Opna hovudmenyen
Teatermannen og visediktaren Jens Gunderssen (1912-1969) var ein av dei som skipa Visens Venner i 1944.

Visens Venner var ein norsk samskipnad for visevener. Han vart skipa i 1944 av Bjørn Mørck i samarbeid med Jens Gundersen, Yukon Gjelseth, Thorbjørn Egner, Bjarne Berulfsen, Jacob Dybwad, Julius Hougen og Finn Faaborg, som eit norsk svar på den svenske samskipnaden frå 1936. Føremålet var å verna og dyrka den gode visa, og å få oppvurdert visa som kulturuttrykk. Arkitekten Odd Brochmann var den første formannen i samskipnaden. Andre kjende medlemmar var Alf Prøysen, som vart innvald som æresmedlem,[1] Jakob Sande, Mimmi Thommessen, Bernt Heiberg, Odd Nansen og Frode Rinnan. Utover på 60-talet kom òg Erik Bye, Hartvig Kiran, Geirr Tveitt, Alf Cranner, Ivar Medaas, Birgitte Grimstad og Otto Nielsen med.

Visens Venner vart etterfølgd av tilsvarande samskipnader i Finland i 1945 og Danmark i 1953.

Boka Tone, tekst og trubadur vart laga til samskipnaden sitt 60 års-jubileum. Ho inneheld 150 viser av dei fremste kunstnarane i Visens Venner, og ein artikkel om historia til samskipnaden, som Olav Bø skreiv til samskipnaden sitt 50-årsjubileum.

Visens Venner hadde òg eit fast radioprogram som vart sendt på NRK tidleg i 1950-åra.

Årsmøtet i 2007 gjekk inn for eit forslag om å leggja ned Visens venner. Arkivet til samskipnadne er overteke av Norsk visearkiv.

LitteraturEndra

  • Tone, tekst og trubadur: 60 år med Visens Venner, red. av Rigmor Falla & al. Oslo 2003: Andresen & Butenschøn ISBN 82-7694-128-1
  • Visens venners viser, første samling [2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Referansar
  1. Aftenposten Historie Nr. 7 2018
  2. Visens venners viser, første samling i bokhylla.no (Tiden norsk forlag, 1950).

BakgrunnsstoffEndra