Verdscupen i skihopping 1986

Verdscupen i skihopping 1986 omfatta 25 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 7. desember 1985 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica i Jugoslavia den 23. mars 1986. Dei 25 tevlingane fordelte seg på 9 i normalbakkar, 14 i storbakkar og 2 i skiflyging, skiflygingstevlingane fann stad i Vikersundbakken. Verdsmeisterskapen i skiflyging talde ikkje med i verdscupen.

Finske Matti Nykänen vann FIS-premien for andre året i rad og for tredje gong. I tevlinga for landslag sigra Austerrike, like framom Finland og med Noreg på tredjeplass.

IndividueltEndra

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Matti Nykänen   Finland 250 7
2 Ernst Vettori   Austerrike 232 5
3 Andreas Felder   Austerrike 170 3
4 Franz Neuländtner   Austerrike 157 1
5 Pekka Suorsa   Finland 148 2
6 Primož Ulaga   Jugoslavia 145 2
7 Vegard Opaas   Noreg 131 1
8 Rolf Åge Berg   Noreg 129 1
9 Jiří Parma   Tsjekkoslovakia 114
10 Ladislav Dluhoš   Tsjekkoslovakia 101
11 Miran Tepeš   Jugoslavia 99
12 Horst Bulau   Canada 97
13 Pavel Ploc   Tsjekkoslovakia 88 1
14 Jari Puikkonen   Finland 86 1
15 Piotr Fijas   Polen 84 1
16 Jens Weißflog   Aust-Tyskland 77
17 Ulf Findeisen   Aust-Tyskland 73 1
18 Hroar Stjernen   Noreg 68
19 Ole Gunnar Fidjestøl   Noreg 53
20 Steve Collins   Canada 34
21 Jukka Kalso   Finland 34
22 Peter Rohwein   Vest-Tyskland 30
23 Masahiro Akimoto   Japan 28
24 Martin Švagerko   Tsjekkoslovakia 27
25 Antonio Lacedelli   Italia 26

KjelderEndra