Vilcabambatistelstjert
Vilcabambatistelstjert (Asthenes vilcabambae) er ein fugleart i omnfuglfamilien (Furnariidae). Arten lever på eit svært avgrensa område i Andes i Cuzco-regionen, Peru.
Vilcabambatistelstjert | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av vilcabambatistelstjert | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Omnfuglar Furnariidae |
Slekt: | Asthenes |
Art: | Vilcabambatistelstjert A. vilcabambae |
Vitskapleg namn | |
Asthenes vilcabambae |
Skildring
endreDette er ein typisk tistelstjert, kompakt kropp med stutte venger og fliste og kløfta hale som er minst like lang som resten av kroppen. Kroppslengda er tilsaman 18-20 centimeter og kroppsvekta er rundt 20 gram. Undersida er relativt lys grå med svakt skjelmønster. Oversida, venger og hale har ei lite iaugafallande brun farge.[1]
Vilcabambatistelstjerten lever i den nordlege delen av Cordillera Vilcabamba, om lag 100 kilometer vest for byen Cuzco, mellom elvene Apurimac og Urubamba. Habitatet er i eit páramo-økosystem med dvergskog, ca. 2800-3600 moh.[1]
Han har ein song som startar med 3–5 lengre pii-tonar som stig i styrke og går over i ei snøgg trille først med aukande og så synkande frekvens. Kontaktropa er lange med synkande styrke.[1]
Det er elles sparsamt med dokumentasjon på levevis og hekkebiologi for denne arten.
Trass i at utbreiingsområdet er lite, blir arten i følgje Birdlife International rekna som globalt livskraftig, LC.[2]
Kjelder
endre- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Remsen, Jr., J. V., P. F. D. Boesman, og G. M. Kirwan (2020). Vilcabamba Thistletail (Asthenes vilcabambae), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.vilthi2.01
- ↑ BirdLife International (2021) Species factsheet: Asthenes vilcabambae. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. mai 2021
Bakgrunnsstoff
endre