Wilhelm Breder

norsk politikar

Paul Peter Wilhelm Breder (10. april 181615. januar 1890) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann, best kjend for sitt arbeid med jarnbaner.

Wilhelm Breder

Asta Nørregaard: Wilhelm Breder, 1879
Fødd10. april 1816
Fredrikshald
Død15. januar 1890 (73 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkejurist, politikar
BarnInga Breder
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1857–1858)
  • vararepresentant til Stortinget (1868–1870)
  • fylkesmann i Buskerud (1858–1882)
  • statsforvaltar i Nordland (1854–1858) Sjå dette på Wikidata

Breder var fødd i Fredrikshald, der faren var sokneprest. Sjølv vart han student frå Fredrikshalds skule i 1834 og cand.jur. i 1840. Deretter arbeidde han som fullmektig hos sorenskrivaren i Nedenes, sidan i same stilling hos byfuten i Christiania. Tida 1847-54 var han stiftoverrettsprokurator i hovudstaden. Han var amtmann i Nordland 1854-58 og Buskerud frå 1858 til 1882. Sidan 1882 og livet ut var han tollkasserer i Drammen.

Breder var tredje representant for Nordlands amt på Stortinget i 1857 og på omframtstortinget 1858. Han var medlem av Lagtinget og i 1857 av gasje- og pensjonskomiteen. Dessutan var han formann i komiteen om fengselslova. Seinare var Breder frå 1868 styreformann i Drammen-Randsfjordbanen og frå 1874 av fellesstyret for Vestbanen.

Han døydde i Drammen.

Kjelder

endre