Will the Circle Be Unbroken: Volume Two

Will the Circle Be Unbroken: Volume Two
Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band
Utgjeve 1. mai 1989
Innspelt Desember 1988 og januar 1989
Studio Scruggs Studio i Nashville
Sjanger
Lengd 1:02:19
Selskap Universal
Produsent Randy Scruggs
Nitty Gritty Dirt Band
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi
Workin' Band
(1988)
Will the Circle Be Unbroken: Volume Two The Rest of the Dream
(1991)


Will the Circle Be Unbroken: Volume Two (eller Circle II) er eit studioalbum frå 1989 av Nitty Gritty Dirt Band. Albumet følgjer same konseptet som albumet deira Will the Circle Be Unbroken frå 1972, der fleire kjende countryartistar er gjesteartistar.

KomposisjonEndra

Circle II består stort sett av akustisk, bluegrass med ei besetning som mellom anna omfatta Johnny Cash, Rosanne Cash, Emmylou Harris, Michael Martin Murphey og Ricky Skaggs. Fleire musikarar som deltok på den første innspelinga i 1972 var òg med denne gongen med bluegrassmusikaren Jimmy Martin, banjoist Earl Scruggs, felespelaren Vassar Clements og songaren Roy Acuff, som no var blitt 86 år gammal.

«Mother» Maybelle Carter, som spelte på den første Circle-plata, døydde i 1978, men Randy Scruggs spelte på «Life's Railway to Heaven» med Gibson L5-gitaren hennar.

Andre artistar representerte rock, folk og pop, som Levon Helm frå The Band, John Denver, John Prine, John Hiatt og Bruce Hornsby.

Blant songane dei spelte var mellom andre Bob Dylan-songen «You Ain't Goin' Nowhere», sungen som ein duett av dei tidlegare The Byrds-medlemmane Roger McGuinn og Chris Hillman, som song i lag for første gongen på fleire år.

Andre studiomusikarar på albumet var mellom andre felespelaren Mark O'Connor, resonatorgitaristen Jerry Douglas, banjoisten Béla Fleck, gitaristen Chet Atkins og bassisten Roy Huskey jr., son av bassisten Junior Huskey, som spelte på det første Circle-albumet.[1]

Som på det første Circle-albumet inneheld plata klipp av studioprat.

I ein intro til songen «Riding Alone» snakka Emmylou Harris om tankane sine om den avslappa atmosfæren på innspelinga: «For mange år sidan opplevde eg å sitje i ei stove med masse folk og song og spelte, og det var som ei andelege oppleving, det var flott. Og eg bestemde meg for at det eg skulle gjere i livet var å spele musikk. Når ein lagar plater så trur eg me i løpet av åra alle har blitt litt for tekniske, litt for oppteken av at alt skal vere perfekt. Me har mista den stova. Stova har forsvunne ut av musikken, men i dag kjennest det som om me fekk ho tilbake.»

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusicikkje vurdert [2]

Will the Circle Be Unbroken: Volume Two selde til gullplate iUSA og Canada. Albumet nådde femteplassen på Billboard Top Country Album-lista, og 95. plassen på Billboard 200. Singlane frå albumet var John Denver sin «And So It Goes», «Turn of the Century», «When It's Gone» og «One Step Over the Line».

Albumet vann Grammyprisar i 1990 for beste bluegrass-song (for «The Valley Road» med Bruce Hornsby) og beste countrysong av ein duo eller gruppe med vokal. Det vart òg kåra til årets album av Country Music Association Awards. Ein dokumentarfilm, The Making of Will the Circle Be Unbroken II, kom ut på Cabin Fever Entertainment.

Circle II vart følgd opp i 2002 av Will the Circle Be Unbroken, Volume III, som kom ut i høve 30-årsjubileet til Will the Circle Be Unbroken.

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd


MedverkandeEndra

Nitty Gritty Dirt BandEndra

Studiomsikarar

SalslisterEndra

Liste (1989) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 5
U.S. Billboard 200 95
Canadian RPM Country Albums 3
Canadian RPM Top Albums 57

KjelderEndra

  1. The Nitty Gritty Dirt Band: Will the Circle Be Unbroken: Volume II booklet and liner notes.
  2. Allmusic review