Witheritt

Witheritt er eit kvitt eller gråkvitt mineral som består av bariumkarbonat, BaCO3. Det tilhøyrer aragonitt-gruppa. Det finst på ertsgangar, særleg i England. Det vert nytta til framstilling av andre bariumsambindingar og dessutan i glas- og keramikkindustrien.

Witheritt
Witherite-41069.jpg
Witheritt frå Cave-in-Rock (storleik: 4.9 x 3.7 x 3.2 cm)
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelBaCO3
Strunz-klassifisering05.AB.15
KrystallsymmetriOrtorombisk dipyramidal (2/m 2/m 2/m)
Einingscellea = 5.31 Å, b = 8.9 Å, c = 6.43 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeFargelaus, kvit, bleik grå, med mogelege tonar av bleik gul, bleik brun, eller bleik grøn
KrystallformStripete korte prismatiske krystallar, òg botryoidal til kuleforma, skiveforma trådaktig, korna, massive.
KrystallsystemOrtorombisk
Tvillingpå {110}, universal
Kløyvtydeleg på {010} dårleg på {110}, {012}
BrotUndermuslig
Mohs hardleiksskala3.0 - 3.5
Glansglasaktig, harpiksaktig på brot
StrekfargeKvit
TransparensDelvis gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt4.3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.529 nβ = 1.676 nγ = 1.677
Dobbeltbrytingδ = 0.148
2V-vinkelMålt: 16°, utrekna: 8°
Dispersjon (spreiing)Svak
Ultrafiolett fluorescensFluorescerande og fosforescerande, kort UV=blåkvit, lang UV=blåkvit
Kjelder[1][2][3]

Witheritt vart kalla opp etter William Withering (1741-1799), ein engelsk lege og naturforskar som i 1784 publiserte undersøkingane sine om det nye mineralet. Han kunne syne at baritt og det nye mineralet var to forskjellige mineral.[3][4]

KjelderEndra

  1. Witherite mindat.org
  2. Handbook of Mineralogi
  3. 3,0 3,1 Webmineral data
  4. Withering, William (1784). «Experiments and Observations on Terra Poderosa». Philosophical Transactions of the Royal Society of London 74: 293–311. 

BakgrunnsstoffEndra