Viola d’amore
Viola d'amore (frå italiensk), òg kalla viole d'amour (frå fransk), er eit strykeinstrument med 6–7 vanlege strenger og oftast òg 7–14 resonansstrenger med ein del fellestrekk med gambefamilien på den eine sida og fiolinfamilien på den andre.
Viola d’amore | |||
| |||
Klassifisering | gambefamilien, barokkinstrument | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.322-71 |
Særtrekk ved instrumentet
endreFellestrekk med gambefamilien
endreFellestrekk med gambefamilien er den flate klangbotnen og den «lutaksla» overgangen mellom kroppen og halsen. Av meir kosmetiske fellestrekk kan nemnast det utskorne hovudet over stemmeskruane.
Fellestrekk med fiolinfamilien
endreFellestrekk med fiolinfamilien er mangelen av tverrband på gripebrettet og spelemåten — med instrumentet vassrett mot kragebeinet eller halsen på musikaren. Storleiken av ein viola d'amore svarar om lag til ein bratsj.
Strenger
endreVanlege strenger og resonansstrenger
endreViola d'amore har vanlegvis sju vanlege strenger, men seks strenger er ikkje uvanleg. Dei aller tidlegaste instrumenta frå 1600-talet har vanlegvis ikkje resonansstrenger, og dei vanlege strengene er av metall. 1700-talsinstrumenta har vanlegvis tarmstrenger, og det er i tillegg gjerne sju til fjorten resonansstrenger. Ein reknar med at resonansstrengene på viola d'amore er ei direkte kjelde til resonansstrengene på hardingfela, men det bør ikkje gløymast at det òg fanst vanlege fiolinar med resonansstrenger på kontinentet kring år 1700.
Stemming
endreDet finst ikkje noka standardstemming for instrumentet, men instrumentet blir stemt i tersar, kvartar og kvintar ut frå kva toneart ein spelar i og kva spesielle effektar ein ønskjer å få fram. Den mørkaste strengen er oftast stemt d og den lysaste strengen er oftast stemt d".
På grunn av ein kombinasjon av lett strengetrykk på dei vanlege strengene og klangen frå resonansstrengene har viola d'amoren ei utprega mjuk og overtonerik klang. Leopold Mozart skreiv i Versuch einer gründlichen Violinschule, at dette instrumentet kling «særleg sjarmerande i stilla om aftanen.»
Bruk
endreViola d'amore var særleg mykje bruka sist på 1600-talet, sjølv om det til og med på den tida var lite sannsynleg å finne musikarar som hadde spesialisert seg berre på dette instrumentet. dei fleste viola d'amore-spelarane spela det truleg som ei bigrein av eit anna instrument — på liknande vis som våre dagars musikarar gjerne kombinerer tverrfløyte og pikkolofløyte eller obo og engelsk horn.
Lite bruka på 1800-talet
endreSeinare gjekk instrumentet stort sett or bruk, sjølv om det finst isolerte eksempel på bruk av instrumentet på 1800-talet.
Renessanse for viola d'amore på 1900-talet
endreTidleg på 1900-talet vart det noko interesse for viola d'amore att, og bratsjistane Henri Casadeus og Paul Hindemith spela begge viola d'amore først på århundret. Filmkomponisten Bernard Herrmann bruka viola d'amore i fleire verk. Leoš Janáček bruka òg dette instrumentet i operaen Káťa Kabanová, der viola d'amoren representerer tittelkarakteren.
Instrumentet er òg bruka i musikkensemble som spesialiserer seg i historisk nøyaktig framføring av barokkmusikk, slik som til dømes ensemblet Tafelmusik.
Repertoar
endre- Leoš Janáček: Káťa Kabanová (opera)