Vesperae solennes de Confessore
Vesperae solennes de Confessore, KV 339, er ein vesper av Wolfgang Amadeus Mozart, komponert i seks satsar. Vesperen følgjer katolsk liturgi for ein vesper, og inkluderer Magnificat frå Lukasevangeliet i tillegg til fem salmar frå Det gamle testamentet. Namnet «de Confessore» viser at vesperen er skriven til ein helgen, «solennes» tyder høgtidleg, og viser at det er skrive for framføring med orkester.
Vesperen er skriven for solistar (sopran, alt, tenor og bass), firstemt kor, to clarinoar, to fiolinar, pauker, cello, kontrabass, fagott, tre tromboner og orgel. Han er mest kjend for sopranarien i «Laudate Dominum».
Teksten til dei seks satsane i vesperen er henta frå bibelske salmar, og alle satsane vert avslutta med doksologien Gloria Patri. Satsane er Dixit (Salme 109), Confitebur (Sal. 110), Beatus Vir (Sal. 111), Laudate Pueri (Sal, 112), Laudate (Sal. 116) og Magnificat (Luk. 1).
Musikken vart skriven medan Mozart var hoffkomponist for erkebiskopen i Salzburg.
Teksten
endre
PSALMUS 110 DIXIT |
HERREN SEIER |
PSALMUS 111 CONFITEBOR |
EG VIL TAKKA |
PSALMUS 112 BEATUS VIR |
SÆL ER DEN |
PSALMUS 113 LAUDATE PUERI |
SYNG LOVSONG, TENARAR |
PSALMUS 117 LAUDATE DOMINUM |
LOVSYNG HERREN |
Luk 1 – 46-54 MAGNIFICAT |
MARIAS LOVSONG |
Kjelder
endre- Karl Gustav Fellerer og Felix Schroeder i utg. ved Bärenreiter (2006) ISMN M-006-45975-9