What in the World

What in the World
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt September til november 1976
Sjanger
Lengd 2:23
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«What in the World» er ein song av David Bowie frå albumet Low i 1977. Songen vart sidan spelt på fleire turnear, mellom anna 1978-turneen.

«What in the World» syner noko av låtskrivinga og produksjonsteknikkane til Bowie frå Berlin-tida. Songen er, som andre songar på Low, usamanhengande, med tilsynelatande tilfeldige setningar og frie assosiasjonar i teksten.[1]

Det vert nytta mykje synthesizer og platestudioteknikkar, kraftig påverka av arbeidet med Brian Eno, som han samarbeidde med på albumet. Ein «blipp»-liknande lyd som minnar om lydar frå det seinare Pac-man og Nintendo Entertainment System pulserer gjennom songen, som i lag med ein særs rytmisk gitarsolo, skapar eit rasande tempo. Tony Visconti nyttar òg kraftige effektar på trommene til Dennis Davis. Iggy Pop syng korvokal på songen. Pop-albumet The Idiot vart spelt inn like før Low i same studioet, og var produsert av Bowie med mange av dei same musikarane.

Konsertversjonar endre

  • Eit konsertopptak frå Isolar II-turneen i Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på konsertalbumet Stage. For å gjere songen meir tilgjengeleg, vart han gjort over dobbelt så langt. Først vart songen spelt i eit langt rolegare tempo, før han vart repetert i same tempo som på albumet. Eit anna konsertopptak frå den same turneen kom ut på Welcome to the Blackout, gjeve ut i 2018.
  • Eit konsertopptak frå 12. september 1983 under Serious Moonlight-turneen kom ut på konsertfilmen med same namn og på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988) i 2018 og som eit separat album i 2019.

Medverkande endre

Andre utgjveingar endre

  • Konsertversjonen frå Stage vart gjeven ut som B-sida til singelen «Star» i 1978.
  • Den originale albumversjonen vart gjeven ut som B-sida til den amerikanske singelen «Boys Keep Swinging» i april 1979.
  • Red Hot Chili Peppers, live i Auckland (14. januar 2013 i Vector Arena)

Andre versjonar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre