Well dressing, 'brønnkleding', òg kjent som well flowering, er ein tradisjon som blir praktisert i nokre delar av Bygde-England der ein pyntar brønnar eller vasskjelder med blomar som dannar ulike design.[1] Skikken er særleg knytt til Peak District i Derbyshire og Staffordshire.[1] James Murray Mackinlay skreiv i 1893 skreiv at tradisjonen ikkje fanst i Skottland; W.S. Cordner skreiv i 1946 på liknande vis at han heller ikkje fanst i Irland.[2][3] Både Skottland og Irland har lange tradisjonar for tilbeding av brønnar som minst kan førast tilbake til 500-talet.[4]

Pynta brønn i Tissington i 2007.

Den engelske skikken med well dressing i den noverande forma si byrja truleg på slutten av 1700-talet, og utvikla seg frå «den meir utbreidde, men mindre pittoreske"»pyntinga av brønnar med band og enkle blomegirlanderar.[5][6][a]

Prosess endre

 
Grevling frå Whitwell i 2010.

For å pynta brunnar reiser ein rammer dekka med leire som er blanda med vatn og salt. Ein teikning er teikna på papir, ofte av eit religiøs tema, og dette blir kopiert til leira. Bildet blir så fylt med naturmateriale, hovudsakleg kronblad og mose, men også bønner, frø og små konglar. Kvar gruppe nyttar sin eigen teknikk. I nokre område krev ein at berre naturlege materiale skal brukast, medan andre også tillet bruke moderne materiale for å gjera pyntinga enklare. Wirksworth og Barlow er døme på stader der ein har halde på strenge reglar om å berre nytta naturmateriale.

Historie endre

Tissington i Derbyshire er særleg knytt til skikken, men opphavet er ukjent. Det er blitt spekulert i at han kan ha opphav i ein heidensk skikk med å ofra til gudar som takk for gode vasskjelder. Andre føreslåtte forklaringar på skikken er at landsbybuarar feira det reine drikkevatnet sitt etter å ha overlevd svartedauden i 1348, eller alternativt at dei feira den vedvarande vasstilgangen sin under ein lang tørkeperiode i 1615.[7] Skikken med å pynta vasskjelder ved hjelp av leirerammer er ikkje dokumenter før i 1818. Ein omtale av brønnpynting frå 1758 skildrar pynting med enkle girlandrar.[8]

 
Well dressing i Wirksworth på 1860-talet.

Skikken var kjend i minst 12 landsbyar i Derbyshire på slutten av 1800-talet. Han blei innført i Buxton i 1840, for å æra ein drikkefontene reist av hertugen av Devonshire i Upper Town, slik at folk slapp gå heilt ned til St Anne-kjelda ved elva Wye etter vatn.[9][10] På same måte blei skikken gjenoppgliva i Youlgreave, for å feira at landsbyen hadde fått vassforsyning gjennom røyr frå ein ås i nærleiken.[11] Her utvida ein skikken til å omfatta pynting av offentlege kranar, sjølv om han blei framleis blei omtalt som well dressing eller 'brunnpynting'.

Skikken har auka og minka gjennom historia, men har gått gjennom gjenopplivingar i Derbyshire, Staffordshire, South Yorkshire, Cheshire, Shropshire, Worcestershire og Kent.[12][13]

I litteraturen endre

John Brunner si soge «In the Season of the Dressing of the Wells» skildrar gjenopplivinga av skikken i ein engelsk landsby i West Country etter World War I, og sambandet hans til Gudinna.[14][15]

Jon McGregor sin roman Reservoir 13 går føre seg i ein landsby der well dressing går føre seg årleg.[16]

Galleri endre

Sjå også endre

Merknadar endre

  1. the more widespread, but less picturesque" decoration of wells with ribbons and simple floral garlands

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ditchfield 1896.
  2. Mackinlay 1893.
  3. Cordner 1946.
  4. Moore & Terry 1894.
  5. Jewitt 1863.
  6. Simpson & Roud 2000.
  7. Christian 1976.
  8. Shirley 2017.
  9. Norman 1993.
  10. «Buxton well dressing of 1856». The Derby Mercury (Derby). 28 April 1858. 
  11. «Well dressing». The Derby Mercury (Derby). 10 August 1842. 
  12. «Malvern Well Dressing History», Malvern Spa Association, arkivert frå originalen 4 August 2012, henta 12 July 2010 
  13. «The History of Well Dressing», Hargate Hall, 2008, henta 20 April 2010 
  14. «After the King». Henta 31 December 2013. 
  15. Greenberg 1992.
  16. Hadley 2017.

Bakgrunnsstoff endre