Vincent Bueno

filippinsk-austerriksk songar

Vincent Bueno (fødd 10. desember 1985 i Wien) er ein austerriksk songar med filippinsk bakgrunn. Han vart nasjonalt kjend i januar 2008, då han vann talenttevlinga Musical! Die Show i regi av den austerrikske kringkastaren ORF.[1] Bueno har òg hatt fleire show og konsertar på Filippinane, og har vore oppvarmingsartist for den filippinske songaren Sarah Geronimo.[2] Sidan har han etablert seg som artist på Filippinane, og har platekontrakt gjennom Star Records, eit underhaldningsselskap under ABS-CBN.[3] Bueno skulle ha representert Austerrike i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Alive», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[4] Han representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Amen».[5]

Vincent Bueno

Fødd10. desember 1985 (38 år)
FødestadWien
OpphavAusterrike, Filippinane
Aktiv2008–
Sjangerklassisk musikk, moderne R&B
Instrumentvokal
Stemmetypetenor
PlateselskapStar Music
Verka somsongar, komponist

Bakgrunn endre

Bueno starta å danse som fireåring og var tidleg i gang med musikk.[6] Faren var ein tidlegare songar og gitarist i eit lokalt musikkband i 1970-åra. Bueno laga eigne songar og tok kurs innan drama, dans og song og studerte musikk og utøvande kunst ved Wiens private musikk- og kunstuniversitet.

I 2008 vann Bueno den TV-sende talenttevlinga Musical! Die Show på den austerrikske kringkastingskanalen ORF. Sigeren gjorde han kjend i Austerrike, og sidan har han dukka opp i ulike musikk- og teateroppsetjingar. I 2009 deltok han i ORF-programmet Dancing Stars, den austerrikske versjonen av Skal vi danse. I 2016 deltok han òg i den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest med songen «All We Need Is That Love».

I kjølvatnet av artistkarrieren i Austerrike, lanserte han òg ein karriere på Filippinane, blant anna som deltakar i musikkshowet ASAP XV i 2010 og med platekontrakt med selskapet Star Records.

I 2019 valde kringkastaren ORF Bueno til Austerrike sin representant til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam. Han skulle ha delteke med songen «Alive», men på grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest.[7] Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19 i Europa. 29. mars kunngjorde den austerrikske kringskastaren ORF at Bueno i staden fekk representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Amen».[8] Han vart slått ut i den andre semifinalen torsdag 20. mai i Rotterdam Ahoy.[9]

Bueno snakkar tysk, engelsk og tagalog flytande.

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • 2008: Step by Step
  • 2016: Wieder leben
  • 2018: Invincible
  • 2020: On the Run

Singlar endre

  • 2009: «Sex appeal»
  • 2011: «Party Hard»
  • 2016: «Bida Best Sa Tag-Araw» (med Angeline Quinto)
  • 2016: «All We Need Is That Love»
  • 2020: «Alive»
  • 2020: «Walking on Water»
  • 2020: «Instant Dose»
  • 2021: «Amen»

Kjelder endre

  1. www.pep.ph/guide, Filipino singer Vincent-Bueno sweeps Europe off its feet in Musical!
  2. www.youtube.com, Vincent Bueno sings @ Sarah Geronimo's concert in Vienna
  3. «PEP.ph Vincent Bueno is slated to do an album for Star Records». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 12. desember 2019. 
  4. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  5. «Vincent Bueno - Austria - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  6. www.youtube.com, Vincent Bueno
  7. «Austria picks Vincent Bueno for Rotterdam 2020». eurovision.tv. 12. desember 2019. Henta 12. desember 2019. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  9. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021.