Verdscupen i skihopping 1998

Verdscupen i skihopping 1998 omfatta 27 individuelle tevlingar og inga lagtevling. Turneringa tok til med eit storbakkerenn på Lillehammer den 29. november 1997 og vart avslutta i storbakken i Planica i Slovenia 22. mars 1998. Dei 27 individuelle tevlingane fordelte seg på 4 i normalbakkar, 19 i storbakkar og 4 i skiflygingsbakkar.

For andre gong i rad Primož Peterka frå Slovenia vann den store FIS-premien. Han sikra seg denne heilt på tampen av sesongen, like fram andre- og tredjemann, japanske Kazuyoshi Funaki og austerrikaren Andreas Widhölzl. Fleste enkeltsigrar tok Funaki og landsmannen Masahiko Harada med 5-fem kvar. Japan var suverent beste land, Noreg enda på femteplass.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Primož Peterka   Slovenia 1253 4
2 Kazuyoshi Funaki   Japan 1234 5
3 Andreas Widhölzl   Austerrike 1208 4
4 Masahiko Harada   Japan 1120 5
5 Hiroya Saitō   Japan 962
6 Sven Hannawald   Tyskland 953 2
7 Jani Soininen   Finland 950 2
8 Dieter Thoma   Tyskland 921 1
9 Janne Ahonen   Finland 836 1
10 Noriaki Kasai   Japan 720 1
11 Martin Höllwarth   Austerrike 568
12 Kristian Brenden   Noreg 549 1
13 Stefan Horngacher   Austerrike 546
14 Hansjörg Jäkle   Tyskland 528
15 Henning Stensrud   Noreg 398
16 Takanobu Okabe   Japan 385 1
17 Andreas Goldberger   Austerrike 327
18 Lasse Ottesen   Noreg 288
19 Kimmo Savolainen   Finland 262
20 Bruno Reuteler   Sveits 255
21 Reinhard Schwarzenberger   Austerrike
Jaroslav Sakala   Tsjekkia 245
23 Akira Higashi   Japan 240
24 Kazuya Yoshioka   Japan 238
25 Sylvain Freiholz   Sveits 232

Kjelder

endre