Amen av Vincent Bueno

song frå 2021 med Vincent Bueno
«Amen»
Song av Vincent Bueno
Land Austerrike
Språk Engelsk
Utgjeve 10. mars 2021
Sjanger Pop
Lengd 02:55
Selskap Unified Songs
Låtskrivar(ar) Ashley Hicklin, Jonas Thander, Tobias Stuber
Produsent Nikolaj Trybulec, Pele Loriando, Jonas Thander

«Amen» (hebraisk for 'det skal skje'[1]) er ein popballade frå 2021 som vert framført av den austerrikske musikaren Vincent Bueno. Songen vart utgjeven 10. mars 2021 og var det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[2][3]

Om songen endre

Låten vert framført av Vincent Bueno. Han vart vald internt av den austerrikske kringkastaren ORF til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[4] I staden vedtok ORF at Bueno skulle representerte landet i tevlinga i 2021.

Tittelen til songen vart avsløra i februar 2021, og han vart gjeven ut 10. mars 2021.[3][5] Bueno har jobba med eit internasjonal team av låtskrivarar for å skrive og produsere songen. Jonas Thander er hovudprodusent, og han har skrive den saman med Tobias Stuber og den britiske låtskrivaren Ashley Hicklin. Pele Loriano og Nikolaj Trybulec har vore med på produsentsida. Hicklin og Loriano var òg med på å skrive og produsere «Run with the Lions», som representerte Litauen i 2019.[5]

«Amen» var ein av to songar med same tittel i Eurovision Song Contest 2021; også Slovenias Ana Soklič stilte med eit bidrag som heitte «Amen».[6]

Eurovision Song Contest endre

Austerrike vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2021. Semifinalen vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai.[7] Songen enda på 12.-plass av 17 bidrag i semifinalen og gjekk ikkje vidare til finalen laurdag 22. mai.[8]

I Eurovision Song Contest var Marvin Dietmann kunstnarisk ansvarleg for framføringa og sceneshowet. Han stod bak Conchita Wursts sceneframsyning med «Rise Like a Phoenix» som vann Eurovision Song Contest i 2014.[5]

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 10. mars 2021 Unified Songs Digital nedlasting, strøyming [3]

Kjelder endre

  1. «Det Norske Akademis ordbok». Henta 28. februar 2021. 
  2. «Vincent Bueno - Austria - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Amen - Single by Vincent Bueno» (på engelsk). Henta 10. mars 2021. 
  4. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Amen! Vincent Bueno's Eurovision 2021 song title revealed by Austrian Eurovision scout» (på engelsk). 26. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  6. «Slovenia: Ana Soklič will sing "Amen" at Eurovision 2021». 27. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  7. «2020 Semi-Final line-up to stay for 2021» (på engelsk). 19. november 2020. Henta 28. februar 2021. 
  8. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021.