Verdscupen i skihopping 1991

Verdscupen i skihopping 1991 omfatta 22 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 1. desember 1990 i Lake Placid i USA og vart avslutta i storbakken i Štrbské Pleso den 30. mars 1991. Dei 22 tevlingane fordelte seg på 5 i normalbakkar, 13 i storbakkar og 4 i skiflygingsbakkar. Hopprenna under Ski-VM i Val di Fiemme talde ikkje med i verdscupen.

Andreas Felder frå Austerrike vann FIS-premien med stor margin. Han sigra i sju av dei 22 enkelttevlingane. Austerrike var suverent best av landslaga, der Noreg enda på åttandeplass, nett som sesongen føreåt.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Andreas Felder   Austerrike 236 7
2 Stephan Zünd   Sveits 206 3
3 Dieter Thoma   Tyskland 201 2
4 Stefan Horngacher   Austerrike 179 1
5 Ari-Pekka Nikkola   Finland 158 1
6 Mikael Martinsson   Sverige 158 1
7 Heinz Kuttin   Austerrike 148 1
8 Jens Weißflog   Tyskland 141 2
9 Ernst Vettori   Austerrike 139 1
10 Andre Kiesewetter   Tyskland 134 2
11 Franci Petek   Jugoslavia 132
12 Staffan Tällberg   Sverige 103 1
13 Werner Haim   Austerrike 89
14 Ralf Gebstedt   Tyskland 73 1
15 Raimo Ylipulli   Finland 67
16 Andrej Vervejkin   Sovjetunionen 57
17 Rune Olijnyk   Noreg
Christof Duffner   Tyskland 53
19 Risto Laakkonen   Finland 52
20 Pavel Ploc   Tsjekkoslovakia 49
21 František Jež   Tsjekkoslovakia 48
22 Josef Heumann   Tyskland 47
23 Øyvind Berg   Noreg 46
24 Vesa Hakala   Finland 36
25 Anssi Nieminen   Finland 34

Kjelder

endre