Rolf Åge Berg
Rolf Åge Berg (fødd 14. april 1957) i Stjørdal er ein tidlegare skihoppar og hopptrenar frå Vassbygda i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han representerte Idrettslaget Stjørdals-Blink og treningsgruppa Trønderhopp.
Rolf Åge Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. april 1957 (67 år) Stjørdal kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1984 |
Karriere
endreBerg var med på det norske hopplandslaget frå 1983, og debuterte i verdscupen den 30. desember 1983. Han vann NM i stor bakke i 1984, og kom på 2. plass i normalbakken. Berg kom på 5. plass i normal bakke under vinter-OL 1984 i Sarajevo.
1986-sesongen vart hans beste og hans siste som skihoppar. Han kom på tredjeplass i Bischofshofen under den tysk-austerrikske hoppveka den 6. januar 1986, og vart nummer fem samanlagt i hoppveka. 19. februar vann han verdscuprennet i St. Moritz i Sveits, hans einaste verdscupsiger. Under NM i 1986 vann han sølvmedaljen i både stor bakke og normal bakke.
Under VM i skiflyging 1986 i Kulm mista Berg kontrollen over skia etter sterkt luftpress ovanfrå. Han vart frakta til sjukehus med hjerneskaking, skamslått skulder og brot på korsbandet i det venstre kneet.[1][2] Etter fallet vart han erklært 12 prosent invalid, og slutta som aktiv skihoppar.[1][2] Trass i at han ikkje kunne fullføre sesongen, vart han nummer åtte i den totale verdscupen.
Berg har seinare vore trenar, jamnast i Trønderhopp, men også trenar for mellom andre Espen Bredesen og Vegard Sklett, samt landslagstrenar i midten av 1990-åra.[3]
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1983: Nr 8 i Holmenkollen
- 1984: Nr 5 i normalbakken i OL Sarajevo. Nr 5 i Holmenkollen
- 1985: Nr 4 i Örnsköldsvik
- 1986: Siger i St. Moritz, ein andreplass og ein tredjeplass
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1982: Nr 12 i storbakken på Rena
- Ski-NM 1983: Nr 9 i normalbakken i Mo i Rana
- Ski-NM 1984: Gullmedalje storbakken i Meldal, sølvmedalje i normalbakken på Kongsberg
- Ski-NM 1985: Nr 6 både i normalbakken i Bardu og i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1986: Sølvmedalje både i normalbakken på Vang og i storbakken i Oslo
- Ski-NM 1987: Nr 5 i normalbakken i Sprova
- Ski-NM 1988: Nr 11 i storbakken på Rena
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «- Et av de styggeste fallene jeg har sett». Aftenposten. 14. januar 2008.
- ↑ 2,0 2,1 «Klar for nytt horrorshow i Harrachov». Dagbladet. 12. januar 2001.
- ↑ «- Vil tilbake i toppen». Dagbladet. 1. november 1999.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Rolf Åge Berg – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Rolf Åge Berg i olympedia.org