Odd Nansen (6. desember 190127. juni 1973) var ein norsk forfattar og arkitekt, særleg kjend for sitt humanitære arbeid.[1]

Odd Nansen
Odd Nansen OB.F06294d.jpg
Fødd 6. desember 1901
Bærum
Død

27. juni 1973 (71 år)
Oslo

Yrke arkitekt, skribent, humanist, dagbokskrivar
Odd Nansen på Commons

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Odd Nansen var fødd i Bærum som son av Fridtjof Nansen og songareb Eva Sars og voks opp på eigedomen Polhøgda i Bærum. Etter examen artium i Oslo tok han arkitekteksamen 1926 ved NTH, der han i studietida var med på fleire UKErevyer i Studentersamfundet, både som forfattar og skodespelar. Nansen var òg 1922-24 teatersjef i Studentersamfundets Interne Teater. Han skreiv visa «Hjemve», kjend som «Æ e' fødd i Trondhjæm uti Sanden» eller «Trondhjæm, Trondhjæm at æ reist ifrå dæ» til revyen Bing BANG i 1925.

Nansen stifta familie i 1927 og flytta til USA, der han fekk ein tredjeplass i ein arkitektkonkurranse for beste flyplass. Då Fridtjof Nansen døydde i 1930, vende familien tilbake til Noreg.

ArkitektEndra

Odd Nansen etablerte eigen arkitektpraksis i Oslo 1931. Mellom anna teikna han det tidlegare signalbygget til Siemens på Linderud i Oslo. Nansen var hovudarkitekt for bygningane på Fornebu lufthamn frå starten til flyplassen stod ferdig. Han utforma også aluminiumsverkaSunndalsøra, i Mosjøen og på Lista.

Andre verdskrigEndra

Odd Nansen tok opp det humanitære arbeidet etter far sin. I 1936 stifta han Nansenhjelpen som hjelpte menneske på flukt frå Hitler-Tyskland. Nansen stilte seg i spissen for å hjelpa jødar på flukt då Nygaardsvold-regjeringa og fagrørsla stritta imot. Fleire av dei jødiske flyktningane Nansenhjelp greidde å hjelpe, var barn. Nina Grünfeldts film Ninas Barn fortel historia til desse borna.[2] Nansens innsats har vorte samanlikna med svenske Raoul Wallenberg, som gjennom sin innsats i Budapest redda mange tusen menneske frå å verte deportert.

I januar 1942 vart Nansen arrestert i Gausdal av Gestapo. Sidan sat han fengsla på Grini og deretter i Sachsenhausen i Tyskland. Medan han var internert på Grini var han i fleire månader utplassert på tvangsarbeid med snøtunnelar i Nord-Noreg.[3] I fangetida skreiv Nansen nesten kvar dag dagbok med tynn blyantskrift på små lappar. Desse lappane vart smugla ut av leirane og utgjeve i 1947. Trebandsverket Fra dag til dag vart ein bestseljar i Noreg og omsett til fleire språk. Ein av Nansens medfangar i Sachsenhausen, Robert Bjørk, har fortalt om korleis dagbøkene vart til.[4]

21. mars 1945 var Nansen saman med andre norske fangar frakta med dei kvite bussane frå Sachsenhausen til Neuengamme . Nansen konstaterte at Neuengamme var ein dødsleir og meinte at svensk Ròde Kors var ført bak lyset. Folke Bernadotte inspiserte sjølv leiren 31. mars og vart orientert av den norske tillitsmannen Sverre Løberg. Seinare kom det òg svenske sjukepleiarar til sjukestova i leiren. Òg den danske raudekrossen arbeidde i leiren. Den første transporten med sjuke frå Neuengamme til Sverige gjekk 9. april 1945. Nansen vart sjølv med bussar som gjekk nordover mot Danmark 20. april.[5]

Etter 1945Endra

Etter verdskrigen gjorde Nansen ein omfattande innsats for å få Tyskland på fote igjen, mellom anna med fleire månaderlange ekspedisjonar til dei utbomba områda med mat og tran. Han var aktiv i organisasjonen En verden som formann i den norske sentralkomitéen frå starten i 1947 til 1956, sidan president i organisasjonen ein periode. Der etter formann i Det Norske Flyktningeråd.

Nansne gav i 1970 ut minneboka Langs veien. Opplevelser, møter og samtaler.

BiografiEndra

I 2015 kom biografien om Odd Nansen, basert på mellom anna ei bilet- og brevsamling og intervju med dei attlevande borna hans. Odd Nansen – arvtageren (Forlaget Historie & Kultur) fekk stor merksemd i pressa.[6][7][8][9][10] Publikasjonar som Arkitektnytt, Bistandsaktuelt og Norsk Militært Tidsskrift omtalte boka.[11][12]

UtmerkingarEndra

ArbeidEndra

BibliografiEndra

KjelderEndra

Referansar
  1. Odd Nansen i Norsk biografisk leksikon
  2. «Nina Grünfeld med film og bok om en ukjent heltinne». Aftenposten (bokmål). Henta 23. november 2017. 
  3. Hauge, Tore og Anders Ole Hauglid (1995): De brente våre hjem. krig - brenning - nytt håp. En bildefortelling. Nord-Troms museum
  4. «Feiret jul for å overleve i Sachsenhausen» (norsk). Henta 23. november 2017. 
  5. Nansen, Odd: Fra 22. august 1943 til 28. april 1945. Oslo: Dreyer, 1946
  6. «kulturanalyse». kulturanalyse. Arkivert frå originalen 2017-12-01. 
  7. «Odd Nansen – nasjonens samvittighet». Aftenposten (bokmål). Henta 22. november 2017. 
  8. «Etter å ha utfordret Quisling personlig, havnet Odd Nansen i tyskernes konsentrasjonsleirer». Dagbladet.no (norsk). 16. august 2015. Henta 23. november 2017. 
  9. «VG+: - Polfareren umyndiggjorde sønnen». pluss.vg.no. 
  10. «Budstikka - Ut av faren Fridtjof Nansens skygge». www.budstikka.no (norsk). 
  11. «Arven etter Odd Nansen | arkitektnytt.no». arkitektnytt.no (norsk). 29. september 2015. Henta 23. november 2017. 
  12. «Kjempet for Europas flyktninger». NoradDev (norsk).