Vevarar

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Vevarfamilien)

Vevarar, Ploceidae, er ein artsrik familie i ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Familien omfattar ca. 116 artar i 16 slekter. Vevarar har fått namn etter det kunstferdig vove reiret dei byggjer, jamvel om nokre artar er kjente for selektivt parasittiske hekkevanar.

Vevarar
Raudhalevevar, Histurgops ruficauda
Raudhalevevar, Histurgops ruficauda
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Vevarar Ploceidae
Sundevall, 1836
Bayavevar, Ploceus philippinus hannfugl i Hyderabad, India.
Foto: J.M.Garg
Reir åt bayavevarar
Foto: J.M.Garg
Reirkoloni av landsbyvevarar, Ploceus cucullatus i Gambia
Akasievevar, Ploceus spekei Serengeti, Tanzania
Foto: Charles J Sharp
Skogvevar, Ploceus bicolor
Foto: Steve Garvie
Svarthettebisp, Euplectes franciscanus
Foto: Luc Viatour

Dei fleste artane lever i skogshabitat, krattskog og ope grasland i Afrika sør for Sahara. Berre nokre få artar lever og hekkar i tropiske område i Asia og dessutan i Australia. Mange artar av vevarar følgjer og lever nær menneske. Dette er frøetande fuglar med avrunda koniske nebb. Kroppslengda er mellom 8 og 24 centimeter. Hannane av mange artar er fargerike, vanlegvis i raudt eller gult og svart, nokre artar viser variasjon i farge berre i hekkesesongen. Dei er selskapelege fuglar som ofte hekkar koloniar, gjerne nær vassførekomstar. Fuglane byggjer reiret saman for vern, ofte fleire i ei grein. Vanlegvis er det hannfuglane som vev reiret og brukar det for å imponere potensielle makar.

Reira varierer i storleik, form, i materialar som blir brukte, og byggeteknikkar varierer frå art til art. Materialar som blir brukte for å byggje reir inkluderer fine bladfibrar, gras og kvistar. Mange artar vev særs fint med tynne trådar av blad fiber, sjølv om nokre, som bøffelvevarar, formar koloniar av massive, uryddige reir laga av trepinnar. Slike konstruksjonar kan ha sfærisk vove reir innanfor den ytre veggen. Dei afrikanske vevarartane i Plocepasser byggjer «blokkhusvære», der kvart av 100-300 par har sitt separate kolbeforma kammer med inngang frå undersida. Dei fleste artene vev reir med tronge, nedovervendte inngangar. Somme vevarartar kan ha dei mest forseggjorte av alle fuglereir.

Vevarar kan gjere skade på avlingar, spesielt blodnebbvevar som har vore rekna å vere kanskje verdas mest talrike fugleart.

Artar

endre

Vevarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Bubalornis

Slekt Dinemellia

  • Kvithovudvevar, Dinemellia dinemelli, White-headed Buffalo-Weaver, LC, Rüppell, 1845

Slekt Sporopipes

  • Rustnakkevevar, Sporopipes frontalis, Speckle-fronted Weaver, LC, Daudin, 1802
  • Skjeggvevar, Sporopipes squamifrons, Scaly Weaver, LC, Smith, 1836

Slekt Plocepasser

  • Kvitbrynvevar, Plocepasser mahali, White-browed Sparrow-Weaver, LC, Smith, 1836
  • Rustkronevevar, Plocepasser superciliosus, Chestnut-crowned Sparrow-Weaver, LC, Cretzschmar, 1827
  • Brunryggvevar, Plocepasser rufoscapulatus, Chestnut-backed Sparrow-Weaver, LC, Büttikofer, 1888
  • Gråvevar, Plocepasser donaldsoni, Donaldson-Smith's Sparrow-Weaver, LC, Sharpe, 1895

Slekt Histurgops

Slekt Pseudonigrita

  • Gråkronevevar, Pseudonigrita arnaudi, Gray-headed Social-Weaver, LC, Bonaparte, 1851
  • Svarthettevevar, Pseudonigrita cabanisi, Black-capped Social-Weaver, LC, Fischer & Reichenow, 1884

Slekt Philetairus

  • Blokkvevar, Philetairus socius, Social Weaver, LC, Latham, 1790

Slekt Malimbus

  • Raudkronevevar, Malimbus coronatus, Red-crowned Malimbe, LC, Sharpe, 1906
  • Kongovevar, Malimbus cassini, Black-throated Malimbe, LC, Elliot, 1859
  • Liberiavevar, Malimbus ballmanni, Ballman's Malimbe, EN, Wolters, 1974
  • Gulbrystvevar, Malimbus racheliae, Rachel's Malimbe, LC, Cassin, 1857
  • Raudgumpvevar, Malimbus scutatus, Red-vented Malimbe, LC, Cassin, 1849
  • Ibadanvevar, Malimbus ibadanensis, Ibadan Malimbe, EN, Elgood, 1958
  • Raudbukvevar, Malimbus erythrogaster, Red-bellied Malimbe, LC, Reichenow, 1893
  • Raudbrystvevar, Malimbus nitens, Gray's Malimbe, LC, Gray, 1831
  • Toppvevar, Malimbus malimbicus, Crested Malimbe, LC, Daudin, 1802
  • Raudnakkevevar, Malimbus rubricollis, Red-headed Malimbe, LC, Swainson, 1838

Slekt Anaplectes

  • Raudhovudvevar, Anaplectes rubriceps, Red-headed Weaver, LC, Sundevall, 1850

Slekt Ploceus meir enn 60 artar av vevarar

Slekt Pachyphantes

Slekt Quelea

  • Kardinalvevar, Quelea cardinalis, Cardinal Quelea, LC, Hartlaub, 1880
  • Raudhettevevar, Quelea erythrops, Red-headed Quelea, LC, Hartlaub, 1848
  • Blodnebbvevar, Quelea quelea, Red-billed Quelea, LC, Linné, 1758

Slekt Brachycope

  • Korthalevevar, Brachycope anomala, Bob-tailed Weaver, LC, Reichenow, 1887

Slekt Foudia

  • Raudvevar, Foudia madagascariensis, Red Fody, LC, Linné, 1766
  • Komorvevar, Foudia eminentissima, Red-headed Fody, LC, Bonaparte, 1851
  • Tanalavevar, Foudia omissa, Forest Fody, LC, Rothschild, 1912
  • Mauritiusvevar, Foudia rubra, Mauritius Fody, EN, Gmelin, 1789
  • Seychellvevar, Foudia sechellarum, Seychelles Fody, NT, Newton, 1865
  • Rodriguesvevar, Foudia flavicans, Rodrigues Fody, VU, Newton, 1865

Slekt Euplectes

  • Svarthettebisp, Euplectes franciscanus, Orange Bishop, LC, Isert, 1789
  • Raudbisp, Euplectes orix, Red Bishop, LC, Linné, 1758
  • Svartbrystbisp, Euplectes nigroventris, Zanzibar Bishop, LC, Cassin, 1848
  • Svartvengbisp, Euplectes hordeaceus, Black-winged Bishop, LC, Linné, 1758
  • Eldkragebisp, Euplectes gierowii, Black Bishop, LC, Cabanis, 1880
  • Gulkronebisp, Euplectes afer, Yellow-crowned Bishop, LC, Gmelin, 1789
  • Diadembisp, Euplectes diadematus, Fire-fronted Bishop, LC, Fischer & Reichenow, 1878
  • Gullryggbisp, Euplectes aureus, Golden-backed Bishop, LC, Gmelin, 1789
  • Gulgumpbisp, Euplectes capensis, Yellow Bishop, LC, Linné, 1766
  • Kvitvengvevar, Euplectes albonotatus, White-winged Widowbird, LC, Cassin, 1848
  • Gulkappevevar, Euplectes macroura, Yellow-shouldered Widowbird, LC, Gmelin, 1789
  • Raudkragevevar, Euplectes ardens, Red-collared Widowbird, LC, Boddaert, 1783
  • Raudvengvevar, Euplectes axillaris, Fan-tailed Widowbird, LC, Smith, 1838
  • Myrvevar, Euplectes hartlaubi, Marsh Widowbird, LC, Barboza du Bocage, 1878
  • Svansvevar, Euplectes psammocromius, Buff-shouldered Widowbird, LC, Reichenow, 1900
  • Dragevevar, Euplectes progne, Long-tailed Widowbird, LC, Boddaert, 1783
  • Heksevevar, Euplectes jacksoni, Jackson's Widowbird, NT, Sharpe, 1891

Slekt Amblyospiza

  • Tjukknebbvevar, Amblyospiza albifrons, Grosbeak Weaver, LC, Vigors, 1831

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vevarar