Was Gott tut, das ist wohlgetan, BWV 98

Was Gott tut, das ist wohlgetan, BWV 98, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Was Gott tut, das ist wohlgetan
BWV 98
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1726
Urframføring10. november 1726 10. november 1726
Publiseringsdato1875
Typisk lengd14:32
Satsar/akter5

Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den 21. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 10. november.

Teksten til første satsen er skriven av Samuel Rodigast, medan resten er av ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Was Gott tut, das ist wohlgetan» av Samuel Rodigast (1675).

Instrumentering og struktur

endre

Stykket er instrumentert for to oboar, engelsk horn (tenorobo), to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 5 satsar:

  1. «Was Gott tut, das ist wohlgetan», Koral
  2. «Ach Gott! wann wirst du mich einmal», Resitativ for tenor
  3. «Hört, ihr Augen, auf zu weinen», Arie for sopran
  4. «Gott hat ein Herz, das des Erbarmens Überfluß», Resitativ for alt
  5. «Meinen Jesum laß ich nicht», Arie for bass

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre