Vernadskij-stasjonen

(Omdirigert frå Vernadskij-basen)

Vernadskij-stasjonen (ukrainsk Академік Вернадський; Akademik Vernadskyj) er ein ukrainsk forskingsstasjon ved Marina Point på IÎles Galindez i Argentine Islands i Antarktis.

Vernadskij-stasjonen
stasjon
«Akademik Vernadskyj», den ukrainske antarktisstasjonen (i 2000)
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 65°14′44.44″S 64°15′28.17″W / 65.2456778°S 64.2578250°W / -65.2456778; -64.2578250
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Vernadsky-basen
65°14′45″S 64°15′27″W / 65.24574295°S 64.25748123°W / -65.24574295; -64.25748123
Vernadskij-stasjonen is located in Antarktis
Vernadskij-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Academic Vernadsky Station

Historie

endre

Storbritannia

endre

Stasjonen vart oppretta av britiske Falkland Islands Dependencies Survey som Base F [1] eller «Argentine Islands» på Winter Island i 1947. Hovudhytta, som vart bygd på same stad som ei tidlegare hytte under British Graham Land Expedition, vart namngjeven «Wordie House» etter sir James Wordie, eit medlem på Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton som vitja under bygginga.[2]

Wordie House er restaurert og har status som historisk stad og monument nr. 62.[3] Basen vart flytta til nærliggande IÎles Galindez i mai 1954 der hovudbygningen fekk namnet «Coronation House».

Basen fekk namnet Faraday-stasjonen i august 1977 til ære for den britiske forskaren Michael Faraday.[4]

Ukraina

endre

Ukraina tok over drifta av basen i februar 1996[4] for den symbolske summen eitt pund. Kostnaden med å demontere basen utan å forstyrre miljøet ville bli for dyrt. Det ukrainske antarktissenteret heldt fram med å forske på meteorologi, atmosfærisk fysikk, geomagnetisme, ozon, seismologi, glasiologi, økologi, biologi og fysiologi.[5]

Kjelder

endre
  1. BAS Faraday-stasjonen F[daud lenkje]
  2. «History». Ukrainian Antarktis Station «Akademik Vernadsky". Henta 6. februar 2014. 
  3. «Wordie House». British Antarctic Survey. Henta 6. februar 2014. [daud lenkje]
  4. 4,0 4,1 «Faraday station». British Antarctic Survey. Henta 6. februar 2014. [daud lenkje]
  5. «Research projects in Sixth Ukrainian Antarctic Expedition 2001-2002». Henta 6. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vernadskij-stasjonen