Vinhegre

fugleart
Vinhegre
Vinhegre Foto: Charles Lam
Vinhegre
Foto: Charles Lam
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av vinhegre
Utbreiinga av vinhegre
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Slekt: Ardeola
Art: Vinhegre A. bacchus
Vitskapleg namn
Ardeola bacchus

Vinhegre (Ardeola bacchus) er ein fugl i hegrefamilien som lever i hovudsakleg Aust-Asia sommarstid og overvintrar i Søraust-Asia.

Skildring endre

 
Vinhegre i vinterdrakt.

Dette er ein liten hegre, ca. 42-52 centimeter i kroppslengd og han veg rundt 300 gram. I hekkedrakta har vinhegren ei karakteristisk djup raudbrun farge på hovud, hals og framkropp, men strupen er kvit. Både underside bak brystet, rygg og venger er kvite med oversida dekt av lange svarte fjørduskar som rekkjer heilt bak til halen. Auga er gule, nebbet gult til oransje med ein svart spiss. Beina er gule. Hofuglar kan vere litt bleikare i farger. Vinterdrakta er kvit med lysbrune, grove striper på hovud, hals og bryst og dei mørke fjørene på oversida er lys brune. Undersida av kropp og venger er framleis kvite, oversida av vengene mest kvite.[1]

Leveområdet for denne hegrearten er opne sumpar, langs elvebreidder ut i salt miljø inkludert mangrovar. Dei kan beite i opp til 1450 moh., men kan treffast mykje høgare på streif og over 4000 moh. under trekket. Føda er fisk og andre vasslevande dyr, inkludert froskar. Hekkeområdet er austre og nordaustre Kina, Korea-halvøya, litt inn i søraustlegaste Russland og i Japan. Dei trekker sørover og overvintrar på Malayahalvøya, i Indokina, på delar av Sumatra og Borneo og nordaust til og med Ryukyuøyane. Det er overlapping mellom hekkeområde og vinterkvarter i sørlegaste Kina.[1]

I Noreg finst ein godkjent registrering av vinhegre i Stranda kommune i 1973, dessutan er eit individ fotografert ved Mandal i 2016.[2]

Populasjonen er estimert til under ein million individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Martínez-Vilalta, A., Motis, A. & Kirwan, G.M. (2017) Chinese Pond-Heron (Ardeola bacchus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. desember 2017
  2. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 8. desember 2017. 
  3. BirdLife International (2017). Ardeola bacchus. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2017.2. Henta 8. desember 2017

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vinhegre