Vettakollen
Vettakollen er ein kolle, ein ås og eit område i bydelen Vestre Aker i Oslo. Åsen ligg vest for Sognsvann, og søraust for Holmenkollen. Vettakollen var kollen til Grimelund gard, og namnet kjem av ordet vete som tyder varde.[1] Sjølve toppen ligg i Nordmarka, med ei høgd på 419 moh. Innbyggjartalet i Vettakollenområdet er 2 756 menneske.
Geografi
endreVettakollen var tidlegare ein del av Grimelund gard (gardsnummer 35). Vettakollen og Holmenkollen vert åtskilde av Skådalsbekken og Skådalen. Toppen ligg 419 moh. Rundt vettakollen er det òg eit bustadsstrøk, og det finst òg ein eigen T-banestasjon med namn Vettakollen. Gulleråsen stasjon, Gråkammen stasjon og Skådalen stasjon ligg òg nær Vettakollen og vert i nokre høve rekna som delar av Vettakollen. Innbyggjartalet i Vettakollenområdet er 2 756 menneske.
Geologi
endreMellom Vettakollen og Sognsvann (frå 1934-1970-talet skrive Sognsvatn[2]) ligg ei rekkje tidlegare gruver og skjerp, både Vettakollen skjerp (kopar og jern), Gaustad gruve (jern) og Riis skjerp (jernmalm). Sistnemnde ved Bånntjern ser ein berre som små groper i terrenget. Vettakollen og Gaustad gruve var større, sistnemnde med ein 60 meter lang stoll. Dette er grenseområdet mellom knollekalk og akeritt, og i kontaktsona hende det metamorfosar djupt nede i jordas indre der det vart felt av sink, kopar og jern. Gruvene vart drivne frå 1540 og skiftevis til 1620 og vidare ei tid på 1700-talet. Her går Ankerveien forbi og vart nytta til drift av gruvene. Austom Sognsvann ligg òg eit mindre geologisk grensefelt med Sogn gruve.
Namn
endreNamnet «Vettakollen» kjem av det gamle ordet «vete» (norrønt viti, 'teikn, merke, varde'), som er ei nemning på dei vedstablane som tidlegare vart reiste på visse fjelltoppar, oftast nær kysten, og som vart tende når fiendar nærma seg eller var komne til landet. Bålet var eit signal om at det skulle tennast liknande bål på andre toppar, og om at alle våpenføre menn skulle samlast for å verje landet.
Anna
endreMusikkfestivalen Kollenfestivalen tek namnet sitt frå Vettakollen.
Gamle bilete
endre-
Vettakollen i bydelen Vestre Aker i Oslo er ein av fleire stader som har namn etter bruk av vetar (signalbål). Biletet viser åsen og busetnaden sett frå Slemdal i 1919.
-
«Utsikta frå Frogner mot Diakonheimen og Vettakollen»
-
Vettakollen (i bakgrunnen til høgre) sett frå «Frognerjordet» 1903
-
Vettakollen sett frå Holmendammen 1929
-
Vettakollen stasjon ca. 1910–1915
-
Utsikta frå Vettakollen over Oslo og Oslofjorden
-
Utsikta frå Vettakollen mot Frognerseteren
-
«Utsikt frå Vettakollen. Midtstubakken. Holmenkollbakken»
-
Vettakollen turisthotell låg i busetnaden nedanføre sjølve toppen. Bygninga har seinare vore skule og anna.
-
«Vettakollen. Holmsborg»
-
«Vettakollen Hotell»
-
Båntjern nær Ankerveien, i skogen sør for åsen Vettakollen og rett nord for busetnaden i området Vettakollen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Aftenposten Aften 08.10.2008
- ↑ «Sognsvannsbanen». Wikipedia. 27. september 2017.
- Denne artikkelen byggjer på «Vettakollen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2019.