Skihopparen Øyvind Berg

Øyvind Berg (fødd 10. mars 1971 i Løken) er ein norsk tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun var Berg med på det norske gullaget i lagtevlinga. Dei andre på laget var Bjørn Myrbakken, Helge Brendryen og Espen Bredesen. Berg var medlem av Høland Idrettslag.

Skihopparen Øyvind Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mars 1971 (53 år)
Aurskog-Høland kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994

Karriere endre

Berg fekk sin debut i verdscupen i skihopping i Örnsköldsvik i mars 1990. Kort etter vart han nummer 12 og nest beste nordmann i Holmenkollrennet. Året etter gjorde han si beste tevling då han mot tampen av 1991-sesongen kom pallen under eit verdscuprenn i Trondheim. Han var langt bak vinnaren Heinz Kuttin, men berre 0,6 poeng bak toaren Mikael Martinsson frå Sverige.

I noregsmeisterskapar vann Berg årleg ein medalje i kvar av sesongane frå 1992 til -95, fyrst ein bronse og sidan tre sølv.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre