Wikipedia-diskusjon:Retningsliner for nynorsk målføring/arkiv for 2005 (-2008)

Legg til diskusjon
Aktive diskusjonar

Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 8. mar 2005 kl. 1919 (UTC)

Er det bestemd korleis nynorsk ein skal skrive? Eg har fått «blir» retta til «vert», men i følgje nynorskordboka er begge formar lovlege. Eg brukar kløyvd infinitiv, er det OK? Bare lurar... --Kristian André 1. jan 2005 kl. 01:42 (UTC)
Skriv som du vil, det er verkjeleg ikkje noko problem. Det kan henda du har blitt retta fordi nokon tykkte at «vert» passar betre i akkurat den artikkelen, det er ellers mange artiklar som brukar «blir». --Guttorm 1. jan 2005 kl. 02:35 (UTC)
Ja, me har rom for alle typar nynorsk, til og med høgnorsk. Men det er ofte vanskeleg å setta seg inn i ein annan sin skrivestil, og fort gjort å "retta" feil. Dersom noko blir retta som du ikkje liker, kan du godt retta det tilbake. -- Ranveig 1. jan 2005 kl. 10:27 (UTC)


Språknormering på Nynorsk Wikipedia?Endra

Denne bolken er flytta hit frå diskusjonen "Mye" retta til "mykje" på sida Diskusjon:Saturn (planet)

Det er faktisk lov å skriva "mye" på nynorsk! Den opphavlege mye-brukaren må gjerne bytta det tilbake, ellers kan det stå som det er nå. -- Ranveig 15. jan 2005 kl. 22:41 (UTC)

Ja, Ranveig har heilt rett. Orsak viss eg endra tilsikta bruk av "mye"! Eg gissa at det var ufullstendig omsett frå bokmål, i likheit med "dem", men kanskje tok eg feil. Eg skal sjølvsagt ikkje insistera på "mykje", når "mye" er ei godkjend form.
--Verdlanco (diskusjon) 16. jan 2005 kl. 00:00 (UTC)
Jeg har oversatt rett fra engelsk, og det hender at jeg oversetter feil (jeg er språknøytral, men bruker mest bokmål til vanlig da jeg skriver raskest på det). Oversettingsfeil er «dem» eksempel på. «Mye» derimot bruker jeg med vilje. Samme med kløyvd infinitiv. «-lig» i steden for «-leg» har jeg ikke giddi å prøve å bruke engang. «Noen» blir retta til «nokon». «Bare» blir retta til «berre». Jeg har også fått retta «blir» til «vert». Jeg har utrulig lyst til å redigere bort all bruk av garpegenitiv på nynorsk wiki, men gjør det ikke... men skjønner hvorfor folk vil rette på meg. Hvis det er en form av nynorsk (læreboknormalen?) vi skal bruke her hadde jeg satt pris på å ha ei side med retningslinjer.
--Kristian André 16. jan 2005 kl. 00:57 (UTC)
Mykje og mye er greitt, -lig/-leg er greitt, noen/nokon er greitt, bli/verte/verta, blir/vert, blei/vart og blitt/vorte er greitt, kløyvd infinitiv er greitt, boka/boki er greitt og så vidare. Eg tykkjer no personleg at garpegenitiv er greitt òg, forresten... Delt bøying av typen bli-blir-vart-vorte er elles bra òg. Trur ikkje du bør ta det for tungt om nokon rettar på språket ditt (og mitt og Verdlanco sitt og Ranveig sitt og så vidare) — men diskusjon om språket er bra sidan vi alle kan lære av det. :-) -- Olve 16. jan 2005 kl. 03:41 (UTC)
Tar det ikkje tungt nei. Men eg likar ikkje å lage meir arbeid ut av dette enn naudsynt. Det er jo mye enklare for meg å skrive «mykje» med ein gong enn at andre skal måtte bruke tid og krefter på å rette «mye» til «mykje». Bare (berre?) likar å ha ting klart.
Absolutt bra å diskutere språk ja, kan noen lære meg håssen eg skal sjå forskjell mellom «de» og «dykk»?
--Kristian André 16. jan 2005 kl. 04:01 (UTC)
Greitt spørsmål det, om eg forstår deg rett... Om det svarar til du i eintal, så er det de i fleirtal, men om det svarar til deg i eintal, så heiter det dykk. -- Olve 16. jan 2005 kl. 09:22 (UTC)

Det vi/me kunne tatt/teke ein diskusjon på, er om vi/me skal halde oss til "læreboknormalen" med hovudformer og jamstilte/jamstelte former, eller og tillate oss å bruke tillatte/tillatne sideformer (klammeformer). Fordelen med å opne for alle former i nynorskrettskrivinga, som "tatt" ova(n)for, er at kvar enkelt av oss kan legge/leggje/legga/leggja nynorsken sin veldig tett opp til eige talemål. Ulempen kan vere/vera at mangfaldet kan bli/verte/verta så stort at det verkar forvirrande på dei som les, til dømes skole/skule-elevar som bruker/brukar oss som oppslagsverk. Eg trur vi bør ha ei språkpolitisk linje for dette arbeidet, som går på å halde oss inna(n)for læreboknormalen, det vil seie hovudformer og jamstilte/-stelte former. Det er mykje/mye valfridom om ein unngår klammeformene og. (I dette vesle stykket er berre/bare "tatt","tillatte", "legge/legga" utan j, og "bare" klammeformer, resten er jamstilte/-stelte hovudformer....) Her ligg det elles ei nynorskordlite på nett [1] --Erling 16. jan 2005 kl. 10:38 (UTC)

Slutt på diskusjon frå Diskusjon:Saturn (planet)


Grunnen til at eg tok opp retting av "mye" var at denne forma faktisk er jamstelt med mykje. Ellers er eg einig i at me godt kan halda oss til hovudformer som hovudregel, men synest òg at indivudelle bidragsytarar skal få skriva som dei vil. Viss dei bruker klammeformer kan dette bli retta av andre, men det er ikkje nødvendig. -- Ranveig 16. jan 2005 kl. 13:13 (UTC)


Det er ikkje rett å rette jamstilte lærebokformer, sjølv om dei er mindre bruka. Er ein i tvil, får ein bruke ordlister og sjå etter. Eg er og samd med Ranveig i at det ikkje er nødvendig å rette klammeformer til hovudformer heller, men synest berre vi kanskje kunne semjast om stort sett å prøve å halde oss til hovudformene, med fritt val der det er jamstilte former, sjølvsagt. Ein annan ting vi må passe på, er å halde oss til dei formene som frå før er bruka i ein artikkel når vi tilføyer noko. Dersom det til dømes står "me" frå før i ein artikkel, og eg vil føye til eller endre noko, skriv eg og "me" viss eg treng det ordet, sjølv om eg både seier og skriv "vi" elles. Språkformene bør vere nokolunde konsekvente i ein og same artikkelen, iallfall. Ikkje sant? --Erling 16. jan 2005 kl. 16:59 (UTC)

«Språkrettingspolitikken» eg personleg har retta meg etter til no er:

  1. På diskusjonssider held eg meg stort sett til ei mest muleg talespråknær språkform — inkludert bruk av ein del sideformer (slik som muleg), noko bruk av -or-fleirtal, o.a.
  2. På sider der eg er hovudskribent held eg meg mest muleg til hovudformer som er talespråknære i nordmørsk samanheng (mykje, noko, no, vi, kløyvd infinitiv, bruke-brukar-bruka-bruka, bli-blir-vart-vorte osv.). Ved val av -y- eller -ø-vokal brukar eg enkelte sideformer.
  3. I nokre få fall der eg meiner at Språkrådet (som eg respekterer og er ca 99% lojal til) har gjort uheldige vedtak — slik som imperativen blokker (blokkér), termane getto (ghetto) og spagetti (spaghetti) held eg meg til eldre språkformer.
  4. På sider der hovudskribenten følgjer ei anna språkform innanfor ei konsekvent form av nynorsk prøver eg å redigere i same stil — anten det er snakk om hovudformer, sideformer eller historiske former.
  5. På sider med inkonsekvent språk (t.d. no og nå i same artikkel, mykje/mye, noko/no, vi/me, boka/boki, osv.) prøver eg å gjera språket meir konsekvent. Dette inneber nokre gonger relativt mange endringar i nyomsette artiklar. Ved omsetjing frå bokmål/dansk/svensk kan det nok hende at nokre val som eg tykkjer kling betre på nynorsk er former som hovudomsetjaren/hovudskribenten ikkje trivst med. Da er det sjølvsagt fritt fram for endring attende... :)
  6. For sidenamn og kategorinamn endrar eg sideformer og lite bruka jamstilte former til meir vanlege hovudformer (sjå t.d. Gresk språk).

Eg har inntrykk av at fleire andre her på Nynorsk Wikipedia følgjer om lag same lina ut frå sine språklege ståstader — og mitt personlege syn er at den variasjonen dette fører med seg er eit pluss så lenge vi passar på at kvar artikkel er språkleg konsekvent. Vi kan gjerne ta ein diskusjon på om dette er rett politikk for heile prosjektet, om vi treng andre retningsliner — eller om vi treng formelle retningsliner i det heile... :-)

(Vi kan sjølvsagt, om vi vil, laga mer formelle retningsliner — inkludert val av spesifikke hovudformer. Men eg trivst personleg mykje betre med ein noko opnare språkpolitikk, sjølv om eg ser verdien i eventuelt å bruke éi konsekvent språkform òg.)

Når det gjeld lenkja til Nynorskordboka som Einar viser til, så er eg hjartans einig i at dette er ei lenkje vi alle bør bruke så mykje som råd.

-- Olve 16. jan 2005 kl. 22:43 (UTC)

Eg synest ikkje det er så viktig kva for nynorsk ein brukar, så lenge nynorsken er rett og språket er konsekvent innanfor kvar artikkel. (I høve til normering snakkar me vel berre om artiklar.) Når ein kjem borti ein artikkel med inkonsekvent språk, bør ein stå fritt i å retta det slik ein vil, så lenge det blir både rett og konsekvent. Eg er samd i at ein helst bør halda seg til den forma som ein artikkel allereie har, men viss det på sikt ikkje let seg gjennomføra bør ein òg stå fritt i å skriva om. --Eddi 18. jan 2005 kl. 00:26 (UTC)   PS: I det store og heile er eg visst samd med Erling – eg såg det berre ikkje sjølv først... --Eddi 18. jan 2005 kl. 23:51 (UTC)


Slutt på tekst flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 8. mar 2005 kl. 1919 (UTC)

Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 25. juli 2005 kl. 21:38 (UTC)

Målform på no.wikipediaEndra

Etter ein noko langdryg diskusjon på den internasjonale wikipedia-mailinglista, som etterkvart flytta seg over på vannposten på no.wikipedia, har vi endeleg fått satt opp ei avstemning som vil avgjere utfallet. Eg gjer brukarar som berre er aktive her eller som er lite aktive på no.wikipedia om at voteringa no er oppe. Dette er noko som heile den norske wikipediaen bør vere med på. Sjå no:Wikipedia:Målform. --Einar Faanes 9. mar 2005 kl. 1049 (UTC)

Dersom du er brukar på :no, gløym ikkje å stemma på no:Wikipedia:Målform. Dersom du treng setja deg inn i debatten finn du lenkjer til mangen av dei tidlegare debattane på Wikipedia:Wikipedia på nynorsk og på no:Wikipedia-diskusjon:Målform. Spør gjerne meg, Olve eller andre her eller på diskusjonssida til stemmesida om du lurer på noko. Bjarte 21. mar 2005 kl. 0648 (UTC)
For nye brukarar kunne det kanskje vore fint med ei kort (gjerne stikkordsaktig) historieside om Nynorsk Wikipedia, for at ein lett kan setje seg inn i kva, korleis og kvifor ting har hendt og kva som har ført oss hit vi er i dag. Ei slik side kan (om den er lett tilgjengeleg) òg setje dei kjapt inn i språkdiskusjonen med/på nb.wikipedia. Er det ei god utfordring til ein av ringrevane (om ein kan kalle det det) her på nn? kurtber 28. mar 2005 kl. 0638 (UTC)
Kanskje eg er ein liten ringrev, men eg trur eg må ta ein pause i all arbeidet no! Det var uansett ein god idé. Kanskje du kan ta på deg og oppsummera stoda? Eg skal vera med å sjå over det etterpå i så fall. Det kan henda det er ein god idé at du gjer det uansett, sidan du har kome til etterpå. :) Bjarte 28. mar 2005 kl. 0643 (UTC)
Er ikkje dette noko slikt Kurt er ute etter? --Guttorm 28. mar 2005 kl. 1123 (UTC)
Eg rekna med han hadde allereie sett denne sidan lenkja var i avsnittet før hans. Men kanskje han ikkje hadde det? Uansett veit eg ikkje om den er så god å setja inn i avstemningssidene, den handlar trass alt om Wikipedia på nynorsk, og sjølv om det heng tett saman med det me stemmer på, er det viktig å poengtera at avstemninga handlar om kva den andre wikipediaen skal gjera med språket. Kanskje ei oppsummering med for/imot-argument hadde vore betre eigna. No er det uansett mindre enn ei veke att av avstemminga så det må gjerast raskt i så fall. Bjarte 28. mar 2005 kl. 1128 (UTC)
Av di eg har delteke i diskusjonen gjekk eg kjapt forbi dei lenkjene, og her ser vi resultatet. Det der var eigentleg akkurat det eg tenkte meg... Eg tek sjølvkritikk :) kurtber 29. mar 2005 kl. 1621 (UTC)

Vert so oppgitt, eg nytta dagleg nynorsk men eg ser ikkje vits i å ha ei nynorsk wikipedia. Det svekkjer innhaldet.....kvifor ikkje ein felles wikipedia. Eg held med dette argumentet fram å skrive om lokal geografi på vestlandet til no.wikipedia. Reallive 2. Apr 19.28 UTC

Det hadde jo vore flott om me kunne ha ein felles wikipedia på alle språk. For meg er det ikkje meir logisk at nynorsk og bokmål skal vera blanda enn at svensk og dansk òg skulle vera blanda. Eg tykkjer ikkje eg skriv eit språk som ligg nærmare bokmål enn svensk, tvert i mot. Det eg har til felles med mange bokmålsbrukarar men ikkje med svenskbrukarar er kulturarven, ikkje skriftspråket.
Når det er sagt, så skjønar eg korfor du er oppgitt. Me vert jo så sterke og store om me kunne ha vore saman (særleg viss med reknar med dei svenske og danske). Nett derfor har me slike tiltak som meta:Skanwiki. Bjarte 3. apr 2005 kl. 0226 (UTC)
Hei RealLive, Eg siterer frå brukarsida di på :no «Mann fra Naustdal. Har interesse i lokal geografi og historie. Bidrar mest med lokal geografien. Skriver og bruker Nynorsk til vanlig, men syns det blir for tungvindt her. Bokmål er mye mer utbredt, og disse ordene kommer fra en som ikke liker å høre på østlendinger prate en gang, hehe ;D» Dermed har du sjølv gjeve ein god grunn til å ha separate wikipediaer på bokmål og nynorsk...(!) Elles er eg hjartans einig med Bjarte i at skandinavisk samarbeid (på språkleg basis) er viktigare enn dropping av nynorsk til fordel (?) for berre bokmål (på nasjonalistisk basis). -- Olve 3. apr 2005 kl. 0405 (UTC)

Slutt på flytta tekst.

Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 29. august 2005 kl. 14:12 (UTC)

MålformEndra

Kopiert over frå Brukardiskusjon:Erling:

Å brigdaEndra

Det er greidt at å brigda er a-bøygd etter ordlista, men ifylgje sum skrifttradisjon (og gamallnorsk trur eg), kann det òg vera i døma-klassa. --Ole Jakob 4. august 2005 kl. 20:22 (UTC)

Det er ikkje greitt å kvalitetssikre språket til kvarandre dersom ein ikkje kan nytte ordlista...Dersom du er viss på at "brigdt" har vore rett ein gong, så får du berre rette det attende, da. Men vi har eit problem her, og det er at dei som ikkje vil halde seg innanfor gjeldande rettskriving ikkje like greitt som oss andre kan kvalitetssikrast. Eg meiner nok at gjeldande rettskriving bør nyttast, men sjølvsagt med alle sideformer etter personleg ønske. --Erling 4. august 2005 kl. 20:31 (UTC)
Ja no blir eg litt uroleg òg: Målet vårt er da ikkje å skrive gammalnorsk, men å laga eit nynorsk leksikon som folk flest kan greie å lesa og som ein ikkje skal trenge å vera språkhistorisk sprenglærd for å greie å redigere på. Dette er problem som det er viktig å ha ein skikkeleg politikk på, så eg kopierer denne tråden over til Wikipedia:Samfunnshuset#Målform, slik at diskusjonen kan fortsetja der. -- Olve 5. august 2005 kl. 02:55 (UTC)

Eg er litt uroleg over tendensen i artiklar som t.d. Oktav: Det ser ut til at målet der er å skrive mest muleg arkaisk høgnorsk heller enn å formidle leksikalsk innhald. Eg meiner, som Erling, at vi bør leggje vekt på å skrive på eit slikt vi at vi gjer det mogleg for folk å lesa innhaldet utan å bli framandgjorde og å redigere det utan store problem om dei kan skrive rimeleg grei nynorsk. Sideformer er eg heilt for i sjølve artiklane så lenge dei er stilistisk konsekvente. Dette gjeld både «arkaiserande» nynorsk og «bokmålsnær» nynorsk. Men eg trur kanskje at vi bør komma fram til ei rimeleg grense for kor alderdomleg nynorsk vi skal ha som politikk å godtaka. Eg synest vel eigentleg at alt føre første verdskrigen er meir upraktisk enn det som godt er. (Noko heilt anna er det om nokon vil laga eit privat høgnorskleksikon og bruke artiklar herifrå som grunnlag. Eg er ikkje mot høgnorsk. Eg meiner berre at høgnorskpromotering er eit lite fruktbart sidespor på akkurat dette prosjektet.) -- Olve 5. august 2005 kl. 03:08 (UTC)

Eg synest personleg at Høgnorsk er flott (dog noko vanskeleg å lese), men eg òg trur at det kan forsterke motforestillingar mot nynorsk blant til dømes skuleungdom som er på jakt etter informasjon på nynorsk. Og det vil vere lite formålstenleg. Eg håpar Ole Jakob vil vere med på diskusjonen, då han dei siste par dagane har vore den suverent mest aktive og produktive. -- Larsivi 5. august 2005 kl. 07:15 (UTC)

Eg tvilar på at det er serleg aktuelt for Ole Jakob å endra rettskriving. Høgnorskskrivande flest har eit svært medvite tilhøve til språket sitt. Dersom det kjem restriksjonar på bruk av høgnorsk i leksikonet, er det mest sannsynlege utfallet at det vert skipa eit høgnorsk leksikon og at dei høgnorskskrivande aktiviserar seg i det nye forumet i staden. Det er kan henda eit tap for nn.wikipedia, men for høgnorsken sin part er det kan henda det beste? Jamfør prosessen som leidde til at nn.wikipedia vart skilt ut frå no.wikipedia. Gaahl 5. august 2005 kl. 09:20 (UTC)

Det er for så vidt artig for filologisk utdanna folk som meg å sjå så gammalvoren nynorsk, men dersom nn-wiki skal kunne brukast av vanlege brukarar, til dømes skule-elevar i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule....Nei, eg meiner heilt avgjort at vi alle må halde oss innanfor gjeldande rettskriving. Mange meiner jamvel at den gjeldande rettskrivinga er for vid og såleis skapar forvirring for vanlege folk som prøver å lære seg nynorsk. Da blir det iallfall gale om somme skal nytte eigne private rettskrivingar attåt. Bruk gjerne alle tillatne sideformer i høgnorsk-leid for meg, men ein stad må grensa gå, og eg meiner ho går ved gjeldande rettskriving som kan sjekkast ved å slå opp i ordlista. --Erling 5. august 2005 kl. 07:28 (UTC)
Fint du tek dette opp, Olve. Eg hadde tenkt å gjera det same, men du kom meg i forkjøpet :)
Ole Jakob har vore ein særs eksemplarisk wikipedianar, og skrive/omsett fleire lange og gode artiklar. Me vil ha fleire som han her! Denne debatten gjeld ikkje berre han, men kanskje og brukarar som Fatagnus (kva nå hende med han) og i det siste faktisk òg Jarle, og det kjem garantert til å gjelda enkelte i nær framtid.
Dersom eg skulle ha bestemt over språket vårt i det store og heile (ikkje berre på Wikipedia), ville eg først ha sagt at me skal ta bort dei formene i nynorsk som vart lagt til dei siste 50 åra for å tilnærma målet til bokmål. Dette vart nyleg gjort for bokmål, men dessverre vart ein ikkje samde om å gjera det same for nynorsk. Eg ville òg ha prøvd å standardisere målet elles òg slik at der fanst minst mogleg valfrie former, sjølv om det ville ha ført til ein del vanskeleg val. Eg trur dette ville ha styrkja det nynorske skriftspråket meir enn å svekkja det. At någen må skriva litt mindre nærme dialektå si enn andre e sjølsagt ein konsekvens av det, men slig e nå ein gong skriftspråg - sjøl med dagens klammeformer e dar ganske få så kan skriva akkurat sleg så di snakke. Det er vel enkelte høgnorskfolk som argumenterer nett slik som eg gjorde no, men eg meiner at dei kjempar ein kamp ikkje ein gong bestefar min kunne ha vore med å kjempa.
Så dersom eg skulle ha bestemt her lokalt , ville eg ha bestemt at vi skulle ha ei redaksjonell avgjersle om kva former ein skal nytta her på Nynorsk Wikipedia, slik at vi får ein konsekvent målform på alle artiklane, og ingen vert arge på ein annan.
Når det gjeld høgnorsk, tykkjer eg det ligg så langt frå den nynorsken majoriteten av nynorskbrukarar i dag er kjend med at det kan hindra folk i å delta. Eg kunne ikkje vore med på ei utviding av Oktav, til dømes, beint fram fordi eg ikkje veit korleis eg skal skrive. Bjarte 5. august 2005 kl. 07:39 (UTC)

I so fall bør me vel få ei røysting over saka, om høgnorsk (dvs nynorsk basert på 1917-rettskrivinga, ikkje gjeldande rettskriving) skal vera godteke på nn.wikipedia eller ikkje. Dersom det vert fleirtal mot høgnorsk, bør det skipast eit tilsvarande høgnorsk leksikon som dei høgnorske artiklane kan overførast til før dei vert omsette til "gjeldande rettskriving". Mønsteret for prosessen bør vera den same som då nn vart skilt ut frå no. Gaahl 5. august 2005 kl. 09:37 (UTC)

Viss dette skulle skje, vil det nok dessverre verta særs vanskeleg å laga eit nytt leksikon under Wikimedia sin paraply, sjølv om dei som ønskte gjera dette kunne freista. Når eg starta nynorskwikipediaen for eitt år sidan, var det noko enklare (for ikkje å seia så enkelt som å trykkja på ei lenkje), men der har vore mykje dårlege erfaringar med nye språk sidan den gong og ein har strama kraftig inn på kriteriene. Dessutan kan det verta vanskeleg å argumentera for høgnorsken sin status som "språk" for gjengen på mailinglista, sidan ho manglar ISO 639-2 kode slik ein har for bokmål og nynorsk. Men sikkert ikkje umogleg. Bjarte 5. august 2005 kl. 07:45 (UTC)

Kan det gå å seie ja takk, begge deler? Å ha dei artiklane her på nn.wikipedia på både høgnorsk og nynorsk? Anten begge versjonane på same artikkelsida, eller eigne sider for artikkelen på høgnorsk og nynorsk, der høgnorskartikkelen får høgnorsk eller liknande lagt til i artikkelnamnet, og er ei slags underside av nynorsksida? Det eg trur eg ser for meg er altså ei ordning der nynorsk er hovudforma, der det er eit mål at alle artiklar skal vere på eit nynorsk som er på linje med Nynorskordboka, men at desse artiklane også kan ha sideversjonar på høgnorsk. Eg veit ikkje om dette er praktisk gjennomførleg, men eg kan drøyme. Slik det er no stenger høgnorskartiklar for nynorskartiklar (og omvendt), og om me seier nei til høgnorsk mister me mest truleg nokre dugane bidragsytarar. --Jorunn 5. august 2005 kl. 09:40 (UTC)

Eg tykkjer dette var ein god ide, til dømes at ein ordnar sida oktav/høgnorsk, og skyt inn teksten "Teksten på denne sida finnast og på høgnorsk" øvst på sida. -- Larsivi 5. august 2005 kl. 09:49 (UTC)
Eg har òg sansen for det. Det er greitt at alle skriv på si form for nynorsk, men me har no blitt einige før om at læreboknormalen herskar, så...
Eg synest fortsatt ikkje me skal endra artiklar bare for å luka vekk klammeformer og liknande, men dersom nokon vil legga til meir innhald kan dei skriva artikkelen om til si form og eventuelt flytta han til ei underside med høgnorsk, og "denne artikkelen finst òg på høgnorsk" (ikkje "teksten", for me vil aldri klara å halda dei like). -- Ranveig 5. august 2005 kl. 10:31 (UTC)
Eg likar "denne artikkelen finst òg på högnorsk"-löysingi. Ho skrämar ikkje burt korkje högnorskingar elder skuleelevar, og me slepp uppklöyving — Samhald gjev styrke og mangfald gjev rikdom! Teknisk kann det vel gjenomförast med namnerom (Högnorsk:Oktav, til dömes), eller kva, Guttorm? Jarle 5. august 2005 kl. 21:43 (UTC)
Dette er ei god løysing. --Bep 5. aug. 2005 kl. 21:49 (UTC)

Oi! Eg hev fenge ein diskusjon, det burde eg kanskje ha venta meg... Ein fyresetnad for at eg slengde meg på dette Wikipedia-upplegget for eit par dagar sidan, var med anna at eg såg det var presisera fleire stader at høgnorskt mål var hjartans velkome. Det var sanneleg modkveikjande, so eg gjekk til verket med liv og lyst. Er det no soleides at de helder vil senda høgnorsken ut av nynorskwikipediaen, kann det vera det same med heile greida. Ein høgnorskwikipeia, som einkvan hev nemnt på ovan, hadde ikkje havt noko livsgrunnlag, og knapt nokon hadde kome til å bruka det. Å hevda at eg leider målet rakt til å skriva gamallnorsk er sjølvsagt gale - eg skriv mål som byggjer på dei norske talemåli i dag, må vita. Soleides er det òg gale å segja at målet er alderdomleg, med di det styd seg både på jamt lìvande målføre og skrifttradisjon. Rekna som talemålsnære former - for det er dei flest alle for sume - lyt dei då vera like gode som andre talemålsnære former. At eg nemner gamallnorsk i samanheng med bøygjing av eit ord, botnar so klårt i at eg meiner det i utgangsstødet er dei målføreformene som er som i gamallnorsken som skal normerast (og verta eineformer og samlingsformer for alt skrivande folk). Eg tykkjer no elles at målet mitt er greidare å halda styr på en til dømes kløyvd infinitiv, og slikt noko vanskeleg... (var det eg som skreiv, men det skyna de venteleg --Ole Jakob 5. august 2005 kl. 11:15 (UTC))

Ole Jakob har gjeve tilskot til ei rad ulike artiklar som ikkje var her tidlegare. Naturleg nok ynskjer ikkje medvitne, høgnorskskrivande folk å nytta fritida si på byråkratiske prosessar knytte til rettskriving når dei er med her. So dersom folk skal drepa skrivegleda med å leggja band på skriftspråkspraksisen, so får dei taka med i reknestykket at mange bidragsytarar finn andre ting å nytta tida på. Wikipedia er ein hobby, ikkje ein jobb.

Som Ole Jakob peikar på so har det ei rad ulike stader vore presisert at tilskot på høgnorsk er velkome. Ole Jakob har soleis all grunn til å kjenna seg lurt dersom arbeidet han har lagt ned på å posta høgnorske artiklar no skal verta øydelagt. Her trengst det klåre liner slik at andre høgnorskskrivande slepp å oppleva noko liknande seinare. Gaahl 5. august 2005 kl. 13:07 (UTC)

Huff ja! Eg vonar verkeleg ikkje at dette tek motet frå deg, Ole Jakob! Som eg sa ovanfor, du har skrive nokre skikkeleg spanande artiklar, og me treng folk som deg. Ver sikker på at dette ikkje er ein debatt som handlar om deg personleg, men ein debatt som eg var sikker på kom til å komma før eller seinare, det var bare tilfeldigvis nokre av dine artiklar som utløyste han denne gongen. Bjarte 5. august 2005 kl. 14:03 (UTC)
Tenker du/de på Wikipedia:Retningsliner for nynorsk målføring nå, eller noko anna? -- Ranveig 5. august 2005 kl. 11:35 (UTC)

Dersom me skal forby høgnorsk, er det heilt klårt at retningslinene må endrast: "Nynorsk Wikipedia er open for alle etablerte utgåver av nynorsk, både dei som er godkjende av Språkrådet og etablerte historiske former som ikkje er offisiell nynorsk i dag." Kva meiner ein med "etablerte historiske former som ikkje er offisiell nynorsk", om det ikkje var nett høgnorsk ein sikta til? Gaahl 5. august 2005 kl. 13:39 (UTC)

Litt lenger nede står det: «viss du ønsker å utvida ein artikkel som er skrive på ei anna språkform enn den du sjølv meistrar [...] er det godteke å normalisera språket.» Dette kjem til å skje med dei fleste artiklar skrivne på høgnorsk etter kvart, ettersom det er få her som meistrer denne språkforma. Løysingsforslaget til Jorunn inneber å halda på høgnorskartikkelen i tillegg, i staden for å gøyma han i historien. -- Ranveig 5. august 2005 kl. 11:57 (UTC)
Eg meiner Gaahl har rett i at retningslinene slik dei er idag tillèt landsmål etter både dei vanlegaste (dvs tradisjonelle) formene frå 1917 og enda tidlegare normalar som midlandsmål og Hægstadnormalen. Difor bør retningslinene endrast, slik at alle held seg innanfor ramma av gjeldande rettskriving, som med alle sideformene er meir enn brei nok. Dei grunnleggjande spørsmåla her er desse: 1. Er nynorsk wikipedia nynorsk wikipedia eller høgnorsk wikipedia? 2. Er nynorsk wikipedia til for oss som skriv eller dei som les? Svara mine er: 1. Nynorsk er per definisjon gjeldande rettskriving. Nynorsk er namnet på ein rettskrivingsnormal for norsk språk. 2. Leksikonet må vere til for dei som les. --Erling 5. august 2005 kl. 13:55 (UTC)

Fyrst til svara frå Erling: 1. Nynorsk inkluderar alt som har vorte skrive på nynorsk framigjennom. Nynorsk var nynorsk ogso før 1938. Å avgrensa nynorsk til per definisjon å berre femna om "gjeldande rettskriving" ekskluderar svært mange forfattarar frå den nynorske bokheimen, både dei "høgnorske" som Olav H. Hauge og Aslaug Vaa eller dei "talemålsnære" som Tarjei Vesaas eller Olav Duun. I bokmålswikipedien er det ope både for "gjeldande rettskriving" og for reine riksmålsformer. So ein kan ikkje utan vidare hevda at nynorsk "per definisjon" er gjeldande rettskriving. Viktigast må det vera kva for nynorsk brukarane av wikipedia sjølve ynskjer. 2. Her er det vel ikkje anten eller, men både og. Wikipedia er til både for dei som skriv og dei som les. Utan dei som skriv er det heller ikkje noko å lesa. Ingen tek skade av å lesa høgnorsk, men dersom Erling meiner at det er betre at Ole Jakob sluttar å skriva enn at det er artiklar på høgnorsk, so er det ei ærleg sak. Det som i alle fall er klårt er at ein ikkje kan diktera nokon rettskrivingsnormal for andre medvitne nynorskbrukarar, aller minst på høgnorskfolk som har arbeidd svært mykje med språket sitt.

Elles so ser eg at retningslinene slik dei er i dag opnar for bruk av høgnorsk, men det gjev ikkje dei høgnorske artiklane noko vern: "viss du ønsker å utvida ein artikkel som er skrive på ei anna språkform enn den du sjølv meistrar [...] er det godteke å normalisera språket". For høgnorskbrukarar som nyttar mykje tid på å leggja inn artiklar må det vera frustrerande at det dei har skrive kva tid som helst kan verta sett om til "gjeldande rettskriving". So stoda i dag er heller ikkje fullnøyande.

Løysinga eg ser for meg er anten at - 1 - artiklar som er skrivne på høgnorsk skal få stå i fred på høgnorsk. Eller - 2 - høgnorskartiklane vert flutte til ein høgnorsk wiki.

Gaahl 5. august 2005 kl. 15:58 (UTC)

For det første: Slik byrjar artikkelen om Nynorsk her på nn-wikien: "Nynorsk er ein rettskrivingsnormal for norsk, bygd på eit utval av dei norske målføra". Nynorsk er difor per definisjon innanfor rettskrivingsnormalen. For det andre: Vi er ikkje individuelle skjønnlitterære forfattarar frå gamle dagar, men ein dugnadsgjeng som prøver å lage eit moderne nynorsk nettleksikon som skal brukast av barn, ungdom og andre. Vi må difor ta pedagogiske omsyn, meiner eg. Kvalitetssikringa krev òg at ord og former kan sjekkast opp mot ordlista. Det er to løysingar: Anten at de opprettar ein eigen høgnorsk wiki, eller som eg vil be dykk om, at de held dykk innanfor rettskrivinga, der de sjølvsagt kan velje alle dei mest tradisjonelle formene som er lov. Elles er eg ingen sjef her, eg berre seier kva eg meiner. --Erling 5. august 2005 kl. 14:53 (UTC)

Kva som står i Nynorsk-artikkelen er då uinteressant, kven som helst kan endra på innhaldet og om eg ville kunne eg ha sett opp min eigen definisjon og synt til denne med tilbakeverkande kraft. Om eg verkeleg skulle byrja å kverulera om dette, so kunne eg spurt deg om du meiner at Vesaas, Duun og Hauge ikkje skreiv på nynorsk, men eit anna mål. Dei som skriv i nettleksikonet er inga einsarta gruppe, det er heller ikkje dei som les det. Men det er i grunnen ikkje so mykje å diskutera, dei som skriv høgnorsk har teke eit standpunkt om å nytta denne målforma, so det er i grunnen berre eit spørsmål om dei skal få lov til å skriva her eller ikkje. Eg reknar det som nokso opplagt at skribentar som Ole Jakob kjem til å gå over i passivitet dersom det vert lagt restriksjonar på målbruken. Men det er som sagt ei ærleg sak om du går inn for å flytta høgnorsken over i ein eigen wikipedia. Bortvisinga av nynorsken frå no.wikipedia har etter det eg kan sjå gjeve nynorsken eit stort lyft på nn.wikipedia. Det er lov å vona at ein eigen høgnorsk wiki kan stimulera fleire til å skriva og læra seg høgnorsk.

Gaahl 5. august 2005 kl. 16:56 (UTC)

Kva er vitsen med Wikipedia om me ikkje kan bruke Wikipedia som kjelde? Kvifor brukar du, Gaahl, tid på Wikipedia om du ikkje synest at ein wikipediaartikkel kan brukast som kjelde?
Dette er ikkje ein diskusjon om kva nynorsk er. Dette er ein diskusjon om korleis nn.wikipedia skal vere. Me treng ikkje ordne oss som nb.wikipedia, me har kanskje til og med lært ein del om korleis me ikkje vil ha det nettopp frå nb.wikipedia. Me er ikkje skjønnlitterære forfattarar, og Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Olav Duun og Aslaug Vaa skriv ikkje wikipedia, dei skreiv ikkje Norsk Allkunnebok heller, dei skreiv skjønnlitteratur, og dei var heilt sine eigne herrar. Wikipedia er eit samarbeid, og me må finne mellomvegar som gjer at flest mogleg kan samarbeide.
Det er feil at du i fyrste hand skriv for deg sjølv. Du skriv i fyrste hand for nokon annan. Viss ikkje hadde du ikkje tronge å gjere det her, då hadde det helde lenge med ei fil på di eiga datamaskin.
Ole Jakob seier sjølv her over at noko Høgnorskwikipedia er det ikkje livsgrunnlag for, viss det er slik at du er på Ole Jakob si side kan du no også høyra på det han seier, Gaahl.--Jorunn 5. august 2005 kl. 15:39 (UTC)
Her kjem du med mange spørsmål på ein gong, Jorunn. Eg skal freista ta dei i tur og orden:
1. Sjølvsagt kan ein nytta wikipedia som kjelde, men nokor autoritativ kjelde er det ikkje. Ein finn mykje nyttig informasjon på wiki, det er då ogso grunnen til at eg er her, men ein må ta det for det det er, eit "open source"-leksikon. Slik er det med alt som er GPL-lisensiert, det er gratis, men du får det "as is". Om linux-maskinen din går ned er det ingen å saksøkja. Wikipedia er ikkje noko alternativ til eit autorisert, trykt leksikon, snarare eit supplement. Eg vonar eg ikkje trakkar nokon på tærne med å konstatera det.
2. Her tykkjer eg atter ein gong at du dreg opp motsetnader som ikkje er reelle. Det er ingen som har protestert mot at wikipedia er eit samarbeid, spørsmålet er korleis dette samarbeidet skal gå føre seg. Eg meiner at det anten må vera rom for ulike rettskrivingar og at desse får stå i fred der dei vert nytta, eller so bør det skipast ein eigen wiki for dei som skriv høgnorsk.
3. For meg er det nokso opplagt at dei som skriv på nn.wikipedia gjer det fyrst og fremst av di dei har glede og interesse av det. Å drepa skriveglede med byråkratisk rettskrivingsregulering går ikkje fyrst og fremst ut over dei skribentane som sluttar å skriva, men dei lesarane som ikkje lenger får dei leksikonet dei kunne ha fått om dei høgnorskskrivande bidragsytarane var med.
4. Om Ole Jakob meiner det ikkje er grunnlag for ein høgnorsk wiki so kan det vera at han tek i miss. Ein eigen wiki for høgnorsk kan vera nett det som skal til for å få fleire til å nytta høgnorsk på internett. Kven hadde trudd for eit år sidan at nn.wikipedia skulle verta so stort som det er i dag? Ikkje eg, eg tok visst i miss eg og.

Gaahl 5. august 2005 kl. 17:55 (UTC)

Til punkt nummer 1 (du trakkar meg ikkje på tåa, det er svært enkelt å tenke slik for dei fleste). Mange medvitne kommentatorar har sagt at nettopp måten wikipedia fungerar på, gjer at dette jamt over vil vere ei mykje meir autorativ kjelde for informasjon enn mange av dei tradisjonelle leksikona. Grunnen til dette, som sjølv sjefen for Encyclopædia Britannia har innrømt, er at private skipingar som lagar proprietære leksikon, må sjølv betale det det kostar å sjekke at informasjonen er korrekt, og om ein fagperson les det og finn at det kanskje ikkje stemmer heilt, kan det fort verte vanskeleg å kome i kontakt med den rette for å få det retta til neste utgåve (som ikkje kjem med same rettinga er klar, men kanskje både eitt og to år seinare, og då må ein attpåtil ut med tusenlappar for å få den nye og oppdaterte utgåva). (Mange av dei tradisjonelle leksikona er no på nett, så informasjonen KAN oppdaterast raskt, men dette betyr ikkje at dei har ressursar til det.) Når alt dette er sagt, vil det ta tid før wikipedia er like autorativt som andre norske leksikon, men dette er først og fremst fordi talet på bidragsytarar per i dag er ein heil del lågare enn til dømes den engelske wikipediaen eller den svenske. Om ein er i tvil om informasjonen, kan ein sjekke om det finnast ei kjeldetilvising, og dersom ikkje kan ein spørre på diskusjonssidene etter det. Ein kan og sjekke ALLE endringane heilt frå starten og eventuelle kommentarar. Ein bør ikkje bruke Wikipedia ukritisk som kjelde til noko viktig, men i det lange løp er det meir sannsynleg at ein vil finne rett informasjon om fleire emner her. For ikkje å snakke om emner som det aldri vil stå om i eit vanleg leksikon, men som ein likevel er interessert i, til dømes bakgårdsteikneseriar som dei Øystein Runde lagar. Og difor tykkjer eg det vil vere dumt om dei som er interessert i informasjonen slår frå seg å leite etter den fordi dei tykkjer det vert tungt å lese. Eg held fortsatt fram at eg trur løysinga skildra over vil vere den beste, både teknisk og innhaldsmessig, så lenge høgnorskskribentane kan leve med det, vel og merke. -- Larsivi 5. august 2005 kl. 16:31 (UTC)
Alt er ikkje rett fordi om det står i Store Norske Leksikon, ein treng ikkje leite så veldig lenge for å finne unøyaktigheiter eller reine feil. Det treng ein sjølvsagt ikkje på Wikipedia heller, forskjellen er at på Wikipedia kan du rette feila når du finn dei. Ein kan aldri stole hundre prosent på det ein les nokon stad, ein skal vere skeptisk. Men det betyr ikkje at Wikipedia ikkje kan vere ei god kjelde, eller at noko som står i Wikipedia kan forkastast berre fordi det står i Wikipedia. --Jorunn 5. august 2005 kl. 16:56 (UTC)

Nei, men det eg fyrst og fremst reagerar på er at artiklar frå databasen vert nytta autoritativt i diskusjonane. Det kan ikkje vera slik at den som har siste ord i artiklane skal ha siste ord i debatten og. Det er berre opplegg til å føra redigeringskrig, i staden for å nytta debattsidene. Gaahl 5. august 2005 kl. 20:03 (UTC)

Eg er samd med den generelle tonen i innlegga over: Å halde på gamle målformer er vel og bra, men eit leksikon er eit oppslagsverk for alle. Eg òg vorte litt oppgitt over alle dei høgnorske instrument-artiklane dei seinare dagane. Dette er eit emne der eg gjerne kunne tenkt meg å bidrege, men språket hindrar meg. --Bep 5. aug. 2005 kl. 15:55 (UTC)

Eg vil tru at den som oftast legg til og etterförer eit stykke er den som fyrst skapa stykket. Hev ein tilleggsupplysningar til stykket, kann ein koma med desse i ordskiftebolken. Verre kann det ikkje vera. Det er ikkje lurt å brigda målföringi, stavingi og formene att og fram, alt etter um ein meistrar högnorsk eller ikkje.

Ein kunde leggja til ein peikar "På högnorsk", og so visa til ei eigi högnorsksida med yversyn yver stykke skrivne på högnorsk, so folk veit kva mål det er på. Men altso ikkje ein eigen underbolk. Neittar ein folk å skriva högnorsk, stöyter ein berre desse frå seg. Travel mann i Sverike --Fatagnus 5. august 2005 kl. 16:00 (UTC)

Når det gjeld å utvide eksisterande artiklar, så hender det svært ofte at ein kjem over eit interessant tema med kanskje berre eitt avsnitt eller to, men der det er mykje meir å skrive om, artiklar som etterkvart kanskje vert både 10 og 20-dobla i lengde. Då vil det vere skrekkeleg tungvint å skulle gå via diskusjonssidene. -- Larsivi 5. august 2005 kl. 16:31 (UTC)
Det er ikkje rett at det er den som først starta ein artikkel som mest redigerer han. Det vil seie, om artikkelen er lagt inn berre på høgnorsk kan det nok stemme. Men det er ikkje sånn det skal vere. Det skal vere lett å redigere ein artikkel, ein skal ikkje måtte ta omvegen om diskusjonsida for å få hjelp til å omsetje det ein vil ha inn i artikkelen. --Jorunn 5. august 2005 kl. 16:41 (UTC)

Skal prinsippet gjelda, må dei som skriv högnorsk få lov til å brigda stykke - som er skrive etter gjeldande rettskriving - til högnorsk (noko eg aldri hev gjort)når dei legg til. Er det faktiskt so mange stykke på högnorsk at det skapar vandskar? --193.12.94.17 5. august 2005 kl. 17:10 (UTC)

Totalt er det jo ikkje det, sånn i prosent, men som Bep seier over, dersom ein ynskjer å skrive om eit emne som òg interesserer ein som skriv på høgnorsk, så kan ein dumpe borti "problemet". I rettleiinga står det at det då bør gå mot normalen og ikkje omvendt. -- Larsivi 5. august 2005 kl. 17:23 (UTC)


Og det er nett det eg har håp om at ei løysing med parallellsider for høgnorskartiklane kan bote på, då kan dei som vil skrive på høgnorsk gjere det i språkleg fred for dei som vil skrive etter dagens rettskrivingsnorm, og vice versa. Me har bruk for Ole Jakob sine skriveri. Men me har nett like mykje bruk for Bep sine skriveri om tuba som Ole Jakob sine. No er det slik at fyrstemann til mylna får ikkje berre fyrst malt, fyrstemann til mylna får eineretten til mylna. (Og einerett er ikkje noko wikipediagreie...) --Jorunn 5. august 2005 kl. 18:04 (UTC)

Eg hev ikkje tenkt å gjeva meg inn på noko ordskifte kring retningslinone og målet åt wikipedia. Er ikkje målet mitt velkome på lina med anna nynorskt mål, fær det berre éi mogeleg fylgja for min del. Men éin ting lyt eg segja: Skilet millom høgnorsk og gjeldande rettskriving som ligg til grunn i ordskiftet ovan, er i dei fleste praktiske tilfelli meiningslaust. Eg hev sjølv skrive eit slag høgnorsk innan gjeldande rettskriving, til dømes på skriftleg nynorskeksamen, og det gjeng på ei vis. Dei praktiske vandane for redigering av artiklar som andre hev skrive, er dei same for mange utgåvor av nynorsk. Det er ikkje so at dette råkar høgnorsken som ein motsetnad til gjeldande rettskriving. I dette innlegget bryt eg gjeldande rettskriving berre tvo gonger (oisann! der vart det visst tri...)--Ole Jakob 5. august 2005 kl. 19:30 (UTC)

Nettopp! Ein kan skrive ein etter måten tradisjonell nynorsk også innanfor rettskrivinga, berre med ordlisteformer. Det er dét eg helst vil du og andre gode høgnorskingar skal gjere her på wikipedia, Ole Jakob. Da fremjar de mykje god tradisjonell nynorsk arv der han visest og gjer nytte for seg. Så kvifor kan de ikkje gøyme den "reine" høgnorsken til andre fora?--Erling 5. august 2005 kl. 19:49 (UTC)

"Tradisjonell nynorsk" er meir enn å berre skriva innanfor ei viss rettskriving. Godtek du 'högnorsk' berre det er innanfor gjeldande rettskriving? Vansken med å retta på/normera stykke på nn.wikipedia.org er ikkje avgrensa til högnorsk. T.d. er er synet på kva som er mistak og rett målföring ymsande. --Fatagnus 5. august 2005 kl. 21:18 (UTC)

For di å bøygja "å seia, seier, sagde, hev sagt", og å skriva "å leia", "ei leiing", "ein leiar" men "ein leidning" er noko fåvitugt tull! Det bryt med grunnleggjande prinsipp um at målet skal hanga i hop. (Du hev for resten brote med gjeldande rettskriving, du òg, i dette ordskiftet, men brotet leider målet ditt i rette 'leidi', so eg skal no kje klaga på dét.)--Ole Jakob 5. august 2005 kl. 20:07 (UTC)

Kvifor skal folk som skriv høgnorsk "gøyma" bort målet sitt? Det er faktisk ikkje slik at Ole Jakob og andre høgnorskskrivande er nøydde til å vera med på dette prosjektet, wikipedia er ein hobby som folk er med på dersom dei har interesse av det. Denne interessa er du effektivt med på å drepa ned med krav om innstrammingar i målbruken. Dersom høgnorskbrukarane ikkje får lov å nytta målet sitt her, bør dei finna seg eit nytt forum. Høgnorsk wiki har eg alt gjort framlegg om. Gaahl 5. august 2005 kl. 21:53 (UTC)

Når utgangspunktet deira er at nynorsken slik han er er "fåvitugt tull", kva gjer dei da på nynorsk wikipedia? Da har Gaahl rett, da bør dei lage si eiga leikegrind. --Erling 5. august 2005 kl. 20:16 (UTC)
Høgnorskbrukarar og andre brukarar av minoritetsmålformer skal ha skryt og respekt for sitt arbeid. Men ettersom nn.wikipedia i utgangspunktet er ein minoritet, må ein ta mot til seg å ta avgjerder som kanskje strir mot ideelle språkpolitiske ideal. nn.wikipedia er eit oppslagsverk, eit nynorsk alternativ. Ei brei lesargruppe, mellom desse grunnskuleelevar som leitar etter fakta til skuleoppgåvene sine. Tru meg; har eg problem med å lese og forstå artiklar på høgnorsk, er det ikkje enklare for ein 13-åring. --Bep 5. aug. 2005 kl. 20:25 (UTC)

Den einaste «innlogga høgnorskskrivaren» vi hadde den første tida Nynorsk Wikipedia fanst var Fatagnus. Arbeidet hans ber preg av fokus på sak og på respekt for ulike synspunkt både språkleg og elles. Nytt den siste tida er bruk av gammalnorsk som kjelde i rettskrivingsdebatten og ufin ordbruk som «fåvitugt tull» om språk som Ole Jakob er ueinig i. Til Ole Jakob vil eg seie at det absolutte argumentet om at «målet skal hanga i hop» ikkje held med mindre du skriv «sets» om sykkelsete: Konsonantavbrigde av røter i ulike samansetjingar av ymse fonologiske grunnar går attende til fellesindoeuropeisk tid.

Nynorsk Wikipedia er ikkje så stort enno. Men verket vårt har vakse med uvanlig fart i høve til språkbrukargrunnlaget og lever med sine mesta 10 000 artiklar i beste velgåande. Om nokre av høgnorskbrukarane ikkje liker det vi driv med her, så er det heilt opp til desse å laga leksikon på sitt eige vis andre stader. Desse og alle andre seriøse bidragsytarar er sjølvsagt òg velkomne til å vera med her på konstruktivt vis -- Olve 5. august 2005 kl. 21:31 (UTC)

Ingen av högnorskbrukarane her hev lagt imot det ein driv med på nn.wikipedia.org, derimot likar ein ikkje at högnorsken vert utestengd eller 'umsett' (serleg ikkje grunngjeve med fleirtalmålsgrunnar).

Å skipa ein eigen högnorsk Wikipedia er vandt å få til. Ei löysing er å leggja til ein peikar 'Stykket finst på högnorsk' godt synleg og övst (elles vert det berre å göyma det burt). Eg trur det vil koma til fleire högnorskbrukarar etter kvart, som kann skriva gode stykke.--Fatagnus 5. august 2005 kl. 22:05 (UTC)

"Tradisjonell nynorsk" er meir enn å berre skriva innanfor ei viss rettskriving. Godtek du 'högnorsk' berre det er innanfor gjeldande rettskriving? Vansken med å retta på/normera stykke på nn.wikipedia.org er ikkje avgrensa til högnorsk. T.d. er er synet på kva som er mistak og rett målföring ymsande. --Fatagnus 5. august 2005 kl. 21:18 (UTC)

Eg meiner ikkje at gjeldande rettskriving med naudsyn er ideell, mellom anna trur eg det hadde vore rett å skrenke inn talet på valfrie former noko, og det gjeld både jamstelte former og sideformer. Og kanhende burde nokre former vore fjerna, og andre tekne inn. Dette kan ein arbeide for gjennom målrørsla. Men noko må vi i mellomtida ha å halde oss til i slikt arbeid som dette, og difor meiner eg alle bør halde seg innanfor gjeldande rettskriving, der valfridomen trass alt er monaleg stor, kanskje for stor. Er det tvil om kva som er rett og gale, er einaste "objektive" fasiten vi (og alle lesarane, elevar og andre) har å halde oss til, ordlista over gjeldande rettskriving. --Erling 5. august 2005 kl. 22:02 (UTC)

Røysting om tilgang for høgnorskEndra

Eg er fersk her men har fått med meg at det røystast når me er usamde. For å få i gong denne prosessen slik at både nynorsknormerte og høgnorskingar kan byrja skrive artiklar i stadan for å festa og sloss på samfunsshuset, tillet eg meg å koma med fylgjande røysteforslag:


1. Heile artiklar i Nynorsk Wikipedia kan skrivast på høgnorsk, men skal då liggje i ei eiga side som for t.d. Høgnorsk:Oktav, og det skal i normert versjon stå "Teksten på denne sida finnast og på høgnorsk" øvst på sida oktav og visa versa.

For at dette skal fungere bør det vere slik som i dag. Det er fritt fram å opprette NYE høgnorske artiklar. Men då er det òg fritt fram å erstatte denne artikkelen med ein variant av "normert nynorsk". Den høgnorske versjonen blir då flytt til eit høgnorsk namnerom og lenka til i "hovudartikkelen". --Bep 5. aug. 2005 kl. 22:28 (UTC)

2. Alle artiklar i Nynorsk Wikipedia skal vere i tråd med rettskrivninga frå 1938 eller seinare rettskrivnigar. Dersom det blir skrive artiklar på tidlegare rettskrivningar vil desse bli "oversatt" til normert nynorsk.

3. Høgnorsk skal ha same plass som andre nynorsk rettskrivingar i Nynorsk Wikipedia. Også delar av ein artikkel kan vere på høgnorsk (Dette synes for meg å vera praksis i dag)

Hogne 5. august 2005 kl. 22:12 (UTC)

Eg er stort sett einig i dette, men vil føreslå nokre endringar:
  • Høgnorskartiklar bør leggjast på hn/: Oktav vs. hn/Oktav. (Dette er kortare å skrive og passar betre med konvensjonen om artikkelnamnet som siste delen av nettadressa.)
med 'hn/' meiner du 'nn.wikipedia.org/wiki/hn/', og at det på ein måte vil tilsvara 'hn.wikipedia.org/' der me kann hava ei framsida? Kva um stykket ikkje finst på anna enn högnorsk? --Fatagnus 5. august 2005 kl. 22:38 (UTC)
  • Éin artikkel / ei side bør alltid vera i éi målform. (Der dette ikkje er tilfelle i dag er det fordi ingen har retta det inkonsekvente språket enno.)
  • Alle høgnorskartiklar bør kategoriserast under Kategori:Høgnorsk, gjerne med underdelingar etter emne.
-- Olve 5. august 2005 kl. 22:24 (UTC)


Eg tykkjer røystegrunnlaget som er føreslått av Hogne er uklårt. Punkt tre verkar for meg å vere i motstrid til punkt ein og to. Og punkt to er uklårt, for di det er nogjeldande rettskriving som må liggje til grunn som ramme, til ho eventuelt blir endra. --Erling 5. august 2005 kl. 22:34 (UTC)

Det bør vel presiserast at alternativ 3 inneber at artiklar som er skrivne på høgnorsk ikkje kan setjast om til andre rettskrivingsvariantar.

Alternativ 2 er i praksis status quo med di det ogso i dag er høve til å setja om frå høgnorsk til "gjeldande rettskriving". Jamfør retningslinene som seier at «viss du ønsker å utvida ein artikkel som er skrive på ei anna språkform enn den du sjølv meistrar [...] er det godteke å normalisera språket.»

Alternativ 1 er soleis eit langt betre alternativ enn alternativ 2 med di det gjev høgnorske artiklar vern mot omsetjing. Her vil det framleis vera høve til å posta høgnorske artiklar, og dei som eventuelt vil setja om pliktar å flytta teksten over til hn fyrst. Alternativ 1 gjev dessutan høve til å få _alle_ artiklar i høgnorsk parallellutgåve, ikkje berre nokre fåe som høgnorskarane sjølve har gjort opptak til.

Alt medrekna tykkjer eg alternativ 1 kan vera eit godt kompromiss som alle kan leva med. Høgnorske artiklar får leva vidare og dei som er ukunnige i høgnorsk slepp å verta "blokkerte".

Gaahl 5. august 2005 kl. 00:38 (UTC)

Eg vart visst litt forvirra av forslaga — såg ikkje i farten at dei var forslag til ulike alternativ heller enn ulike delar av /aspekt ved same forslaget. Ut frå dette — kva med dei følgjande lett justerte alternativa:
  1. Status quo: Artikkelnamn, kategorinamn og brukargrensesnitt er normerte til hovudformer av noverande skriftnormal som definert i Nynorskordboka. Brødteksten i sjølve artiklane kan innehalde sideformer og historiske former, inkludert høgnorsk. Endring av språkforma i kvar artikkel er lov, men er berre tilrådd ved retting av inkonsekvent språkbruk, skrivefeil og større utviding/omarbeiding.
  2. Innstramming: Artikkelnamn, kategorinamn og brukargrensesnitt er normerte til hovudformer etter Nynorskordboka; brødteksten i sjølve artikkelen kan i tillegg innehalde sideformer. Endring av språkforma er tilrådd ved avvik frå Nynorskordboka i brødteksten, men tillaten språkform etter Nynorskordboka er berre tilrådd endra ved inkonsekvent språkbruk og større utviding/omarbeiding.
  3. Utviding: Artikkelnamn, kategorinamn og brukargrensesnitt er i utgangspunktet normerte til hovudformer etter Nynorskordboka; brødteksten i sjølve artiklane er normert til hovud- og sideformer etter Nynorskordboka. Høgnorsk er tillate i artiklar med namn som blir innleia med /hn/ (evt. /nn-hn/ e.a.), og er da tillate i artikkelnamn, kategorinamn og brødtekst. Ein mal øvst på sida skal innehalde lenkjer mellom normalnynorsk og høgnorsk i alle artiklar som føreligg i begge språkformene.
Eg tykkjer at alternativ 1 (status quo) er problematisk av dei grunnane som allereie er komne fram i dette ordskiftet (redigeringsterskel, leseterskel for skuleelevar osv.). Alternativ 2 er til å leva med, men alternativ 3 er det mest spanande...! :-) Olve 6. august 2005 kl. 01:57 (UTC)

No har ikkje eg hatt høve til å lesa denne enormt lange diskusjonen. Eg har likevel lagt merke til nokre punkt som eg vil kommentera:

  • Røysting: Eg kan ikkje sjå at det skal vera naudsynt med røysting i ein så tidleg i denne drøftinga/konflikta. Røysting fører ikkje fram til konsensus og bør vera ein siste utveg.
  • Høgnorsk i eige namnerom/andre tekniske tilnermingar for Høgnorsk: Dette er veldig uelegante "løysingar" som er veldig motstraums resten av Wikipedia-samfunnet, då siktar eg særleg til parallelle artiklar. Dersom nokon vil ha eit eige leksikon på høgnorsk kan dei be om å få det oppretta (og ikkje håpa på at det blir oppretta dei neste 2 åra i det minste), Wikicities er også eit alternativ.
  • Målretninsliner for nn.wikipedia: Må me gjerne diskutera, men som ellers er ein wiki til for at ein skal drøfta, forklara, og komma til einigheit, ikkje røysta. Dersom de absolutt vil røysta hadde det vore fint om de gav tid til oss som ikkje kan fylgja med på dette akkurat no til å ta del seinare, og då ikkje berre i røystinga, men goså utforminga av den. --Guttorm 7. august 2005 kl. 17:20 (UTC)

Soga om Ole Jakob SkaldEndra

Ole Jakob heitte ein ung mann. Han var skald hjå hovdingen på Bømlo, men fór til den nynorske allkunnestova i gjestebod då det leid mot haust og ville vera der om vinteren. Der såg han ein lag for målføring og lika han godt, sidan han vart ønskt velkommen til å skriva på sitt eige mål, det somme kalla høgnorsk. Med trauste trykk tasta han lange og gilde artiklar om tonar, musikklaug, lur, segn om undersjøiske vegar, og om noko anna som låg han hjarterota nært, kringkastingsmoro og Kristoffer frå Skogen. Det var mykje framtak i han.

Det var ein mann som heitte Olve Jorsalfare. Han vart òg kalla Olve i Ny-Jordvik etter den garden han budde på. Han var ein mektig og storætta mann, og han var mest som ein formann for dei som fòr til kongen for skaldane. Han var ein ordhitten og framtalande mann. I lag med Erling Raude, Bjarte i Austre Lia, Lars Ivar på Herøy, Jorunn Skaldmøy, Sogna-Bjørn og den vene Ranveig la han fram for Ole Jakob at målet hans ikkje var gjengs her og at det kunne vera vanskeleg for andre å fortsetja der han måtte sleppa.

Ole Jakob slutta beint å skriva og ein skugge fór over andletet hans. Han lét at då fekk det vera det same, og vart så arg at han kalla målet til nynorskskaldane for fåvitugt tull, sjølv om han var kjend frå Bømlo for å vera ein roleg og stille kar. Russar-Aleksander, jarlen av Kleppe og Gal den ukjende heldt med Ole Jakob og føreslog ulike løysingar. Gal sa at løysinga fekk bli slik som etter slaget mot danskeskaldane, at høgnorsk burde få si eiga skrivarstove dersom det ikkje var plass her.

Bjarte i Austre Lia, som hadde svinga sverd for den nynorske allkunnestova før, tenkte med seg sjølv at stoda Ole Jakob var i no, var mest heilt lik den han sjølv hadde vore i førre sommar. Bjarte hugsa at han den gong berre ville vera med på å auka allkunneboka. Men då det gjekk opp for han at han kunne verta omsett til dansk kva tid som helst, mista han hugen og han kjende seg liten i lag med alle dei sverdberande danskefrendane. Saka vart teken til tinget fleire gonger, men for dei som er i mindretal er ikkje ei fleirtalsrøysting alltid rettvis, sjølv om røysting kan vera ein god måte for eit laug å ta ei avgjersle på. Sjølv ikkje i Vinland vert røysting nytta utan som siste utveg. Den beste utvegen er at ein vert samde på anna vis.

Bjarte stod opp og sa at det han trudde var den beste løysinga, var liknande den Jorunn Skaldmøy hadde føreslege. «Både høgnorsk og anna norsk mål bør få halda til i denne skrivarstova. Me treng alle som er skrivekunnige for å veksa og å verta store. Mangfald gjev rikdom! Dersom nokon har skrive ein artikkel på høgnorsk av di det er språket dei kjenner seg tryggast på, så skal han få bli verande på høgnorsk. Dersom nokon ønskjer å setja han om til anna nynorsk målform, så kan det leggjast lenkje til denne øvst på sida. På same måte, dersom nokon ønskjer å setja ein artikkel om til høgnorsk, skal det leggjast lenkje til denne utgåva øvst på sida. Sjølv om nokon ville, kjem høgnorsk aldri til å få si eiga skrivarstove, i alle fall ikkje i Wikipedia-utgåve, så det blir vår oppgåve å gje alle norskskrivande husrom og vera sikre på at alle kjenner seg velkomne. Samhald gjev styrke!» Bjarte 6. august 2005 kl. 01:23 (UTC)

Kunne nokon lage eit døme på korleis dette ville sjå ut i praksis? --Erling 6. august 2005 kl. 08:48 (UTC)
(klappar og ler) Sjå der, det kan koma vit frå Austre Lia òg! -- Ranveig 6. august 2005 kl. 13:05 (UTC)
Applaus frå meg òg. Gildt å sjå at me kan verte samde om slike vanskelege spørsmål. Sogna-Bjørn
Dette er nok den beste løysinga. No får ikkje berre høgnorske artiklar stå i fred ubrigda, det vert jamvel høve til å syta for at _alle_ emne kan verta omtala på høgnorsk eller offisiell nynorsk. Det vert spanande å sjå om det vert noko av dette med synergieffektar.. :)

--Gaahl 6. august 2005 kl. 18:10 (UTC)

Omsetjing frå høgnorskEndra

Eg ser at Erling driv på med å omsetja artiklar frå høgnorsk til annan nynorsk. Men Erling går mykje lenger enn til å omsetja frå høgnorsk til gjeldande rettskriving. Jamstelte former som "verta" set han til dømes konsekvent om til "bli". Og hovudformer som "styrde" set han om til den bokmålsnære klammeforma "styrte". Skal han få lov til dette? Det var vel ikkje meininga at flyttinga av høgnorskartiklane skulle opna opp for ein praksis med mest mogleg bokmålsnær nynorsk? --Gaahl 7. august 2005 kl. 10:37 (UTC)

Tja, vi har ikkje hatt noko i mot desse såkalla klammeformene før, og tillete dét. Skal me nytta Nynorskordboka som standard så er det jo greitt. Eg er personleg for så vidt samd meg det, eg tykkjer at me skulle hatt éi stram retningsline for all målføring her, der me dikterer nett kva som er tillete og kva som ikkje er det slik at ein får konsekvent språkbruk og slepp unna strider over slikt. Då hadde me jo òg sluppe høgnorskdebatten ;) Men eg er nok i éintal når det gjeld det, og Erling fortset eigentleg i same tralten som mange andre har gjort sidan me starta. Bjarte 7. august 2005 kl. 08:42 (UTC)
Det er best om folk sjekkar statusen til formene før dei protesterer mot bruken av dei. "Styrte" som fortid av å styre er jamstelt hovudform (mønster v2). --Erling 7. august 2005 kl. 09:14 (UTC)

Du skriv lengre uppe at valfridomen i rettskrivingi er munarleg stor og at ein kannhenda lyt skjera ned på talet på former. Men dette gjeld ikkje "dine" former, ser eg, bokmålsnäre former. Ein greid regel hadde vore -de etter r allstaden. Skal ein umflytja högnorsk slik ein hev gjort, fär ein stogga utglidingi i andre enden òg. Det må du tola Erling. I Skulelinux-tiltaket og anna umsetjingstiltak er dei komne fram til nokre grunnsetningar i rettskrivingi og ordval, det kann ikkje vera verre her.--Fatagnus 7. august 2005 kl. 09:57 (UTC)

Eg kan ikkje sjå at dette rikkar på nokon av poenga mine. "Styrde" som fortid er ogso jamstelt hovudform. Kva slags heimel har du for å favorisera ei jamstelt form framfor ei onnor? Formene du endrar på er korkje høgnorskformer eller sideformer, men fullt jamstelte hovudformer. Kvifor skal ikkje dei få stå i fred? --Gaahl 7. august 2005 kl. 11:18 (UTC)
Fordi dei får stå i fred i /hn versjonen av artikkelen. «Styrte» er bra. --Jorunn 7. august 2005 kl. 09:29 (UTC)
Det er bra at du seier dette Jorunn, for det understrekar poenget mitt. For eg trur det er mange med som ikkje hadde teke med i reknestykket at overflyttinga av høgnorskartiklane skulle opna for ein praksis der lovlege, konservative nynorskformer skal omsetjast til bokmålsnære former. Det er vel ikkje meininga at nn.wikipedia skal kløyvast opp i ein puristisk, høgnorsk seksjon og ein "offisiell" bokmålsnær seksjon der det er fritt fram for å einsretta gamle artiklar mest mogleg i bokmålsleid? Dette bør me vel ha ein politikk på. Eg meiner som eit minimum at former som er innanfor læreboknormalen må få stå i fred. Retningslinene opnar for å "normalisere" former ein sjølv ikkje meistrar, men lærebokformer som "styrde" er allereide normaliserte. Forbodne høgnorskformer og kan henda klammeformer må det vera høve til å setja om til læreboknormalen, men godkjende lærebokformer bør ikkje skiftast ut med andre former. Det er å opna for ei storstilt bokmålstilnærming av nn.wikipedia, og det var vel ikkje meininga? --Gaahl 7. august 2005 kl. 11:31 (UTC)
Hovudponget med artiklane er ikkje rettskrivinga. Rettskrivinga er berre eit hjelpemiddel. Hovudponget med artiklane er innhaldet. Og nynorsk wikipedia handlar ikkje i fyrste hand om nynorsk, men om wikipediainnhald. --Jorunn 7. august 2005 kl. 09:45 (UTC)
Men no svarar du ikkje på spørsmålet. Retningslinene seier at det er høve "normalisera" språket i artiklar som ikkje fylgjer gjeldande rettskriving. Eg har fram til no trudd at å "normalisera" ville seia å setja om til læreboknormalen. "Styrde" er døme på ei godkjend lærebokform, og no er denne vorta omsett til "styrte". Er det slik å forstå at "normalisering" vil seia å skriva mest mogleg bokmålsnært? Her bør me få klåre retningsliner. --Gaahl 7. august 2005 kl. 11:48 (UTC)
Dersom Erling ønskjer å nytta «styrte» må han gjerne det. Bjarte 7. august 2005 kl. 09:22 (UTC)
Det er ikkje tale om kva former det er lov å nytta, alle former innanfor "gjeldande rettskriving" er vel lov, var det ikkje det me var komne fram til? Spørsmålet er om det skal vera "lov" å driva med omsetjing frå ein lovleg variant av nynorsk til ein annan. Dersom Erling skal ha lov å driva omsetjing frå jamstelte former som "styrde" til andre jamstelte former som "styrte", so har vel andre folk fullt høve til å setja om andre vegen og? Er ikkje dette berre opplegg til å driva redigeringskrig? Retningslinene seier at ein kan setja om dersom ein ikkje meistrar den andre rettskrivinga, men ingen kan vel hevda (aller minst Erling) at ein ikkje meistrar lærebokformene? --Gaahl 7. august 2005 kl. 11:25 (UTC)
Men Erling driv ikkje med omsetjing i den meininga no. Han lagar nye artiklar. Eg er veldig godt nøygd med denne løysinga på «Høgnorsk-problemet», det vart veldig bra, takk! --Jorunn 7. august 2005 kl. 09:34 (UTC)
Ja, eg er samd i at Erling lagar nye artiklar no, og då er det opp til han å skriva på den nynorsken han er mest vand med. Eg vil uansett påstå at han ikkje skriv ein særs bokmålsnær nynorsk, anten han nyttar «styrte» eller «styrde». Dessutan gjeld jo denne problemstillinga berre for artiklar som vert byrja på høgnorsk. Sjølv om det du seier kan hende ville føra til eit noko meir bokmålsnært språk, same kor aktive høgnorskbrukarane skulle verta, trur eg ikkje det nokon gong kjem til å føra til bokmålifisering av Nynorsk Wikipedia totalt. Bjarte 7. august 2005 kl. 09:51 (UTC)

Dersom ein artikkel er på nynorsk, det vil seie innanfor gjeldande rettskriving, vil eg sjølvsagt ikkje endre målføringa. Det har eg aldri gjort, og det kjem eg aldri til å gjere. --Erling 7. august 2005 kl. 15:50 (UTC)

Gaahl: Styrte er akkurat like god nynorsk som styrde. Når det allereie finst ein parallell høgnorskartikkel som brukar forma «styrde», så får du da i demokratiets (og nynorskens) namn godtaka at ein ikkje-høgnorsk parallellartikkel gjer språkval som du personleg ikkje er einig i. Å kalle «styrte» bokmålstilnærming er no òg lite hyggjeleg gjort mot alle dei fullgode norske dialektane nordanfjells som bnrukar denne forma. Eller vil du seie at når gamle nordmøringar kan seie «E ska no syng enåra gamla viso» (‘Eg skal no syngje nokre gamle visor’), så er dette eksempel på ein «bokmålsinfisert» dialekt?! Poenget her er at vi skal skrive leksikon, ikkje at vi skal hata bokmål. Ved å bruke ein moderat nynorsk med breitt talemålsgrunnlag gjer vi ein god innsats for nynorsken som folkemål. No som det offisielle bokmålet har fjerna seg enda meir frå folkemålsgrunnlaget er rolla vår her enda meir effektiv. Mange av skribentane våre er faktisk opphavlege bokmålsskrivarar som trivst med den folkemålsnære tendensen i rettskrivinga her og med den sterke vekta på språkpolitisk tolerant sentrisme. Høgnorsken har no i praksis fått sitt eige rom her òg, og det er eg for OM høgnorskskrivarane kan godtaka at deira syn ikkje er overordna både i høgnorskartiklane og dei normalnynorskartiklane..... -- Olve 7. august 2005 kl. 22:43 (UTC)

Kva er "folkemål", Olve? Er ikkje all nynorsk "folkemål" eller meiner du at det finst "folkeleg" og "ufolkeleg" nynorsk? Bokmål er vel ogso eit folkemål, for det vert vel nytta av folk det og. Eg kalla forma "styrte" bokmålsnær, kort og godt av di det heiter "styrte" på bokmål. "Styrde" er den opphavlege Aasen-forma. So det er eit objektivt faktum at nynorsken vert førd nærare bokmål ved bruk av slike former, same kor mange dialektar som nyttar dette ordet. Dersom me vil ha eit klårt skilje mellom bokmål og nynorsk so lyt det gjerast ein grenseoppgang mot desse tilnærmingsformene eller "folkemålsformene" (kall det kva du vil). Du må gjerne vera usamd i det, men du treng ikkje å skulda meg for "folkemålshets". Eg hetsar ingen, eg berre syner til kjensgjerningar.

Kor som er, det er ikkje dette me diskuterar no. Det er ikkje spørsmål om noko målsyn skal vera overordna noko anna. Eg respekterer fullt og heilt at du har lagt deg på ei "folkemålsline" innanfor rettskriving. Her er det spørsmål om artiklar som er skrivne med lovlege, godkjende hovudformer skal få sleppa å verta omskrivne om til andre nynorskvariantar eller ikkje. Eg meiner at omsetjing frå ein lovleg rettskrivingsvariant (moderat, konservativ eller liberal) som ein hovudregel ikkje er tilrådeleg med di det lett fører til konflikt (sitert fritt etter retningslinene). Men som Bjarte og Jorunn har påpeika, dersom me vel å tolka omsetjing av høgnorskartiklar som oppretting av nye artiklar, er problemet løyst. Då står i grunnen omsetjaren fri til å omsetja til nett den nynorsken han sjølv vil (inkludert konservativ nynorsk innanfor gjeldande rettskriving, går eg ut frå). Men lat det i so fall vera ein klår konsensus om at ikkje-høgnorske artiklar, skrivne på konservativ nynorsk, skal få stå i fred på konservativ, lovleg nynorsk. For som er eg har spurt tidlegare, det var vel ikkje meininga at lovleg, konservativ nynorsk skulle få ein b-stempel framfor annan, meir bokmålsnær nynorsk? Det går ikkje fyrst og fremst utover høgnorskbrukarane, men oss som redigerar på lovleg, konservativ nynorsk innanfor "gjeldande rettskriving". --Gaahl 8. august 2005 kl. 09:03 (UTC)

Folkemål kan vera både dette og hint. Å diskreditere (?!) ikkje-høgnorske former som «bokmålsnære» (det er no ganske tydeleg at du ikkje akkurat meiner det som honnørord) når dei har brei talemålsbasis i Noreg (og forresten ofte ikkje er tillatne i nyaste bokmålsrettskrivinga heller) er folkemålshets ja. Å kalle ordet folkemålshets «skjellsord» er å snu heile saka på hovudet.
VARIASJON: Når det gjeld val av språkform, så er det logisk at når ein har ein artikkel i to utgåver av nynorsk, så er det naturleg at dei reflekterer breidda i språket. Eller er det ditt syn at ein nynorsk som ligg nær opp til talemålet frå Romsdal og Mjøsbygdene til Lofoten og Senja er mindreverdig fordi det ligg litt nærmare bokmål på nokre måtar?
HØGNORSKSTATUSEN ER IKKJE SPIKRA HER ENNO: Eg vil minne deg om at det ikkje er endeleg avgjort at høgnorsk skal ha ei rolle som «eiga avdeling» her på Nynorsk Wikipedia. Korleis høgnorskfolket greier å tolerere konsensus om språkform utanom høgnorskartiklane er viktig for kvar konsensusen om plassen for høgnorsk her på Nynorsk Wikipedia vil ende opp. I utgangspunktet er eg for ordninga med ei eiga «avdeling for høgnorsk» her, og eg blir gjerne med på redigerings- og kategoriseringsarbeidet så mykje eg finn tid til. MEN: Om du og andre har tenkt å krevja språkleg eigedomsrett på ikkjehøgnorskartiklar der ein parallellartikkel på høgnorsk finst, så kan du stole på at støtta mi til høgnorsk her på Nynorsk Wikipedia vil bli grundig revurdert.
Mi oppfordring til deg er: Arbeid med høgnorskartiklar, arbeid på eit kategorisystem for høgnorskartiklane OG godtak språkleg breidd (inkludert det du polemisk vel å karakterisere som «bokmålsnært» språk).
(Eg vil òg minne om at du truleg vil kunna oppnå eit mykje meir stilreint høgnorsk leksikon om du opprettar eit eige høgnorskleksikon t.d. på Wikicities. Det er fritt fram å bruke alt innhald herifrå, så lenge kjeldene er oppgjevne i tråd med GFDL-lisensen og dei lisensane som er aktuelle i samband med mediefilene. Og der kan du og dei andre som vil vera med setja opp eigne reglar og sleppe å irritere deg over den «bokmålsnære» (og varierte, med solid norsk dialektgrunnlag) nynorsken som Erling, Erlend, Ere, eg og mange andre her skriv.)
Om du skulle bestemme deg for at høgnorsken vil vera betre tent med eit eige leksikon, så vil eit utvikla kategorisystem med sine eigne høgnorskartiklar vera lett å overføre t.d. til Wikicities eller til ein eigen tenar. Mykje lettare enn om det er éin høgnorskartikkel her og tre der spreidde utover utan eksplisitt markering mellom alle dei normalnynorske artiklane... -- Olve 8. august 2005 kl. 08:06 (UTC)
Vil forresten minne om, Gaahl, at det ikkje er rekna som god tone å skrive om sine eigne eller andres innlegg (anna enn retting av skrivefeil og liknande, sjølvsagt...). Slik omskriving gjer det umogleg for diskusjonspartnarane å svara/debattere på ryddig vis. -- Olve 8. august 2005 kl. 08:25 (UTC)

Med fåre for å gjenta meg sjølv so er det ikkje hets å kalla former som bryt med Aasen-normalen og som er eineformer i bokmål (td bli i staden for verta, styrte i staden for styrde) for bokmålsnære. Det kallar eg ikkje hets, men konstatering av fakta, anten me likar det eller ikkje. At desse orda finst i ulike dialektar har eg ikkje nekta for, men kva rolle spelar det? Eg nyttar sjølv ordet bli i mitt eige daglegtalemål, so skal eg fylgja logikken din so går eg vel i kring og hatar meg sjølv då?

Men kva med å skjera unna all denne polemikken og heller halda oss til realitetane? Jorunn og Bjarte har sagt at dei ser på omsetjing av høgnorskartiklar som oppretting av nye artiklar. Difor har eg alt sagt at eg tykkjer det er greitt med omsetjing av høgnorske artiklar til kva som helst slags nynorsk. So dette er det ingen grunn til å kverna vidare på. Spørsmålet eg stiller er kva som hender med alle dei andre, ikkje-høgnorske, artiklane som er skrivne på konservativ nynorsk innanfor gjeldande rettskriving. Er det no fritt fram for at ogso denne nynorsken skal gjerast meir bokmålsnær, sidan dei som vil ha konservativ nynorsk heller kan oppretta høgnorskartiklar? Eg seier ikkje at eg er for eller i mot korkje det eine eller det andre, men me bør vel få ei avklåring på det? --Gaahl 8. august 2005 kl. 10:10 (UTC)

No som du framstår som tilhengjar av ein variant av normalnynorsk (etter dei siste omskrivingane dine), så ser du kanskje at du er betre tent med eit Nynorsk Wikipedia utan separate høgnmorskartiklar? Da er det nemleg meir naturleg å halde på ei meir konservativ målform enn når det allereie finst ei enda meir språkleg konservativ utgåve av artikkelen. -- Olve 8. august 2005 kl. 08:25 (UTC)

Eg er tilhengjar av at nynorskbrukarane skal ha fridom til sjølve å utforma ein skriftmålspraksis, utan byråkratiske stengsler. Det gjeld både høgnorsk og annan nynorsk. Primært so var eg tilhengjar av at artiklar som var skrivne på ei serskild form for nynorsk skulle vidareførast i denne forma. Når det ikkje var mogleg, gjekk eg subsidiært inn for høgnorske parallellutgåver slik at høgnorskbrukarane kunne få ha målet sitt i fred. Posisjonen min har heile tida vore den same - høgnorskartiklane bør ha vern mot omskriving til annan nynorsk eller dei bør skiljast ut i parallellutgåver.

Når det gjeld vanlege nynorske artiklar i wikipediaen, er haldninga mi den same. Eg er mot omsetjing av artiklar skrivne på lovleg, godkjend nynorsk innanfor "gjeldande rettskriving". Dei som ikkje meistrar serskilde nynorskvariantar, har høve til å "normalisera". Normalisera tolkar eg slik at ein må fylgja læreboknormalen. Er du samd eller usamd i at retningslinene bør vera slik? --Gaahl 8. august 2005 kl. 10:26 (UTC)

Eg synest dette er godt sagt. Og etter som eg er ein av "Dei som ikkje meistrar..." trur eg òg eg talar på vegne av mange når eg seier det er heil greit å få språket mitt retta attende når eg har vore inne og gjort faglege endringar i ein artikkel. --Ekko 8. august 2005 kl. 08:46 (UTC)

Gaahl: Det finst ein utforma, de facto skriftmålspraksis her med ganske stor breidd — inkludert det du, tydeleg misbilligande, karakteriserer som bokmålsnære former. Du talar mot byråkratiske stengsler, men brukar samtidig sjølv ei snever tolking av dei reglane vi foreløpig har sett opp til å protestere når Erling — med brei støtte frå dei andre som er med i diskusjonen her — endrar den eine av to parallelle artiklar til å seie «styrte» når den andre, som denne artikkelen er omsett frå, seier «styrde». Jorunn, Bjarte, eg og fleire har sagt oss einige med Erling i denne prioriteringa.
Det du, Gaahl, talar for, ser nærmast ut som om du vil bruke millimeterjustis for å sikre at ein artikkel på høgnorsk berre kan omsetjast til «konservativ nynorsk». (Sjølv om det må seiast at skrifttradisjonen til t.d. nordmørsdialekten, som går kring 100 år lengre attover i tid enn aasennormalen (rettnok i rykk og napp), skulle tilseie at dette «bokmålsnære» språket du argumenterer mot er minst like «konservativt» som høgnorsken... ;-) ) -- Olve 8. august 2005 kl. 09:08 (UTC)

For tredje gongen, Olve. Eg protesterar ikkje mot at Erling eller andre omset høgnorske artiklar til nett den nynorsken dei sjølve vil. Dette har eg allereide presisert so tydeleg som det er råd å gjera det i tidlegare innlegg: "Jorunn og Bjarte har sagt at dei ser på omsetjing av høgnorskartiklar som oppretting av nye artiklar. Difor har eg alt sagt at eg tykkjer det er greitt med omsetjing av høgnorske artiklar til kva som helst slags nynorsk."

Det eg snakkar om er artiklar som er skrivne på ikkje-høgnorsk, konservativ nynorsk? Her har eg gjort fylgjande framlegg til retningsliner: "Når det gjeld vanlege nynorske artiklar i wikipediaen, er haldninga mi den same. Eg er mot omsetjing av artiklar skrivne på lovleg, godkjend nynorsk innanfor "gjeldande rettskriving". Dei som ikkje meistrar serskilde nynorskvariantar, har høve til å "normalisera". Normalisera tolkar eg slik at ein må fylgja læreboknormalen."

Er du Olve samd eller usamd med meg i dette? --Gaahl 8. august 2005 kl. 11:12 (UTC)

Kan du Gaahl gje eksempel på ein artikkel der dette har vore eit problem? -- Olve 8. august 2005 kl. 09:20 (UTC)
Nei, eg vil berre at me skal ha klåre liner i dette spørsmålet. --Gaahl 8. august 2005 kl. 11:21 (UTC)
Ja, dét er no sjølvsagt eit heilt anna spørsmål (som ikkje passar heilt inn under bolkoverskrifta «omsetjing frå høgnorsk»): Så lenge det ikkje føreligg ein parallell artikkel på høgnorsk er eg einig i at læreboknormalen er grei og at ein ikkje bør endre språkforma anna enn i tre typar fall:
  1. Retting av ortografisk/stilistisk inkonsekvent språkføring. (Eksempel: Blanding av aasennormal og austlandsformer; uregelrett blanding i samband med kløyvd infinitiv)
  2. Endring av regionalt baserte former til relevante former for området ved artiklar med lokal tilknytting (Eksempel: Sørvestlandsk > midtnorsk i samband med ein artikkel om Aure på Nordmøre)
  3. Fri endring av språkform innan læreboknormalen ved full omskriving og/eller radikal utviding av ein artikkel.
Men når artikkelen òg føreligg på høgnorsk (om konklusjonen blir at vi held på høgnorsken som eiga underavdeling) meiner eg at det beste er å leggje den ikkje-høgnorske utgåva av denne spesifikke artikkelen til ei språkform som betre reflekterer breidda og som utgjer eit faktisk språkleg alternativ. -- Olve 8. august 2005 kl. 09:35 (UTC)
Kan hende er det her den røynlege usemja vår ligg gravlagd? Eg meiner at han som omset artiklar frå høgnorsk (dvs lagar nye artiklar) skal stå heilt suverent til å leggja seg på kva som helst slags lovleg rettskriving. Du må gjerne meina at det er best å nytta ein nynorsk som "reflekterer breidda og som utgjer eit faktisk språkleg alternativ" (eg nyttar dine eigne ord, so eg slepp å verta skulda for hets). Men eg er i mot at slike føringar skal gå inn i retningslinene for artiklar som vert omsette. Kriteria må vera dei same for artiklar som vert omsette som for andre artiklar. At artikkelen ligg føre på høgnorsk bør ikkje vera noko alibi for å gå lenger i bokmålsleid enn det det elles hadde vore grunnlag for. Då har det vorte slik, som eg peika på i eit tidlegare innlegg, at konservativ nynorsk har fått eit b-stempel.
--Gaahl 8. august 2005 kl. 11:12 (UTC)
No er det no for det første slik at slett ikkje alle som omset er hannar. Den som omset kan vera kvinne eller mann. Blant anna...
No må du ikkje byrja å hetsa folkemålet mitt ;-) I det norske språket er det fullt høve til å nytta ordet "han" om ein person ålment. Orda mann og menneske er av same rot.
--Gaahl 8. august 2005 kl. 12:26 (UTC)
Kar og kjerring er av same rot òg. Men eg aktar da sanneleg ikkje å kalle deg kjerring eller kar utan å vita kven du er. Du som er så oppteken av at du held deg innanfor normert nynorsk burde kanskje sjå kva normeringsorganet Språkrådet seier om dette: Kjønn, språk, likestilling (1997). -- Olve 8. august 2005 kl. 10:58 (UTC)
Skrivet du syner til handlar om korleis ein skal nytta kjønnsnemningar "ikkjediskriminerande". Målføringa mi er basert på reint språklege kriterium, ikkje kva som er politisk korrekt. Både i tradisjonell nynorsk og i mange dialektar, inkludert min eigen, so nyttar me ordet han om personar ålment. Du som er so oppteken av folkemål vil vel ikkje protestera på at eg nyttar dei ordleidingane som er naturlege i min eigen dialekt? Eller er sume "folkemål" meir "folkelege" enn andre?
Gaahl 8. august 2005 kl. 13:00 (UTC)
Du har da allereie sagt at du ikkje brukar ordet «bli» sjølv om dét er naturleg i talemålet der du kjem frå, så det er toleleg opplagt at dei språklege kriteria du legg til grunn ikkje går på lokalt talemål. Men no gjev eg meg ut av denne «diskusjonen». Kan ikkje sjå at han fører nokon stad likevel... :-( Olve 8. august 2005 kl. 11:19 (UTC)
Det har du heilt rett i. Det lokale talemålet reknar eg som underordna. Eg påpeikar berre at du er logisk inkonsistent. Du kan ikkje både skulda meg for å driva "folkemålshets" når eg kritiserar at folk nyttar bokmålsnære former og samstundes kritisera meg for å nytta mitt "folkemål". Eller so lyt du gjera greida for kvifor sume "folkemål" er meir folkelege enn andre.
Gaahl 8. august 2005 kl. 13:00 (UTC)
Grammatikk ≠ pragmatikk. -- Olve 8. august 2005 kl. 12:04 (UTC)
Denne må du forklåra.
Gaahl
Grammatikk: Språkleg formlære — t.d. fonologi, morfologi, syntaks.
Pragmatikk: Språkleg kontekstlære — inkludert småord som referanse, skilnad mellom uttrykk og inntrykk o.a.
-- Olve 8. august 2005 kl. 12:15 (UTC)
Sidan du no vil skilja mellom grammatikk og pragmatikk, so må du vel berre vedgå at eg reint grammatisk har mitt på det turre når eg nytta "han"-forma. Meiner du at det finst dialektar (folkemål, Olve!) som ikkje er pragmatisk korrekte? Du har i so fall til gode å presentera denne pragmatiske kritikken.
Gaahl


Men når det gjeld hovudpoenget her, så vil eg no hevde at det er meir demokratisk å tilby koffein-kaffi og myntete enn å insistere på berre koffein-kaffi og koffeinfri kaffi — og eg kan ikkje sjå at det ligg noko b-stempel på den koffeinfrie kaffien av den grunn. Det er berre litt større breidd — til glede for dei som gjerne vil velja sjølve kva dei vil drikke. Olve 8. august 2005 kl. 10:17 (UTC)
Som sagt so trur eg det er mange nynorskbrukarar med meg som er usamde i at nynorsken skal gjerast mindre konservativ berre av di dei som vil kan gå utom den offisielle rettskrivinga og nytta høgnorsk i staden. Det er mange som ynskjer å skriva god, tradisjonell nynorsk, men som av ulike årsaker ynskjer å halda seg innanfor gjeldande rettskriving. Her er det mange ulike syn og det mest demokratiske må vera at den einskilde omsetjaren sjølv har full fridom til å nytta den rettskrivingsvarianten han sjølv ynskjer. Me kjem neppe til å verta samde om kva som er den mest demokratiske eller mest folkemålsnære nynorsken. Då må det som eg tidlegare har nemnt vera fridomen til sjølv å utforma ein skriftmålspraksis som gjeld. So lenge ein er innanfor "gjeldande rettskriving".
--Gaahl 8. august 2005 kl. 12:26 (UTC)
Ja, som eksempel ønskjer eg å skrive god, tradisjonell nynorsk. Slik eg gjer no. Og elles. Og slik som Erling og Jarle og mange andre gjer på dei mange ulike variantane av god, tradisjonell nynorsk. -- Olve
Vil dette seia at du er samd med meg i at dei som omset nye artiklar frå høgnorsk skal ha full fridom til sjølv å velja den rettskrivinga dei reknar som god nynorsk? Og at det ikkje skal leggjast føringar i retningslinene om å nytta ein nynorsk som distanserar seg frå nynorsk basert på tradisjonelle, lovlege former? -- Gaahl
Nei, dette vil seie at eg definerer «god, tradisjonell nynorsk» på ein vidare måte enn du gjer. Og eg meiner altså at det er naturleg å leggje vekt på språkleg breidd. Og at den skriftmålspraksisen som er grundig utforma av Erling (1180 redigeringar), Jorunn (2577] redigeringar), Ranveig 7825 redigeringar), Bjarte 3545 redigeringar), underteikna (13500 redigeringar) m.fl. ikkje skal bli automatisk overstyrt av deg (88 redigeringar) og hypotetiske framtidige brukarar. Utan høgnorsken ville det vera ein heilt annan sak. Som sagt... -- Olve 8. august 2005 kl. 11:10 (UTC)
So du ynskjer å redusera ordskiftet til eit spørsmål om kven som har redigert flest innlegg? Det vil i so fall vera drepen for vidare fornuftig debatt. Argumenta må vegast, ikkje teljast, og det nyttar ikkje å slå kvarandre i hovudet med kven som har skrive flest innlegg. Spørsmålet det heile kokar ned til er om dei som set om artiklar skal ha full fridom innanfor gjeldande rettskriving til å nytta den nynorsken dei sjølve ynskjer eller om dei skal verta underlagde serskilde føringar. Meiner du for ålvor at nynorsken du og Erling nyttar skal favoriserast av di de har posta flest innlegg? Eg har vore 100% klår på kva slags retningsliner eg ynskjer. No er det tid for at du kjem på banen og gjer greia for kva du slags retningsliner du vil ha.
Gaahl 8. august 2005 kl. 13:20 (UTC)
Nei.
For det første er nynorsken min ulik Erling sin. Og Jarle har ein heilt annan nynorsk enn båe oss att.
Og for det andre talar du så fine ord om utvikling av praksis og går så laus på den etablerte praksisen.
Poenget mitt er at vi som har vore her ei stund har erfaring og har lagt mykje «blod, sveitte og tårar» i arbeidet vårt. Og vi har etablert ein praksis. Du, som nettopp kom inn døra, snakkar så fint om å unngå regelrytteri, men vil likevel slåst mot «bokmålsnær» nynorsk med millimeterjustis. Så du ikkje skal tru at dette er ei nedvurdering av nye brukarar som er spesiell for Nynorsk Wikipedia bør eg vel nemne at det er vanleg praksis i mange samanhengar på ulike wikipediaer at ferske brukarar (varierande definert til under 100/200/500 bidrag) ikkje enno har full stemmerett på den aktuelle wikipediaen.
Mange av skribentane her er sjølverklærte flyktningar frå Bokmålswikipediaen fordi fokus der i stor grad er på riksmål og fordi nedvurdering av «vanlege» norske former og språkleg breidd nokre gonger har forsura miljøet der.
Målet vårt her, slik det (såvidt eg kjenner til) blir forstått av dei fleste som skriv her, er å skrive for brukarane. Vi skriv for skuleelevar og studentar og andre som ikkje først og fremst er interesserte i Ivar Aasens liv og verk men i alt mellom himmel og jord som dei kan finne stoff om.
Målet vårt er ikkje først og fremst å ha flest muleg skribentar (men dét er sjølvsagt fint òg), men å få flest muleg lesarar.
Målet vårt er ikkje å atterskapa Ivar Aasens ortografi, men å laga eit nynorsk leksikon som folk flest i Noreg kan ha nytte av. Gjerne eit leksikon som er så mykje betre enn Bokmålswikipediaen at folk føretrekk å bruke Nynorsk Wikipedia i staden.
Men no føreslår eg at du og eg set strek. Så kan heller dei andre få komma til med det dei vil seie om dei ikkje er lutleie denne debatten allereie. -- Olve 8. august 2005 kl. 11:50 (UTC)
Heilt i orden. Men eg tykkjer framleis det er underleg at du som sette i gang heile denne prosessen (jamfør Oktav-ordskiftet) ikkje vil svara på kva slags retningsliner du reint konkret vil skal gjelda for omsetjing av artiklar.
Gaahl 8. august 2005 kl. 13:55 (UTC)
Det har eg allereie svara greitt og tydeleg på ovanfor. -- Olve 8. august 2005 kl. 12:08 (UTC)
Nei, det har du ikkje. Skal det leggjast serskilde føringar på rettskrivinga åt dei som set om frå høgnorsk eller har dei full fridom innanfor gjeldande rettskriving? Kva slags type føringar skal leggjast? Det er mogleg du sjølv meiner du har svara på desse spørsmåla, men du har i so fall vore alt for lite konkret. Den greidaste måten å få avslutta denne debatten på er å få ei avklåring på kvar me har kvarandre. Eg har vore krystallklår på kva for retningsliner eg ynskjer, og då tykkjer eg at du bør vera det same. Lange tiradar med polemikk er det siste me treng meir av.
Gaahl

Eg siterer meg sjølv:

[...] Så lenge det ikkje føreligg ein parallell artikkel på høgnorsk er eg einig i at læreboknormalen er grei og at ein ikkje bør endre språkforma anna enn i tre typar fall:
  1. Retting av ortografisk/stilistisk inkonsekvent språkføring. (Eksempel: Blanding av aasennormal og austlandsformer; uregelrett blanding i samband med kløyvd infinitiv)
  2. Endring av regionalt baserte former til relevante former for området ved artiklar med lokal tilknytting (Eksempel: Sørvestlandsk > midtnorsk i samband med ein artikkel om Aure på Nordmøre)
  3. Fri endring av språkform innan læreboknormalen ved full omskriving og/eller radikal utviding av ein artikkel.
Men når artikkelen òg føreligg på høgnorsk (om konklusjonen blir at vi held på høgnorsken som eiga underavdeling) meiner eg at det beste er å leggje den ikkje-høgnorske utgåva av denne spesifikke artikkelen til ei språkform som betre reflekterer breidda og som utgjer eit faktisk språkleg alternativ. -- Olve 8. august 2005 kl. 09:35 (UTC)

Det du kallar "ei språkform som betre reflekterer breidda og som utgjer eit faktisk språkleg alternativ" kan vanskeleg tolkast på annan måte enn at du meiner retningslinene skal leggja føringar om å omsetja høgnorskartiklar til ei form for nynorsk som mest mogleg markerar distanse til konservativ nynorsk. Dersom dette skal verta dei nye retningslinene, må ein kunna konstatera at brukarane får mindre fridom enn tidlegare til å velja rettskriving. Eg har alt sagt kva eg meiner om det, so eg seier ikkje meir no. Men eg tykkjer det var på sin plass at me tok denne diskusjonen, slik at me etter mykje om og men fekk denne avklåringa. Gaahl

Denne avklåringa (som du vrid i meir ekstrem lei enn eg meiner — eg meiner at både «sentristisk» (inkludert noko konservativ, berre ikkje insisterande mesta-blåkopi av høgnorsken) og «radikal» nynorsk er fullgode alternativ) kom da for lenge sidan i denne diskusjonen. -- Olve 8. august 2005 kl. 12:58 (UTC)
Same korleis du snur og vender på det so er det ei innskrenkjing av fridomen til å nytta nynorsk innanfor gjeldande rettskriving. Og dersom dei døma på omsetjing me har sett fram til no skal vera normdannande for dei nye retningslinene, med omskriving av jamstelte former som "verta" og "styrde" til "bli" og "styrte", so tykkjer eg at det jamvel er ei nokso dramatisk innskrenkjing av denne valfridomen. Kvifor er det so vanskeleg å lata omsetjarane få velja rettskriving sjølve? Dersom det fyrst skulle setjast retningsliner for omsetjing frå høgnorsk som gjeng lengre med å avgrensa valfridomen enn til gjeldande rettskriving, so burde i so fall grensa gå ved læreboknormalen. Å aktivt leggja føringar om å byta ut jamstelte tradisjonelle former med bokmålsnære former (verta -> bli, styrde -> styrte) er å gå langt over grensa. Argumentasjonen for å skilja ut høgnorsken var opphavleg pedagogisk, og no tek du til ords for å retta på nett slike former som elevane lærer i skulen?
Gaahl
Det er da ikkje snakk om å påleggje nokon å skrive «bli» i staden for «verta». Eg gjev da vel blanke i korleis du skriv, så lenge det er språkleg konsistent og forståeleg for folk flest. (Er det feil der, så er det lett å rette dei.)
Om det i retningslinene skal påleggjast eller tilrådast å nytta bokmålsnære former, tykkjer eg går ut på det same. Resultatet vert at eitt slag nynorsk vert favorisert framfor eit anna. Eg meiner retningslinene må vera heilt nøytrale på dette punktet.
Gaahl
Det det er snakk om her er å unngå at enkelte går til åtak på ei stakkars sjel som vågar seg på å skrive noko så tilforlateleg som «bli» eller «styrte». (Skal ikkje svært dugelege skribentar som Erling, Jorunn og Kristian André ha like mykje fridom som du...?!) -- Olve 8. august 2005 kl. 13:52 (UTC)
I eit tidlegare innlegg stelte eg deg fylgjande spørsmål: "[Er du] ... samd med meg i at dei som omset nye artiklar frå høgnorsk skal ha full fridom til sjølv å velja den rettskrivinga dei reknar som god nynorsk? Og at det ikkje skal leggjast føringar i retningslinene om å nytta ein nynorsk som distanserar seg frå nynorsk basert på tradisjonelle, lovlege former?" Til dette svara du "Nei". So forstår eg deg rett so er det du som ynskjer å leggja band på rettskrivinga åt omsetjarane, ikkje eg. Eg meiner at dei som omset frå høgnorsk må få nytta den rettskrivinga dei sjølve ynskjer, so lenge dei er innanfor gjeldande rettskriving. Eg har mange gonger presisert at Erling og andre skal få skriva nett den nynorsken dei sjølve ynskjer, so no må du snart slutta å påstå at eg vil taka fridomen frå Erling. Det einaste eg vil er at dei same retningslinene skal gjelda for omsetjing av artiklar som for oppretting av artiklar, dvs full fridom innanfor gjeldande rettskriving.
Gaahl

Dei som set um frå høgnorsk til gjeldande rettskriving kann i det minste visa til kjelda, det er skikk og bruk yver heile Wikipedia. Dette plar vera praksis jamvel i "stats-autorisera" utgåvor av høgnorske bokverk. --Fatagnus 8. august 2005 kl. 14:35 (UTC)


ParallellartiklarEndra

Artiklar som finst på to målformer kan til dømes merkast slik:

(teksten på nynorsk kjem under)

På høgnorsksida finst ein tilsvarande mal:

(teksten på høgnorsk kjem under)

Korleis merket skal sjå ut og kvar det skal plasserast - venstre, høgre eller midtvegs - kan me sjølvsagt bruka mykje tid på å ordskiftast om. -- Ranveig 6. august 2005 kl. 13:15 (UTC)

Eg hev freistat gjenomföra dette på Oktav, og det ser godt ut, tykkjer eg. Kva trur dé andre? Jarle 6. august 2005 kl. 15:32 (UTC)
Eg tykkjer dette ser ut til å vere ei bra løysing. --Erling 6. august 2005 kl. 15:36 (UTC)

Ein liten merknad. Det bør skrivast hn med liten h, ikkje Hn. Slik at me kan skriva inn adressa til artikkelen frå nettlesaren slik: http://nn.wikipedia.org/wiki/hn/Oktav Gaahl 6. august 2005 kl. 13:15 (UTC)

MediaWiki ser ikkje ut til å skilja "Hn" og "hn". Jarle 6. august 2005 kl. 15:32 (UTC)

ÍslenzkEndra

is.wiki har dei eit parallelt «problem», om å nytte den nye eller gamle rettskrivinga. Det er nokså enkelt da, hovudforskjellen er å skrive 's' for gammal 'z'. Men ta ein kikk på forslaget om å løyse det på Wikipedia:Potturinn. --KRISTAGAα-ω 6. august 2005 kl. 16:16 (UTC)

Ja, det kan vera ei løysing å ha ein ekstra "tab" øvst på sida. Slik gjer dei òg på den kinesiske wikipediaen. Det finst hovudsakleg to utbreidde måtar å skriva mandarin-kinesisk på, der heile skriftsettet (på fleire tusen teikn) har ei tradisjonell og ei forenkla utgåve. Den tradisjonelle vert ennå nytta på Taiwan og i Hong Kong, og av mange emigrantgrupper, medan den forenkla er den mest brukte i Folkerepublikken Kina. Ikkje alle teikna er ulike, men mange av dei. Dei har faktisk lagt til eit system på :zh: der ein tekst automatisk vert gjort om til den typen som manglar ved hjelp av ei stor fil (som kan rettast på av brukarane) som kartlegg kva teikn som skal oversetjast med kva. I tillegg kan ein retta feil lokalt òg trur eg. Eg reknar med det er ei liknande løysing Ævar tenkjer på for islandsk, i og med at det er nokså små (og delvis automatiserbare) endringar ein talar om. Dette vert nok litt verre for høgnorsk/nynorsk. Nokre idéar her? Guttorm den reknekunnige? Bjarte 7. august 2005 kl. 05:52 (UTC)
Eg reknar med at det ville vera mogleg å bruka ei slik løysing på nn.wikipedia, men eg trur eige namnerom er enklare og betre. Såvidt eg veit så må alle dei alternative skrivemåtane/orda kodast inn i kjeldeteksten. Det kan bli ganske mykje kode som vil vera heilt uforståeleg for dei fleste potensielle bidragsytarar og dermed gjera det endå vansklegare å bidra. --Guttorm 18. august 2005 kl. 10:10 (UTC)

Høgnorsk namneromEndra

Eg ser at dagens løysing med "Hn/"-prefix av høgnorskartiklar fører til at høgnorskartiklane vert talde med i talet på artiklar. Så når ein artikkel finnast på beggje målføra, vert den tald to gongar. Eg tippar at ein kan omgå dette ved å lage eit eige namnerom istaden, "Hn:", då kan det unnlatast frå vanlege teljinga, kanskje teljast for seg sjølv og skiljast ut frå resten under "Siste endringar". Guttorm, er dette ei teknisk realistisk løysing? -- Larsivi 10. august 2005 kl. 17:43 (UTC)

Eg òg hev tenkt litt på dette. Den tekniske vanden vert vel å få til dei andre namnerommi — Kategori:, Wikipedia:, Hjelp: og so burtetter. Men det kann gjerne løysast? –Jarle 10. august 2005 kl. 19:11 (UTC)
Hm, ja, dersom ein vil ha artiklane i desse namneroma på høgnorsk òg? Kategori trur eg vi kan gjere allereie som i dag, mange av artiklane i Wikipedia: osb er jo kategorisert, det er berre Kategori: som er eit særskilt handtert namnerom i så måte. -- Larsivi 10. august 2005 kl. 20:15 (UTC)
Jau, du segjer nokot der. Ventar på innspel frå'n Guttorm ;). –Jarle 10. august 2005 kl. 22:59 (UTC)
Jeg har nå tidligere bannet på at jeg ikke skal delta i denne debatten, men jeg tenkte jeg skulle føye inn en liten tanke/spørsmål. Hva med interwiki? Skal interwikilenkene vise til bare nynorskartikkelen, og hva da hvis en høgnorskartikkel har interwikilenke og blir plukket opp av interwikiboter som sprer denne til wikipediaer, både fjerne og nære? Profoss 10. august 2005 kl. 23:05 (UTC)
Eg stemmer for interwikilekkjor berre på nynorskartiklane. –Jarle 11. august 2005 kl. 10:09 (UTC)
Eg er samd med Jarle her. Bjarte 11. august 2005 kl. 10:59 (UTC)
Eige namnerom er teknisk enkelt gjennomførbart (med hjelp frå utviklar) og vil ha den effekten som de ser for dykk, men eg trur ikkje me skal hoppa på det før det er endeleg bestemt at høgnorsk skal ha eit eige namnerom. --Guttorm 18. august 2005 kl. 10:10 (UTC)

Slutt på tekst flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 29. august 2005 kl. 14:12 (UTC) (UTC)

Latin/norsk/fornorska latinEndra

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 9. september 2005 kl. 10:23 (UTC)
Eg tenkjer å byrja på hjartet, anatomi, fysiologi og -feil. Kva tenkjer folk rundt bruken av latin og norsk? Eg tenkjer å nytta berre norsk, med omdirigering frå latin og med fornorska latin i parentes i teksten. Høyrest det greit ut? Ekko 15. mai 2005 kl. 0739 (UTC)

Eg tykkjer Audun Øyri har gått føre med fornuft i Norsk medisinsk ordbok. Til dømes har "hovudartikkelen" hjartesvikt "omdirigering" frå insufficientia cordis, og han har ei line både på humerus og overarmsbeinet (der han nemner at armleggen vert nytta i somme dialektar!). Omdirigering frå latin (og fornorska latin) til norsk høyrest fornuftig ut generelt sett, men eg trur det er viktig at me ikkje lagar ein prinsippiell regel om dette, då den latinske forma kan vera det mest nytta norske ordet i andre høve (òg i følgje omtalte ordbok). Bjarte 15. mai 2005 kl. 1347 (UTC)
Heilt einig. Lurte berre på om de hadde drøfta dette før, og fått ei samforståing. Me lar Øyri vera leidestjerna vår. Ekko 15. mai 2005 kl. 1404 (UTC)
Norsk er bra, så lenge det er snakk om eintydige termar som er i faktisk bruk — men det er viktig å ha med dei latinske (og greske) orda òg; vi bør alltid ha med alle latinske og greske ord som omdirigeringar, og det same gjeld engelske ord og forkortingar i utbreidd bruk (vi treng t.d. omdirigeringar frå asthma, COPD, familial mediterranean fever, OCD, ulcerous colitis). Og omdirigeringar frå bokmålsformer, og gjerne òg svensk og dansk, er nyttig. Sjå andenød med sine omdirigeringar frå dyspné i sine mange rettskrivingsformer. Elles er eg einig med Bjarte i at termar som er mykje vanlegare i latinsk enn norsk utgåve bør kunna stå oppført under (ofte noko fornorska) latinsk form. -- Olve 16. mai 2005 kl. 0001 (UTC)

Kva med genitiv?Endra

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:47 (UTC)
Genitiv finst rett nok knappast på norsk, skal me tru eit leksikon i nærleiken. Men: eg får stadig retta genitiv med -s i artiklane min, til konstruksjonar med sin/sine, se td. Vålerenga kyrkje. Er dette rett? --Ekko 21. august 2005 kl. 05:37 (UTC)

Dette er ikkje «rett» og «gale», det er stilistikk. Det er ein tradisjon i nynorsk for å bruke meir sin/sine enn -s, men -s blir og brukt. Det er nok av dei som har sterke meiningar om dette, eg høyrer ikkje til dei, så for meg kan du gjerne skrive «Klanens», osb. Sjølv hadde eg ikkje gjort det, eg liker versjonen med sin/sine betre. Grunnen til at eg kommenterer her var likevel referansen til genitiv: Når eg (ja, det var eg) i genitivartikkelen du viser til skriv at norsk ikkje har genitiv, er det fordi du kan skrive «Beste laget i byens heimekamp» som synonym til «Vålerengas heimekamp». Viss vi hadde hatt genitiv på norsk ville ikkje desse ha vore synonym, og du måtte ha skrive «Beste lagets i byen heimekamp».Men det har vi altså ikkje. Trondtr 21. august 2005 kl. 06:09 (UTC).
«Klanens song» = «Klanen sin song» = «songen åt Klanen» = «songen til Klanen» = «songen som Klanen song» = «Klanen si synging» = «klansongen» osv. ... :-) Det er mange måtar å skrive det aller meste på. Eg har sansen for variasjon og ledig stil og trur at ein garpegenitiv no og da er fine saker. Men om det blir for mykje garpegenitiv eller om garpegenitiven berre er ein måte å unngå problemet med stiv setningsbygnad, så er ofte omskriving betre. Er elles einig med Trond i at genitiven i dei fleste formene av norsk er eit temmeleg tynt prinsipp som kasus — denne genitivs-s-en verkar no mest som ein slags postposisjon som kan hektast på heile setningsledd. Når dét er sagt, så er det no ein del genitivsrestar å finne i norske dialektar, og da særleg kring Vest-Telemark. Men òg i eldre nordmørsdialekt grev ein «te botnar» (til botnen) og ventar «tess måndags» (til måndag) med å bestemme seg for kva ein skal ha «te meddags» (til middag). Og saui’nn kjem neatt frå fjîlla (D) te höstann (G.pl.) (= «til haustanes»). :-) Olve 21. august 2005 kl. 07:12 (UTC)
Eg sit og mediterar. mantraet mitt er Omskriving er best. Omskriving er best. Ikkje berre etterapa bokmål. Ikkje berre etterapa bokmål. Eg likar meg på nynork-'pediaen. --Ekko 21. august 2005 kl. 07:45 (UTC)
:-) Olve 21. august 2005 kl. 08:12 (UTC)
Eg skjønar Ekkos problems kjernes essens. Bjarte 21. august 2005 kl. 10:09 (UTC)

«Vekas artikkel»Endra

Trondtr lyt gjerne skriva eit stykke her om kva stilistikk er? Er det noko annat enn syntaks tildømes? Nynorsk er då meir enn ord. Ifylgje ein lingvist som Faarlund ved UiO er det ved syntaksen at nynorsk skil seg frå bokmål. For Faarlund var dette eit argument for at bokmålsinnlån var greidt. (Det Faarlund ikkje sa (i Dag og Tid, der stykket stod), var at syntaksen sit fast i orda, at det å stengja for visse ord og ordformer tvingar ein til halda seg undan dei seiemåtane som er knytte til dei orda og ordformene det gjeld.)

Nynorsk har reglar for kva tid ein unnataksvis kann nytta genitivs-s. Ein ting er visst: dei fleste som har lært nynorsk oppigjenom, hadde fenge raude strek i margen dersom dei hadde skrive «vekas artikkel» i ein stil på nynorsk. Kunne me ikkje skrive dette litt annleis og betre? Framlegg, tildømes:

Eg held ein knapp på «vekeartikkelen». Det vert litt som «månadsbladet», «årboka», «dagsnytt», «vekebladet» osb, og burde såleis vera ei tilvenjingssak. (Og iallfall ei mykje lettare tilvenjing enn det å sjå «vekas artikkel» heile tida ...) Men «artikkel(en) denne veka» er gjerne noko folk på det næraste er vane med frå før og difor lettast?

Wikipedia sin garpegenitivspolitikkEndra

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 14:29 (UTC)
Skal det heita Noreg sitt flagg eller det norske flagget? Noreg sin grunnlov eller den norske grunnloven? Kåre Willoch si regjering eller Willochregjeringa?

Eg må innrømma at garpegenitiv som regel får meg til å steila, men er ikkje sikker på om dette bare er kjenslene mine eller strid mot tilrådd språkføring. Derfor bør me finna fram til ein politikk for desse formuleringane. Til dømes:

  1. Er garpegenitiv greitt i titlar?
  2. Er garpegenitiv greitt i artikkeltekstar?
  3. Bør garpegenitiv skrivast om til ei anna formulering?
  4. Bør andre formuleringar skrivast om til garpegenitiv?

Køyr debatt. -- Ranveig 8. september 2005 kl. 17:10 (UTC)

Eg likar ikkje garpegenitiv, men aksepterar det. Svar: 1: Nei. 2: Ja og nei. 3: Ja og nei. 4: NEI!
Eg syns ikkje at garpegenitiv bør brukas i kombinasjon med «Noreg». «Det norske flagget» høyrast så uendelig mye bedre ut enn «Noreg sitt flagg». --KRISTAGAα-ω 8. september 2005 kl. 19:46 (UTC)
Eg brukar garpegenitiv mykje, både muntleg og skriftleg. Eg ser ikkje noko gale i å nytta det i dei fleste samanhangar der det er naturleg. Eg likar òg genitivsomskriving med til: Flagget til Noreg. Mine svar vert: 1: Ja. 2: Ja. 3: Slett ikkje alltid. 4: Nei, ikkje viss dei er god norsk frå før.
--Verdlanco\ordskifte 8. september 2005 kl. 20:22 (UTC)
Einig i at omskrivingar av typen Flagget til Noreg er like bra som omskrivingar av typen Det norske flagget --KRISTAGAα-ω 8. september 2005 kl. 20:43 (UTC)
Endå betre er slike omskrivingar som Kristaga gjorde i Naturleg satellitt då han endra Solsystemets månar til Månane i solsystemet! Her synte det seg at genitiv var heilt uturvande!
--Verdlanco\ordskifte 11. september 2005 kl. 12:43 (UTC)
Likar det slettest ikkje. Så mine svar blir: 1: Nei, 2: Ja, men ikkje meir enn ein gong i mellom, 3: Gjerne, 4: Nesten aldri. I mine øyrer og auger er dømene i starten av innlegget til Ranveig gode døme på kor fælt det er. --Ekko 8. september 2005 kl. 20:27 (UTC)
Garpegenitiv er greitt no og da, men det kan lett bli for mykje av det. Mine svar er: 1) Mesta aldri; 2) i rimelege mengder; 3) ofte; 4) nei. Eg synest namn som Noreg sitt flagg og Willoch si regjering er spesielt vanskelege å svelgje... -- Olve 9. september 2005 kl. 02:20 (UTC)
Eg har problem med at ei elles godteken form ikkje skal vere god nok for titlar eller berre skal brukast i 'rimelege mengder'. Det er sikkert ein grei politikk i ei avis eller for ein norsklærar, men for ein stad med heilt flatt styringssystem opnar det for synsing og ustoppeleg kjakling om filleting. Så svara mine er 1: Ja. 2: Ja. 3: Ikkje utan vidare. 4: Ikkje utan vidare.
Viss reglane skal vere andre må dei formulerast klart, gjerast lett tilgjengelege (ikkje berre lausleg omsnakka i ein diskusjon einkvann stad), og grunngjevast med meir enn berre kva regelskrivaren/ane synest (altså med noko Språkrådet, Nynorskordboka eller liknande synest). --Jorunn 9. september 2005 kl. 08:58 (UTC)
Eg har ikkje oppfatta dette ordskiftet som noko som skal laga reglar, meir som ei utveksling av synspunkt. Ustoppeleg kjakling trur eg heller ikkje det er grunnlag for her. Men synsing derimot: Eg har høyrt mykje "nynorsk" frå familien i Telemark og det er jo slikt som formar språkjensla. Og mi eiga personlege språkjensle må jo òg vera gyldig? --Ekko 9. september 2005 kl. 11:29 (UTC)
Di språkjensle er sjølvsagt nett like gyldig som Verdlanco, Eirik eller mi si. Me vert aldri einige om kva som høyrest eller ser best ut, det er ei smaksak, men me må verte einige om korleis me skal forhalde oss til at me ikkje kan verte einige om alt, eller som dei skriv det på Scots Wikipedia om kvifor dei føl dei språklege rettningslinjene sine: «The main raeson is for ti dae awa wi arguments ower the richt spellins o words. That wastes time better spent screivin new text for airticles.» Og det er det eg sikta til med ustoppeleg kjakling. Viss me har tydelege retningslinjer kan me vise til dei om kjaklinga skulle setje i gong, og på det viset oftare fort verte ferdig med det slik at me heller kan «screivin new text for airticles». Men det krev sjølvsagt at me klarer å verte einige om nokre rettningslinjer. --Jorunn 9. september 2005 kl. 14:51 (UTC)
Nettopp derfor hadde det vore bra med hjelp frå ein autoritet. Eg har sett hint om at det blir fråråda, men ikkje sjølve råda, eller kor langt dei går (mi språkkjensle gjev meg til dømes vondt når eg ser "Noreg sitt", men har ikkje noko problem med "mor sin"). -- Ranveig 9. september 2005 kl. 15:13 (UTC)

Mine svar på spørsmåla til Ranveig er:

  1. Ja
  2. Ja
  3. Nei
  4. Ja

Eg er for garpegenitiv. Det er ikkje alle som t.d. veit kva flaggartikkelen til Papua Ny-Guinea heiter, viss han vert lagd på «det — flagget». Viss han derimot vert lagd på «— sitt flagg» er det både betre og enklare meinar no eg. Sjølvsagt har vi omdirigeringar, men det er enklare å ha artikkelen på ein stad der folk veit kva dei skal søkje etter. EIRIK\diskusjon 9. september 2005 kl. 13:20 (UTC)

Ikkje at eg råder til det altso, men det hev vore vanleg målpolitikk å tillata genitivs-s etter sernamn, og i nokon mun òg etter samnamn i ubundi form. Soleides er det ikkje utan vidare so låk nynorsk som sume gjerne trur, å skriva "Papua Ny-Guineas flagg". Det skulde ein kunna gjera på lik lina med slikt som "Garborgs skrifter" og dilikt. --Ole Jakob 9. september 2005 kl. 13:28 (UTC)
Ja, eg kunne godt ha funne på å skrive «Noregs flagg», kan det heite «Noregs Mållag» kan det vel heite «Noregs flagg» også? Om så det vert meir velkome enn «Noreg sitt flagg» er vel ikkje så sikkert. --Jorunn 9. september 2005 kl. 14:51 (UTC)
Det der ser rettare ut for meg enn «Noreg sitt». Kanskje me kan bruka det i dei tilfella der me ikkje har noko godt adjektiv, som i dømet Papua Ny-Guinea? Det vil uansett bli vanskeleg å få alle flaggartiklane like, for mange flagg tilhøyrer ikkje land. -- Ranveig 9. september 2005 kl. 15:13 (UTC)

Kurtber sine svar/Svara til Kurtber/Kurtber-svara/Kurtbers Svar (uff...):

  1. Ja, dersom det ikkje finnes betre alternativ
    (altso; nei i tillfellet "det norske flagget" og ja i tilfellet "flagget til Papa Ny-Guinea", som eg tykkjer er langt betre enn Ny-Guineas flagg (Det burde gjerne i so fall vere det Papa Ny-Guineanske flagget?)
  2. Ja, heilt utan tvil
    Artikkelskrivaren må sjølv få velge sin eigen språkform i eit fritt oppslagsverk, tykkjer eg.
  3. Hovudsakleg nei
    med same argumentasjon som på spm. 3.
  4. Nei
    Viser igjen til argumentasjon i spm. 3.

/ Kurtber|Ordskifte 25. okt. 2005 kl. 13:28 (UTC)

Bakgrunn om garpegenitivEndra

Ny rundeEndra

Det er ikkje lett å finna gode, autoritative råd om nynorskbruk når Språkrådet svikter, men her er ei side som går grundig gjennom alle typar genitiv på nynorsk. Der står mellom anna:

Sin-genitiven høver ikkje alltid for genitivs-s i bokmål. Best går han ved reine eigeforhold, og dermed helst ved personar og institusjonar.
Det kan vere lett å overdrive bruken av sin, mellom anna fordi ein slik uttrykksmåte ikkje krev å endre ordstilling. Ein berre byter ut –s med sin. Så ikkje bruk dette mekanisk!
Om ein forandrar Stortingets behandling av ..
til Stortinget si behandling av ..
... så er det ikkje det slag betre!

Det eg og sikkert ein del andre reagerer på, er nett denne automatiske bruken av "sin" der det ikkje passar. Det må då gå an å finna alternativ som ikkje får folk til å frysa på ryggen? -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 18:54 (UTC)

Problemområde 1: FlaggEndra

Alle nasjonalflagg ligg for tida under "[Land] sitt flagg". Dette meiner eg er problematisk fordi flagget ikkje er eigedommen til, men eit symbol på landet.

Alternativ til denne utrykksforma kan vera:

  1. Flagget åt/til [land]
    • eller er det bare å vri om på problemet?
  2. Det [land]ske flagget
    • men det kan vera vanskeleg å finna adjektiv for land
    • det blir veldig mange "det"-artiklar, noko som kanskje er negativt
    • på den andre sida er det lettare å få eit likt namnesystem for flagg som står for nasjonar og dei som står for folkegrupper, t.d. det samiske flagget
  3. [Land]s flagg
    • lik namngjeving som på bokmål
    • men ser lite nynorsk ut for mange

-- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 18:54 (UTC)

Eg tillet meg å sitera Jorunn: Kan det heita «Noregs Mållag» kan det vel heita «Noregs flagg» også? Dette er ikkje dårleg nynorsk, og eg trur ikkje genitivsproblemet er størst for geografiske namn heller. Men eg synest likevel at t.d. «norsk» og «svensk» bør erstatta «Noregs» og «Sveriges» der det er mogleg, t.d. i norsk kultur, norske kongar, svensk økonomi, svenske kommunar osb. (Kanskje dårlege eksempel sidan fleire av dei er omdirigeringar, men...) Artikkelnamn som byrjar med «det» er vanskelege å finna i vrimmelen, så dei bør berre brukast for eigennamn, t.d. Det Akademiske Kvarter. --Eddi (Snakk) 11. okt. 2005 kl. 20:38 (UTC)

Noregs flagg, Sveriges flagg osv. er fullgod nynorsk, ja — og definitivt betre språkføring enn Noreg sitt flagg (som eg òg synest ser litt rar ut), flagget til Noreg eller flagget åt Noreg. Det norske flagget, det svenske flagget osv. er òg språkleg fullgodt. Problemet med alfabetisering av «Det» er ikkje så alvorleg, synest eg — men det er sjølvsagt litt ekstra arbeid å setja opp alfabetiseringa i kategorilenkjene. Beste helsing frå travle Olve 11. okt. 2005 kl. 21:32 (UTC)

Bolk flytta opp av Ranveig 13. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)


Når det gjeld Noregs flagg, kan eg ikkje skjøna at den skrivemåten på nokon måte bøter på dét Ranveig peikar på som problematisk med forma Noreg sitt flagg. Sjølv liker eg sistnemnde form best, men dette koker til sjuande og sist ned til «smak og behag». (Og Samane sitt flagg læt vel mykje betre enn Samanes flagg? Men vi kan jo gjera unntak for nasjonar utan eige statsnamn, og alltid nytta adjektiv i tittelen der.) Flagget til Noreg er sikkert akseptabelt for dei fleste, men med ein slik tittel vil artikkelen om flagget ikkje bli å finna på same alfabetiske plass som andre artiklar relatert til landet, men i staden under 'F'. Tilsvarande vil Det norske flagget hamna under 'D'.
Viss vi no skal leggja om flaggtittelpraksisen uansett, vil eg forresten gjerne ha inn «nasjonal-» i tittelen: Noregs nasjonalflagg / Noreg sitt nasjonalflagg / Nasjonalflagget til Noreg. Det finst nemleg fleire andre typar flagg òg.
--Verdlanco\ordskifte 11. okt. 2005 kl. 21:48 (UTC)
No skal me ikkje legga for stor vekt på alfabetiseringa -- dersom me har omdirigeringar frå Noregs, Noreg sitt osb. vil dei stå på lista over alle artiklane, og i kategoriar kan ein som Olve sa sortera som ein vil.
Eg synest heller ikkje så mykje om "Noregs flagg", og ville aldri sagt verken det eller "Noreg sitt", men synest kanskje det legg litt mindre vekt på denne tilhøyrslegreia. "Sitt" er ei heil staving, ein s er bare ein s... "Nasjonalflagg" er ei fin presisering, men det blir kanskje ein litt vel lang tittel? -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 22:39 (UTC)
Kva med å berre leggja artiklane under Noreg/Flagg, Tyskland/Flagg osb.? Har dét vore diskutert? Då unngår vi all genitiv for desse titlane, i det minste.
--Verdlanco\ordskifte 13. okt. 2005 kl. 07:05 (UTC)

Slutt på bolk flytta opp av Ranveig 13. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)


Eller Noregsflagget, Tysklandsflagget osb.? Det blir litt for lite elegant, synest eg -- som om me vrir og vender på oss for å tilpassa oss språket, og namna, og programvaren. Men det er faktisk me som bestemmer!
Me kan venta ein dag for å sjå om det er fleire synspunkt, så kan me ta ei oppsummering og prøva å finna det alternativet som færrast har noko imot. -- Ranveig 13. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)
Det var ein ny vri, men sikkert greit nok. :) --Eddi (Snakk) 13. okt. 2005 kl. 09:42 (UTC)
Googlesøking fortel meg at "Noregsflagget" ikkje blir brukt, medan "norskeflagget" blir, og det same blir "sameflagget". Kjapt og enkelt? Det får koma med i avstemmingslista. -- Ranveig 16. okt. 2005 kl. 14:46 (UTC)

StemmegjevingEndra

Eg har prøvd å samanfatta alle dei ulike alternativa. Vidare diskusjon er mogleg, til dømes kan det tenkast at me bør velja eit kombinert system.

Eg føreslår at me bruker fire ulike stemmetypar:

  • ++ for det ein liker godt
  • + for det som er greitt
  • - for det som er mindre greitt, men som ein kan godta
  • -- for noko ein absolutt ikkje liker.

Dersom dei fleste dømene er greit, men eitt av dei ikkje er det, noter det òg!

Resultatet vil visa til korleis flagg bør namngjevast i tittelen og i infoboksar. I artikkeltekstar står ein framleis fritt til å velja sin eigen favoritt. -- Ranveig

  1. [Land]/[Folkegruppe] sitt flagg. Døme: Noreg sitt flagg, Samane sitt flagg, Papua Ny-Guinea sitt flagg.
  2. [Land]/[Folkegruppe]s flagg. Døme: Noregs flagg, Samefolkets flagg Papua Ny-Guineas flagg.
  3. Det [adjektiv]e flagget. Døme: Det norske flagget, det samiske flagget, det papuanske flagget.
  4. Flagget åt [Land]/[Folkegruppe]. Døme: Flagget åt Noreg, Flagget åt samane, Flagget åt Papua Ny-Guinea.
  5. [Land]sflagget, [folkegruppe]flagget eller [adjektiv]eflagget (ut frå det som passar). Døme: Norskeflagget, Sameflagget, Papua Ny-Guineaflagget.
  6. [Land]/Flagg. Døme: Noreg/Flagg, Samar/Flagg, Papua Ny-Guinea/Flagg.

Til slutt: Bør artiklar om nasjonalflagg heita nasjonalflagg eller berre flagg?

Stemmer
Signatur Alt.1 Alt.2 Alt.3 Alt.4 Alt.5 Alt.6 [nasjonal]flagg?
Eddi + ++ - -- - + flagg
Olve -- + ++ - -- -- flagg
Hogne -- + ++ -- -- + flagg
Ranveig -- - ++ - ++ -- flagg
Verdlanco + -- ++ + - ++ båe er OK
Kristaga -- + ++ - -- -- begge er OK
Erlend + - ++ ++ -- -- begge er OK
Eirik ++ -- -- + -- + begge er OK
roarjo ++ -- ++ -- - -- flagg
Total -1 -3 11 -5 -11 -5 Flagg

Oppteljing: Kvart pluss- og minusteikn telde for ein pluss- eller minusstemme (slik at + = +1 og -- = -2). Me kunne òg teld opp kva flest likte godt og dårleg, men eg trur det ville gjeve same resultat, i alle fall på topp og botn. -- Ranveig 22. okt. 2005 kl. 09:48 (UTC)

Problemområde 2: RegjeringarEndra

Alle norske regjeringer ligg for tida under «[Statsminister] si regjering». Formuleringa ser klønete ut; det kan verka som om statsministeren eig regjeringa når han eigentleg bare leier henne. Alternativ kan vera:

  1. [Statsminister]-regjeringa, den andre [statsminister]-regjeringa
    • ein naturleg uttrykksmåte
    • men blir litt kronglete dersom ein har fleire regjeringer å halda styr på
  2. Regjeringa [statsminister], Regjeringa [statsminister] II
    • Ei slik formulering er mykje brukt i aviser og på offentlege sider

(i desse føreslaga rekner eg med at ein bare bruker etternamnet til statsministeren så lenge det ikkje finst fleire med same etternamnet)


Legg gjerne til fleire forslag, problemområde, og synspunkt. Det hadde vore fint å få til eit konsekvent tittelsystem som alle kan godta. -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 18:54 (UTC)

Der eg kjem ifrå, har ikkje garpegenitiven noko meir «eigedomsprega» innhald enn genitivs-s har på bokmål. «Ranveig sitt språk» eller «språket til Ranveig» er heilt ekvivalente former for meg. Ingen av dei tillegg Ranveig noko eksklusivt eigarskap over språket.
<Namn> si regjering er eit heilt vanleg omgrep i vestnorsk daglegtale. Eg synest likevel det er OK å byta det ut med eitt av dei to framlegga over (Regjeringa <Namn> eller <Namn>-regjeringa), ettersom dei formene truleg er dei mest utbreidde. :--Verdlanco\ordskifte 11. okt. 2005 kl. 21:48 (UTC)
Flott, dette er visst enklare å få til enn flaggstyret. Er det nokon som har noko imot Regjeringa <Etternamn>, Regjeringa <Fullt namn> ved fleire med same namn, og Regjeringa <Namn> II? Viss ikkje kan me gå i gang med flytting. -- Ranveig 13. okt. 2005 kl. 09:00 (UTC)
Ser ikkje ut som nokon har innvendingar.
--Verdlanco\ordskifte 30. okt. 2005 kl. 16:26 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Retningsliner for nynorsk målføring/arkiv for 2005 (-2008)».