Viktor Viktorovitsj Majgurov (fødd 7. februar 1969) er ein russisk skiskyttar, fødd i Sverdlovsk i dåverande Sovjetunionen, som tevla for Kviterussland til 1994, sidan for Russland. Han vann VM-gull på jaktstarten i 1997 og to gullmedaljar i stafett for Russland i 1996 og 2000. Individuelt tok han elles eitt VM-sølv og ein OL-bronse, samt tre VM-sølv, ein OL-bronse og ein VM-bronse i ymse stafettar og lagtevlingar. I 1996 vart han nummer to i verdscupen i skiskyting.

Viktor Majgurov
Verkeleg namn Виктор Викторович Майгуров
Statsborgarskap Russland
Fødd 7. februar 1969 (55 år)
Severouralsk, Tsjerjomukhovo
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1994, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Sparkassenpreis für Vorbilder im Sport

Aktiv endre

Majgurov representerte Kviterussland fram til 1994. Frå 1995 var han med på Russland sitt landslag i skiskyting. Gjennom 1996-sesongen gjekk han fleire gode renn i verdscupen i skiskyting, og enda på andreplass ved sesongslutt. I tida 1995-2001 vann Majgurov åtte renn i verdscupen i skiskyting.

Under VM i skiskyting 1996 i tyske Ruhpolding tok Majgurov sølvmedaljen på 10 km, bakom lagkameraten Vladimir Dratsjov. Dei same to karane og Sergej Tarasov og Vladimir Kobelev syrgde så for russisk siger i 4 x 7,5 km stafett. I tillegg vann Majgurov også ein sølvmedalje med Russland i lagtevlinga.

I 1997 vann Majgurov gullmedaljen på jakstarten under VM i slovakiske Osrblie. Under Vinter-OL 1998 i Nagano gjekk Majgurov Russland inn til bronsemedaljar på stafetten, tidlegare i leikane vart han nummer fire på 10 km. Seinare i OL-sesongen fekk han ein VM-medalje i lagtevlinga. Året etter vart Russland med Majgurov på laget nummer to i VM-stafetten.

Majgurov vann sitt andre stafettgull då Russland i VM 2000 vann 4 x 7,5 km i Lahti. Han gjekk startetappen og fekk fylgje av Sergej Rozjkov, Vladimir Dratsjov og Pavel Rostovtsev. Året etter vart han nummer fem på 20 km ved VM i Pokljuka, medan han tok bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City. I sitt siste verdsmeisterskap, VM 2003 på heimebane i Khanty-Mansijsk, sikra han seg ei sølvmedalje med det russiske staffettlaget. Han la deretter opp som aktiv skiskyttar.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre