World Gone Crazy av The Doobie Brothers

World Gone Crazy
Studioalbum av The Doobie Brothers
Språk engelsk
Utgjeve 28. september 2010
Innspelt 2007-2010
Sjanger Countryrock, southern rock
Lengd 55:21
Selskap HOR Records
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi 
The Very Best Of
(2007)
World Gone Crazy Southbound
(2014)


Singlar frå World Gone Crazy
  1. «Nobody»
    Utgjeve: 17. august 2010[1]

World Gone Crazy er det trettande studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, gjeve ut 28. september 2010. Det debuterte på 39. plassen på Billboard Top 200-lista, som var den høgaste plasseringa deira sidan 1989. Den første singelen frå albumet var ei nyinnspeling av debutsingelen deira frå 1971, «Nobody». Tom Johnston sa om albumet: «Dette albumet har vore påtenkt i fem år, men me byrja ikkje seriøst å setje det saman før tre år sidan.»[2]

Songane vart stort sett skrivne av gitaristane Pat Simmons og Tom Johnston. Sistnemnde skreiv tittelsporet og sa til Songfacts: «Delar av inspirasjonen til 'World Gone Crazy' er at verda har blitt noko sprø. Og mellom krigane me har hatt, mellom valden i gatene og i byane, er det folk gjer me kvarandre verda rundt ikkje noko som hadde skjedd for 20 år sidan.»[3]

Det var det første Doobie Brothers-albumet som vart produsert av Ted Templeman sidan Farewell Tour 27 år tidlegare. Templeman hadde produsert eller samprodusert alle Doobie Brothers-albuma opp til det. Det var òg det siste albumet deira med trommeslagaren Michael Hossack som døydde av kreft i 2012. Hossack vart erstatta av den tidlegare Brian Setzer-trommisen Tony Pia. Munnspelspelaren Norton Buffalo er med posthumt på «Don't Say Goodbye», der Michael McDonald er med på vokal.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«A Brighter Day»Tom JohnstonTom Johnston3:54
2.«Chateau»Patrick Simmons, Ted TemplemanPatrick Simmons4:18
3.«Nobody»JohnstonJohnston4:35
4.«World Gone Crazy»JohnstonJohnston5:10
5.«Far from Home»Simmons, TemplemanSimmons, John McFee3:45
6.«Young Man's Game»JohnstonJohnston5:32
7.«Don't Say Goodbye» (med Michael McDonald)Simmons, TemplemanSimmons4:53
8.«My Baby»JohnstonJohnston4:03
9.«Old Juarez»JohnstonJohnston3:47
10.«I Know We Won» (med Willie Nelson)Willie Nelson, SimmonsSimmons, Willie Nelson4:05
11.«Law Dogs»JohnstonJohnston3:10
12.«Little Prayer» (bonusspor)SimmonsSimmons2:57
13.«New York Dream» (bonusspor)JohnstonJohnston4:39
14.«Delta Devil Dog» (berre i Japan)McFee 0:45
15.«Lie To Me» (berre i Japan)Johnston 3.59
iTunes-utgåva[4]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Little Prayer»Simmons2:57
13.«New York Dream»Johnston4:39
14.«Black Water» (Konsertopptak frå Acoustic Café Big Sky)Simmons3:59
15.«Nobody» (Konsertopptak frå Acoustic Café Big Sky)Johnston5:04

Medverkande endre

The Doobie Brothers endre

Andre medverkande endre

Kjelder endre

  1. «New Doobie Brothers Digital Single». Doobie Brothers. Henta 7. november 2020. 
  2. «Doobie Brothers Bio». Doobiebrothers.net. Henta 7. november 2020. 
  3. «World Gone Crazy». Songfacts.com. Henta 7. november 2020. 
  4. «World Gone Crazy». iTunes. Henta 7. november 2020. 
  5. «World Gone Crazy Personnel». Allmusic. Henta 7. november 2020.