Vilmos Varjú

Vilmos Varjú (10. juni 193717. februar 1994) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Gyula. Han vart europameister i kulestøyt i 1962, og forsvarte EM-tittelen fire år seinare. I mellomtida vann han bronsemedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 1964.

Vilmos Varjú
Vilmos Varjú 1966.jpg
Fødd 10. juni 1937
Békés
Død

17. februar 1994 (56 år)
Budapest

Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Varjú sette europarekord med 18,67 m i 1960, men deltok ikkje i OL. I 1962 vann han ein klar siger i kulestøyttevlinga under EM i Beograd. Han forbetra den personlege rekorden til 19,42 m i 1963, og støytte berre tre centimeter kortare i finalen under OL 1964 i Tokyo, ein prestasjon som gav han bronsemedaljen bak dei to suverene US-amerikanarane Dallas Long og Randy Matson.

I 1966 vart det klart for europameisterskap på heimebane i Budapest. Varjú skuffa ikkje, han forsvarte EM-tittelen med stor margin til andremann. Same sesongen forbetra han europarekorden med seks cm til 19,62 m. I 1970 sette han ny personleg rekord med 19,72 m, før han i 1971 la på til heile 20,45 m. Under EM 1971 i Helsingfors kom han på fjerdeplassen med 19,99 m, fem centimeter bak bronsevinnaren.

Varjú vart ungarsk meister i kulestøyt 1958-60 og 1963-72. Han flytta i si tid som akiv den ungarske rekorden 17 gongar, frå 16,63 meter til 20,45 m, hans endelege personlege bestenotering.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra