Viking Mestad
Viking Mestad (fødd 12. januar 1930 på Evanger i Voss kommune, død 15. desember 2013)[1] var ein norsk bankmann, jurist, politikar (V) og teatermann.
Viking Mestad | |||
Fødd | 12. januar 1930 Evanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 15. desember 2013 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | jurist, politikar, bankier | ||
Barn | Henrik Mestad, Ola Mestad | ||
Alle verv |
|
Mestad var statssekretær i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i regjeringa Korvald frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.[2]
Han var også kommunestyrerepresentant i Oslo tidleg på 1970-talet.[3]
Mestad er cand.jur. med embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1955[4], og vart tilsett ved Noregs Bank i 1962. I 1986 fekk han stillinga som direktør for Hovedstyresekritariatet.[5] Han slutta i banken i 1995.[4]
Frå 1977 til 1997 var han styreformann ved Det Norske Teatret. Han var etterfølgd av Berge Furre.[6] To månader etter at han gjekk av som styreformann vart han utnemnd som heidersmedlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk teater- og orkesterforening. Han mottok også Heddaprisen.[7]
Mestad var fyrste styreformannen for Nynorsk Pressekontor.[8]
Han er far til skodespelaren Henrik Mestad.[9]
Referansar
endreDenne artikkelen byggjer på ei omsetjinga av «Viking Mestad» henta frå Wikipedia på engelsk 18. januar 2011. Der var desse referansane oppgjevne:
- ↑ ««Viking Mestad er død»». nto.no, nettstaden til Norsk Teater- og Orkesterforening. 17. desember 2013.
- ↑ Statssekretærar på Regjeringen.no, innhenta 19. juli 2010.
- ↑ VG: «Oslo bystyre» 27, april 1971
- ↑ 4,0 4,1 Ottar Grepstad (2006). «Mestad, Viking». Viljen til språk : Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo: Det norske Samlaget. s. 170. ISBN 82-521-6654-7.
- ↑ Aftenposten: «Eksportutsending Petter Johansen» 21. april 1986
- ↑ «Furre ny styreleder på Det Norske Teatret». Aftenposten. 28. april 1997.
- ↑ «Heløe ny leder i NTO». Aftenposten. 20. juni 1997.
- ↑ Ottar Grepstad (1998). Nynorsk faktabok 1998. s. 348. ISBN 82-91939-00-4.
- ↑ Eriksen, Kirsten Osmo (25. mars 1995). «Vellykket liberaler». Nordlys.