Vivianitt
Vivianitt er eit mineral som består av eit vasshaldig jernfosfat, Fe3(PO4)2· 8H2O. Det krystalliserer monoklint, isomorft med dei tilsvarande nikkel- og koboltsambindingane (annabergitt og erythrin). Mineralet er fargelaust i frisk tilstand, men blir raskt blått til grønleg i lufta pga delvis oksidasjon av jernet. Det vert ofte danna i jordbotnen, særleg omkring organiske restar. Det er funne som små knollar i leirlag einskilde stader i Sør-Noreg, vidare som belegg på gjenstandar av jern og bein funne i jorda (mellom anna Raknehaugen, Osebergskipet og Bryggen i Bergen). Jordaktig vivianitt blir kalla blåjord.
Vivianitt | |||
Vivianitt frå Foote-gruva i Nord-Carolina | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fosfatmineral Vivianittgroup | ||
Kjemisk formel | Fe3(PO4)2· 8H2O | ||
Strunz-klassifisering | 8.CE.40 7/C.13-40 (8 ed) | ||
Dana-klassifisering | 40.3.6.1 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m | ||
Einingscelle | a = 10.086 Å, b = 13.441 Å, c = 4.703 Å; β = 104.27°; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 501.61 g | ||
Farge | fargelaus, særs bleik grøn, vert mørkeblå, mørk grønaktig blå, indigo-blå, så svart med oksidasjon | ||
Krystallform | Flattrykt, langstrekte prismatisk krystallar, kan vere avrunda eller korrodert; som stjerneforma grupper, skorper, konkresjonar, jordaktig eller pulveraktig | ||
Krystallsystem | Monoklin prismatisk 2/m | ||
Tvilling | Translasjonsglidande | ||
Kløyv | perfekt på {010} | ||
Brot | trådaktig | ||
Fastleik | Fleksibel, kan skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 1.5-2 | ||
Glans | Glasaktig, perleaktig på kløyv, matt når jordaktig | ||
Strekfarge | Kvit, endrar til mørk blå, brun | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.68 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.579 - 1.616, nβ = 1.602 - 1.656, nγ = 1.629 - 1.675 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.050 - 0.059 | ||
Pleokroisme | Synleg; X = blå, mørkeblå, Indigoblå; Y = bleik gulaktig grøn, bleik blågrøn, gul-grøn; Z = bleik gulaktig grøn, olivengul | ||
2V-vinkel | Målt: 63° til 83.5°, Utrekna: 78° til 88° | ||
Dispersjon (spreiing) | r < v, svak | ||
Ultrafiolett fluorescens | Ikkje fluorescerande | ||
Smeltepunkt | 1114° | ||
Oppløyselegheit | Lett oppløyseleg i syrer | ||
Endrar seg til | Metavivianitt |
Det vart namngjeve av Abraham Gottlob Werner i 1817, året etter han døydde, etter John Henry Vivian (1785–1855), ein walisisk-kornisk politikar, gruveeigar og mineralog som budde i Truro i Cornwall i England.
Kjelder
endre- Vivianitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/vivianitt.