 24.1 17.2 9.9 4.6 14 84
Normal min. temp. °C -7.2 -6.4 -2.3 3.2 7.3 11.4 15.2 15.1 11.3 6.0 0.5 -4.1 -7,2
Kulderekord °C -22.6 -24.8 -22.7 -9.8 -0.8 3.0 7.0 7.0 1.4 -7.5 -12.0 -20.3 -24,8
Nedbør (mm) 30.4 31.1 46.0 52.3 49.1 19.0 6.9 6.5 15.9 43.0 51.8 38.3

relativ fukt 78 77 77 72 67 59 57 53 54 65 74 78 67,6
Normal mengd regndagar 10.3 10.3 12.3 12.5 11.6 5.7 2.1 1.4 2.2 8.4 9.3 10.2 96,3
Normal mengd snødagar 9 10 8 2 0 0 0 0 0 0 3 8 40
Normale månadlege solskinstimar 145.7 148.4 192.2 216 288.3 351 378.2 362.7 306 229.4 171 136.4 2 925,3
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]
Kjelde nr. 2: Weather2 [3]


KjelderEndra

  1. "Slovar sovremennikh geographicheskikh nazvaniy" (russisk). V. M. Kotliakov (ed.). Yekaterinburg: U-Faktoria, 2006
  2. Özoğlu, Hakan (May, 1996). «State–Tribe Relations: Kurdish Tribalism in the 16th-and 17th-Century Det osmanske riket». British Journal of Middle Eastern Studies (Taylor & Francis) 23 (1): 5–27. (subscription required (help)). 
  3. [1]
  4. David McDowall, Modern History of the Kurds, I.B. Tauris, 1996, s. 440
  5. Tal som er nedteikna på biletet Image:Proportions des populations ein Asie Mineure statistique officielle d1914.png
  6. Muslimar og minoritetar, Justin McCarthy, New York University Press, 1983, sidene 110-111
  7. .Akcam, Tanar. A Shameful Act, p. 140. New York:Henry Holt Co. 2006. ISBN 080508665X
  8. Morgenthau, Henry. Ambassadør Morgenthaus Historie, side 205. Wayne State University Press, 2003. ISBN 0814329799
  9. Ussher, Clarence Douglass. Ei amerikansk lege i Tyrkia, p.236. Houghton Mifflin Company, 1917.
  10. Van - Encyclopedia of the Orient
  11. http://web.archive.org/web/20090205035809/http://koeppen-geiger.vu-wien.ac.at/pdf/metz_15_3_0259_0263_kottek_wm.pdf