Opna hovudmenyen

Timuridedynastiet

(Omdirigert frå Timuridane)
Timurid-dynastiet i si største utstrekking.

Timuridane var eit tyrkisk-mongolsk dynasti som herska over Sentral-Asia – heile moderne Iran og Afghanistan og delar av Pakistan og India – frå 1300-talet. Timuridefyrsten Babur grunnla seinare det indiske Mogulriket.

GrunnleggingEndra

Dynastiet blei grunnlagd av emiren av Kesh (Shahrisabz), kjent som Timur Lenk. Timur erobra store delar av Transoxiana frå 1363 og framover ved ulike alliansar (Samarkand i 1366, Balkh i 1369), og blei anerkjend som herskar over dei i 1370. I 1389 hadde han fjerna kartidane frå Afghanistan (Herat) og rykte inn i Iran og Irak frå 1382 (Isfahan erobra i 1387, muzaffaridane fjerna frå Shiraz i 1393 og jalayridane kasta ut av Bagdad). I 1394/95 triumferte han over den gylne horden og fekk herredøme over Kaukasus. Han underla seg det nordlege India i 1398 og okkuperte Delhi. I 1400/01 tok han Aleppo, Damaskus og det austlege Anatolia, øydela Bagdad i 1401 og triumferte over ottomanarane ved Ankara i 1402. Under Timur Lenk blei Samarkand utropt til «verdas sentrum».

Herskarane i timuride-dynastietEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra