Take This Hammer
«Take This Hammer» (Roud 4299, AFS 745B1) er ei folkevise frå USA. Songen er klassifisert som ein fengsels-, skogs- og jernbanearbeidssong, og har same Roud-tal som ein annan song, «Nine Pound Hammer», som han deler vers med. «Swannanoa Tunnel» og «Ashville Junction» er liknande songar. I lag vert desse songane kalla «hammarsongar eller «rullesongar» (etter ei gruppe trillebårarbeidssongar med liknande struktur, men utan at hammarar vert nemnde).[1] Mange bluegrassband og songarar som Scott McGill og Mississippi John Hurt har spelt inn kommersielle versjonar av songen, og nesten alle inneheld versa om den legendariske spikerhammaren John Henry.[2]
«Take This Hammer» Nine Pound Hammer | |
Publisert | Roud 4299, samla inn i 1915 av Newman Ivey White |
---|---|
Språk | engelsk |
Form | ABCC |
Bakgrunn
endreNesten hundre år etter slaveriet i USA vart avskaffa, vart fangar, hovudsakleg afroamerikanarar, leigde ut som arbeidarar i gruver, jernbaneleirar, teglverk, terpentingardar og som rallarar i Sørstatane.[3] Tvangsarbeid i lenkjer, på diker og store plantasjeliknande fengselsgardar heldt fram til langt inn på 1900-talet. Det var ikkje uvanleg for arbeidssongar som «Take this Hammer» og dei «flytande versa» å drive mellom jobbane i lag med reisande arbeidarar som song dei.[4] Element av både balladen om «John Henry» og «Take This Hammer» er frå seint på 1800-talet, truleg i 1870-åra.[5]
Tidlege versjonar
endreEin manuskriptvariant av «Take This Hammer» frå 1915 vart publisert av folkloristen av den engelske professoren Newman Ivey White:[6]
This old hammer killed John Henry,
But it can't kill me.
Take this hammer, take it to the Captain,
Tell him I'm gone, babe, tell him I'm gone.
I 1920-åra skreiv fleire folkloristar, som Dorothy Scarborough (1925) og Guy Johnson og Howard W. Odum (1926) ned versjonar av songen. Scarborough publiserte teksten i boka si On The Trail of Negro Folk-Songs (1925), og er den første versjonen som er publisert med tittelen «Nine-Pound Hammer», før dei første kommersielle innspelingane med det namnet.[7] Dette var den kvite «hillbilly» (som country då vart kalla) singelen til Al Hopkins and His Buckle Busters.[8] Hopkins sin «Nine Pound Hammer» hadde med refrenget «Roll on buddy / Don't you roll so slow. / How can I roll / When the wheels won't go?"[9] Dette var den første av mange hillbilly-innspelingar av songen. I 1928, før depresjonen avslutta platekarrieren hans, gav den afroamerikanske bluessongaren Mississippi John Hurt ut singelen «Spike Driver Blues» på Okeh records. Denne songen, med intrikat fingerplukka gitarakkompagnement, kombinerer somme element av balladen «John Henry». Han vart sidan spelt teken med i samlinga til Harry Smith frå 1952 kalla Anthology of American Folk Music. Norm Cohen kalla «Spike Driver Blues» «ein tekstmessig variant av «Nine-Pound Hammer» og «meir eit underhaldningsstykke enn ein faktisk arbeidssong, men dei har sine likskapar.».[10]
Feltinnspelingar
endreI 1933 spelte John A. Lomax og den då 18 år gamle sonen hans Alan inn musikk for Library of Congress. Dei tok opp Allen Prothro, ein fange i Chattanooga i Tennessee som song «Jumpin' Judy», med eit tema og vers som er like «Take This Hammer», inkludert referansen til «kapteinen» (t.d. den kvite fengselsvakta). Dei trykte ein lengre versjon av teksten i antologien American Ballads and Folk Songs (1934), og skreiv at han skulle framførast «ganske langsamt, med patos».[11]
Andre innspelingar etter 1940
endre«Take This Hammer» vart gjeve ut på singel av Lead Belly i 1940 og igjen i 1942. Lead Belly legg til ein «haah» på slutten av kvar linje,[12] og forklarer i introduksjonen av songen at «Kvar gong mennene seier 'haah', så fell hammaren. Hammaren ringer, og me svingar, og me syng».
Songen var samstundes populær hos countrysongarar. Merle Travis skreiv ein ny versjon av songen i 1946 kalla «Nine Pound Hammer is Too Heavy», som då handla om kolgruvearbeid og hadde stor innverknad innan folk og country.[13]
Innspelingar
endre- The Beatles på Get Back 'Camera B' Rolls vol 11 (innspelt 1969) (òg kalla on Thirty Days)
- The Beau Brummels som «Nine Pound Hammer» på deira LP Triangle
- Big Bill Broonzy på DVDen The Story of the Blues (2003)
- Brothers Four (Sing of Our Times; sidan gjeve ut som Starportrait)
- Johnny Cash på Blood, Sweat and Tears (1963) med tittelen «Tell Him I'm Gone»
- Sanford Clark, 1956 som «Nine Pound Hammer» (Dot 15534)
- Ken Colyer (1955, Decca Single F10631, b/w «Down By The Riverside»)
- Delmore Brothers som «Take It To The Captain» (King 718-B, 1948)
- Drafi Deutscher & His Magics, 1965 tysk versjon «Ich Will Frei Sein»
- Lonnie Donegan på Lonnie Rides Again (1959)
- The Felice Brothers på Tonight at the Arizona (2007)
- Foggy Mountain Boys (Flatt and Scruggs) på Folk Songs of our Land (1962)
- Frederic & The Rangers, German Beat Band (1966)
- The Greenbriar Boys på Ragged But Right! (1964)
- Hickory Flat on Long Dry Spell (2003)
- John Fahey på The Voice of The Turtle (1968) med tittelen «Nine-Pound Hammer»
- Jesse Fuller
- Mississippi John Hurt
- Clifford Jordan
- Junco Partners på ein singel i 1965
- Lead Belly (på ein singel frå 1942)
- John Lennon, Paul McCartney, Linda McCartney, Stevie Wonder på A Toot and a Snore in '74 1974 - piratkopi
- Long Chris & Les Cowden, 1964 fransk versjon «Le Train Qui Part Ce Soir» (Philips EP)
- Harry Manx på Road Ragas (2004) og Harry Manx & Friends Live at the Glenn Gould Studio (2008)
- Monroe Brothers som «Nine Pound Hammer is Too Heavy» (1936), òg på Feast Here Tonight (1975)
- MV&EE «Hammer» på Gettin Gone (2007)
- The New Christy Minstrels på Presenting and In Person (2003)
- Nitty Gritty Dirt Band med Merle Travis som «Nine Pound Hammer» på Will the Circle Be Unbroken
- Notting Hillbillies på Missing...Presumed Having a Good Time (1990) som «Railroad Worksong»
- Odetta på Odetta at the Gate of Horn (1957)
- Osborne Brothers på Voices in Bluegrass (c 1970)
- Our Gang (The Rattles and friends)
- John Prine (som «Nine Pound Hammer») på Sweet Revenge
- Ragged Men, German Beat Band, singel frå 1965 på PATRIA 8
- Seven Souldiers (sideprosjekt av Herbert Hildebrandt frå The Rattles, LP Traditional Soul på FASS 1486 WY
- The Shadows som «This Hammer»: B-side til singelen «Theme For Young Lovers» (1964)
- Sonny Terry & Brownie McGhee på Blues & Shouts (America records 6075)
- Sooner or Later, som «This Hammer»
- Spencer Davis Group som «The Hammer Song» på The Second Album (Feb '66)
- Mark Selby som «Nine Pound Hammer» på Nine Pound Hammer
- Ton Steine Scherben som «Nimm den Hammer» på Wenn die Nacht am tiefsten… (1975)
- Merle Travis
- Townes Van Zandt
- Jimmy Witherspoon på Live in London (innspelt 1966)
- Taj Mahal og Toumani Diabate på albumet Kulanjan
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Take This Hammer» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Til dømes, «Roll On, Johnny», høyrt i 1891 frå ein arbeidsleir i Lafayette County i Texas
- ↑ See Kip Lornell, liner notes to Virginia and the Piedmont, Minstrelsy, Work Songs, and Blues in the Blues Deep River of Song series, Rounder CD 1827-2 (2000).
- ↑ See Alex Lichtenstein, Twice The Work of Free Labor, The Political Economy of Convict Labor in the South (Verso, 1996).
- ↑ Lornell, Deep River of Song: Virginia and the Piedmont, CD liner notes.
- ↑ See Norm Cohen, Long Steel Rail, s. 535.
- ↑ See «This Old Hammer», pp. 59–62, in Newman Ivey White, American Negro Folk-Songs (Cambridge, Mass.: Harvard University Press, 1925).
- ↑ Cohen, Long Steel Rail, pp. 578.
- ↑ See Wayne Erbsen, Singing Rails: Railroadin' Songs, Jokes & Stories (Native Ground Music, 1997), pp. 32 & 51.[daud lenkje]
- ↑ Archie Green, Only a Miner: Studies in Recorded Coal-Mining Songs (University of Illinois Press, 1972), pp. 329–331.
- ↑ Cohen, Long Steel Rail, s. 535.
- ↑
Gonna take dis ol’ hammer,
Gonna take dis ol’ hammer,
Give it back to jumpin’ Judy,
An’ tell her I’m gone, suh, an’ tell her I’m gone.
Ef she asks you was I runnin’, 3x
You can tell I’s flyin’, you can tell I’s flyin’.
Tell her I crossed the Saint John's River (3x)
With my head hung down.Sjå John A. and Alan Lomax, American Ballads and Folk Songs (New York, Macmillan, 1934), pp. 82–84.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 18 - Blowin' in the Wind: Pop discovers folkemusikk. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Cohen, Long Steel Rail, s. 574.
Bakgrunnsstoff
endre- Columbia State University
- Bluegrass Messengers Arkivert 2008-01-26 ved Wayback Machine.
- Melodi og tekst
- Old Town School of Folk Music Arkivert 2008-02-05 ved Wayback Machine.